Meir nynorsk i departementa

Auken i nynorskbruken i departementa held fram, viser tal for målbruken i 1995. Etter at Kulturdepartementet intensiverte tilsyns- og opplysningsarbeidet sitt i 1993, er ein stadig større del av proposisjonane og meldingane til Stortinget skrivne på nynorsk. Nynorskprosenten kom i 1995 opp i 29, ein auke på 6 prosentpoeng frå året før. Nynorskbruken i pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, stillingsannonsar, kunngjeringar m.m. var på 23 prosent, mot 15 prosent året før.

– Dette viser at pådrivararbeidet vårt nyttar, seier statsråd Kleveland. Ho understrekar at måljamstellingsarbeidet først og fremst er eit spørsmål om vilje i departementsleiinga og om å etablere faste interne rutinar. Dette er eit klart leiaransvar, seier Kleveland.

I Utanriksdepartementet har auken i nynorskbruken vore særleg markert. UD hadde i fjor meir enn halvparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk. I Fiskeridepartementet var nynorskprosenten enda høgare, i overkant av 60 prosent. Det er ein monaleg auke også i fleire andre departement. Men enkelte etternølarar er det framleis, først og fremst gjeld det Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet.

Sjølv om framgangen for nynorsken dei siste åra har vore gledeleg, må han likevel vurderast mot bakgrunnen av at 25 prosent er eit minstekrav. Framleis står det difor ein del arbeid att å gjere i fleire av departementa. Kulturdepartementet vil no sjå nærare på kva slags interne rutinar dei ulike departementa har fastsett, og korleis desse fungerer, opplyser departementet i ei pressemelding.

Når det gjeld situasjonen for statsorgan under departementsnivå, viser vi til leiarartikkelen i dette nummeret av Språknytt.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.08.2004 | Oppdatert:11.12.2014