Nederland og Flandern – strid om hønseegg

AV LARS S. VIKØR

Det nederlandske språksamfunnet har vore heimsøkt av periodiske rettskrivingsstridar både i det førre hundreåret og i vårt, og no er dei i gang igjen. Ein kan passeleg kalle det «hønseegg-striden», for å halde seg på det kulinariske nivået danskane introduserte med «majonæse-krigen». Korfor hønseegg? Det kjem vi tilbake til. Først litt om historia:

Grunnlaget for den moderne nederlandske rettskrivinga vart lagt på 1800-talet, men den var langt på veg etymologisk basert og vart såleis snart åtaksmål for «ortofonistar». Ei større reform vart innført i skolen i Nederland i 1934, og gjennomført fullt ut i både Belgia og Nederland i 1947. Da vart det sett inn enkel vokal for dobbel i visse posisjonar (Nooren > Noren 'nordmenn'), og stavemåten sch i utlyd vart avskaffa der han var uttalt s (Noorsch > Noors 'norsk') o.l.

Dette vart etter kvart godteke i bruk, men førte ikkje til ro om rettskrivinga. Behandlinga av lånord og fremmendord stod enno igjen. I 1954 vart det kunngjort ei delreform som prøvde å gå ein mellomveg mellom tilpassing til nederlandsk skrivemåte og den opphavlege. Denne reforma var berre meint å vere mellombels, og gjennomførte på dei fleste punkt ikkje noko systematisk prinsipp (men på somme punkt vart det gjort: ph vart såleis erstatta med f overalt). Skrivemåten vart altså fastsett ord for ord, med mange valfrie former. Desse valfrie formene vart ikkje jamstilte; det vart skilt mellom ei voorkeurspelling («føretrekt rettskriving»), som skulle vere obligatorisk i offentleg teneste, og ei toegelaten spelling («tillaten rettskriving»), som kunne brukast av elevar og andre. Tilhøvet kan altså lett jamførast med hovudform-/sideformstrukturen i norsk rettskriving. Vi kan gi nokre døme på denne normeringa («tillatne former» i parentes): sigaret, publikatie (publicatie), colporteren (kolporteren), colporteur.

Dette skulle altså vere mellombels, men forsøk på å komme fram til eit meir konsekvent system bygd på ei vidare nasjonalisering førte ikkje fram, og 1954-reglane vart etter kvart oppfatta som permanente.

I 1980 vart det mellomstatlege (nederlandsk-belgiske) samarbeidsorganet De Nederlandse Taalunie ('Den nederlandske språkunionen') skipa, jf. artikkelen til Geirr Wiggen i Språknytt nr. 2–1994. Eitt av dei tiltaka dette organet sette i gang med, var ei rettskrivingsreform. Det førte til ein lang og innvikla prosess med fleire komitear, reformframlegg og debattrundar som vi ikkje kan gå inn på her. Det heile enda (førebels?) med ei kunngjering frå regjeringane i dei to landa (i mars 1994) om ei svært avgrensa reform, som likevel er møtt med protestar og motstand, både mot innhald og gjennomføringsmåte, og i skrivande stund ser det ut som at striden ikkje er over. Eg skal her til slutt kort skissere hovudpunkta i reforma, for å gi eit inntrykk av kva folk slæst om.

Da går vi først tilbake til hønseegget. Det er slik at samansetningar i nederlandsk skrift ofte får -n- i fuga, eigentleg ei gammal genitivsending, men i moderne nederlandsk mest assosiert med fleirtal, sidan substantiv normalt endar på -en i fleirtal. Nord for riksgrensa er -en i trykklette endingar og samansetningsfuger ofte stum, og følgjeleg er det vanskeleg for folk å vite når -n-en skal skrivast. Dette har ført til debattar om det t.d. skal skrivast bessesap 'bærsaft' når det gjeld safta i eit enkelt bær (bes), bessensap om saft laga av (fleire) bær (bessen). Ut frå same kriterium har «hønseegg» vore skrive kippeëi, fordi egget (ei) kjem frå ei høne (kip).

Den nye regelen går ut på at ein alltid skal skrive -n- når førsteleddet er eit substantiv som har obligatorisk -en i fleirtal. Altså kippenei, fordi kip berre kan heite kippen i fleirtal. Like eins bessensap, av same grunn. Elles ingen -n-: rodekool 'raudkål', zonneschijn 'solskin' osv. Denne hovudregelen blir så nyansert med unntak i enkeltord der normeringa vil kjennast urimeleg. Sidan uttalen ikkje gir nokon leietråd, er det lite truleg at folk flest vil kunne skilje lettare no enn tidlegare.

Kippenei er altså blitt symbolet på den nye rettskrivinga. Når det gjeld fremmendorda, så bestemte ministrane at «de voorkeursspelling» heretter skal vere obligatorisk. Men inkonsekvensar er blitt jamna ut, slik at der det før heitte kosmos og kopie, men microcosmos og fotocopie, skal det no heite microkosmos og fotokopie. Dessutan er det blitt ei viss utjamning av same lyd i same omgivnader: Det skal heite publicatie på grunn av indicatie og locatie, og der det før heitte object, dialect og respect, men insekt og produkt, skal det no heite insect og product.

Hovudproblemet blir likevel neppe løyst på den måten. Mens tysk og skandinavisk har gjennomført ei systematisk nasjonalisering av romanske og greske lånord med c, qu, x, th osv. (om enn litt ulikt frå språk til språk), har nederlandsk berre starta opp ein slik prosess og så stansa på halvvegen. Resultatet er at ingen kan vite kva som er «rett» stavemåte av slike ord, utan å slå opp i ordboka. Sjølv om det no er slått offisielt fast at det berre finst éin rett skrivemåte av kvart ord, så vil nok den utbreidde vaklinga i praktisk språkbruk halde fram.

(Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter