Språkvitskap og bibelomsetjing

Det finst i dag 6628 språk i verda etter den siste oversikta frå databasen til Sommarinstituttet i lingvistikk (SIL). Tala frå denne databasen vert utgjevne i det kjende oppslagsverket «The Ethnologue» om lag annakvart år.

AV ØYVIND ØKLAND

SIL er ein internasjonal akademisk organisasjon som har som mål å omsetje Bibelen og bibeldelar til nye språk. Med til dette arbeidet høyrer mellom anna nedskriving av språket, innsamling av eventyr, segner, legender og liknande, produksjon av bøker og leseopplæring. Systerorganisasjonen Wycliffe Bibelomsetjarar står for rekruttering til og informasjon om arbeidet. Begge organisasjonane vart grunnlagde av amerikanaren William Cameron Townsend i 1941.

Biblar til analfabetar

Townsend reiste til Guatemala i 1917 som ung og idealistisk misjonær for å selja spanske biblar. Det vart etter kvart eit tankekors for han at svært mange indianarstammer ikkje kunne spansk eller til og med var analfabetar. Dette gav han visjonen om at alle burde kunna lesa Bibelen på sitt eige morsmål, og derfor byrja han å læra indianarspråket cackchiquel. Utan lingvistisk bakgrunn slo han seg ned i ein landsby og plukka opp språket litt etter litt ved hjelp av naturmetoden. Etter 13 år var Det nye testamentet ferdig omsett til dette språket. For å kunna vidareføra det han hadde lært, starta han kurs i lingvistikk og språklæringsmetodar, og dessutan oppmuntra han folk til å ta ei lingvistisk utdanning ved eit universitet. Ein av dei første og mest kjende som gjorde dette, var lingvisten Dr. Kenneth L. Pike. Han fullførte eit nytestamente til mixtek- språket i Mexico i 1951. Sidan den gongen har SIL vore med på 1400 språkprosjekt og omsett 400 nytestamente.

Å gje alle språk sin eigen bibel er eit svært ambisiøst mål når ein veit at Bibelen no finst berre på 281 av desse over 6000 språka og Det nye testamentet på 710 andre. Sidan mange av dei som talar desse 6000 språka, er tospråklege, har ikkje alle trong for si eiga bibelomsetjing. Ein reknar med at dette talet utgjer mellom 1000 og 2000 språk.

Språk eller dialekt?

Talet på språk i verda aukar for kvar utgjeving av «The Ethnologue». I 1984 var det samla talet 5445. Gjennom språkundersøkingar og anna forsking får ein stadig meir informasjon. Ein «oppdagar» sjeldan nye språk, men det som tidlegare vart rekna som dialektar, vert no mange gonger rekna som sjølvstendige språk.

Grensa mellom dialekt og språk vil alltid vera vanskeleg å setja. «The Ethnologue» seier at «Språkvariantar som ikkje er så forskjellige at dei treng eigen litteratur, vert rekna som dialektar ..., dersom ikkje haldningar eller andre sosiale faktorar er så sterke at dei treng å verta handsama som eigne sosiolingvistiske einingar.» Men for mange av desse språka manglar ein informasjon til å avgjera spørsmålet heilt sikkert, og ein må derfor trekkja konklusjonar ut frå den kunnskapen ein har.

Samarbeid

Samarbeid med regjeringar, universitet og kyrkjesamfunn er heilt sentralt i arbeidet til SIL. På Papua Ny-Guinea har regjeringa sagt at dei ønskjer morsmålsopplæring på alle dei 860 språka som finst blant dei 4 millionane! Med ei slik målsetjing seier det seg sjølv at ein er glad for hjelp utanfrå.

Omsetjingsvanskar

I Noreg går diskusjonen ofte høgt om val av omsetjingsprinsipp i bibelomsetjing. Frå den lange røynsla Wycliffe/SIL har med omsetjing til stammespråk ser ein at den kulturelle faktoren i omsetjinga lyt takast på alvor, slik at ein får fram meininga i den greske grunnteksten.

«Hjørnestein»?

I sabaot-omsetjinga i Kenya fekk ein vanskar med å omsetja at Jesus var ein «hjørnestein», fordi det gav lita meining i deira kultur. Då Jesus samanlikna seg med hjørnesteinen, visste Israelsfolket at han meinte at han var den steinen som held huset saman. For sabaot-folket, som byggjer sine hus av greiner og leire, gjev ikkje «hjørnestein» noka meining. Derfor vart hjørnesteinen til midtstolpen. På den måten kunne dei lett forstå at Jesus er den sentrale i bygningen, den som får huset til å stå trass i vind og regn, og gjev styrke til alle dei andre greinene i bygningen.

«Kvit som snø»?

Det norske ekteparet Ingjerd og Sigmund Evensen er dei første frå Noreg som har fullført ei omsetjing til eit nytt språk for SIL, nemleg umanakaina-språket, som vert nytta av 2000 menneske i høgfjella på Papua Ny-Guinea. 15 år har dei brukt. Der det står «kvit som snø» i den greske teksten, måtte ein skriva om til «kvit som ei kakadue» i umanakaina-bibelen. Ei kvit kakadue skil seg nemleg klart ut frå den grøne vegetasjonen elles, og var derfor eit bilde som kunne nyttast til å overføra den opphavlege meininga.

«Synd»?

Det som sjølvsagt er svært vanskeleg, er å omsetja abstrakte omgrep som «tilgjeving», «synd» og «nåde» til språk som har få eller ingen slike abstrakte ord. Umanakaina-folket har til dømes ikkje noko som svarar til vår skuldkjensle. Dersom det skjer noko gale, er det alltid utanforliggjande faktorar som er forklaringa. Dette speglar også språket av. Når dei til dømes snåvar i ein stein, seier dei: «Steinen snubla meg» – eller «Greina stanga meg» dersom dei stangar hovudet i ei grein. For å finna uttrykk i desse språka som speglar av meininga i den greske grunnteksten, er ein nøydd til å kjenna kulturen svært godt, slik at ein til slutt finn eit ord, ein frase eller kanskje ei heil setning som kan kommunisera den opphavlege meininga.

Moderne teknologi

I USA har SIL no utvikla ein datareiskap som gjer lingvistar og bibelomsetjarar i stand til å driva effektive språkundersøkingar, analysar og omsetjingar ute i felten.

No kan ein ta med alt referansematerialet som trengst for ei omsetjing, når ein dreg ut i ein avsidesliggjande landsby. Ein CD-ROM kan innehalda eit heilt bibliotek med felthandbøker i lingvistikk, sosiolingvistikk og antropologi.

Databaserte tilpassingar vert brukte når eit språk eller ein dialekt er nærskyld eit anna språk som alt har si omsetjing. Ein brukte til dømes nærare 20 år på å omsetja Det nye testamentet for kanite-folket på Papua Ny-Guinea. Etter at det var fullført, bestemte folk med nabospråket inoke at dei også ville ha si omsetjing. Ved hjelp av eit dataprogram kunne dei gjera om kanite-teksten til eit råutkast på inoke. Utkastet vart så revidert og finpussa og var ferdig etter kort tid.

Analysering av tonespråk kan vera ekstremt vanskeleg, men no har eit SIL-team utvikla eit dataprogram som gjer omsetjaren i stand til å sjå talen grafisk framstelt på skjermen. Dette er no i bruk i mange land.

Dessutan er det no mogleg å skriva alle skrifttypar i verda på datamaskin. Ein skriv inn ordet fonetisk, og det kjem ut i den skrifttypen ein vil ha.

Ris og ros

Meir enn 95 % av arbeidet til SIL går føre seg blant urbefolkningsgrupper, og organisasjonen har fått både ris og ros for verksemda si. Mange har meint at ein ved å gå inn i kulturar på denne måten har vore med og brote dei ned og vestleggjort dei. Andre har meint det motsette, at ein ved å gje folkegrupper sitt eige skriftspråk og læra dei å lesa det, har gjeve dei ei fornya tru på sin eigen kulturelle identitet, og gjort dei i stand til å hevda sine rettar i høve til storsamfunnet.

– SIL si oppgåve som leseopplæringsambassadørar er verd mykje ros, uttalte Perez de Cuellar, den tidlegare generalsekretæren i SN, ved eit høve. – Ved å gjera uskrivne språk til skriftspråk, spesielt mellom stammefolk langt unna bysentrum, er de med på å ta vare på kulturar og byggjer bruer for desse kulturane til resten av verda, hevda de Cuellar.

Språkvariasjon

Det som er sikkert, er at språkvitskapen veit meir om språkvariasjonen i verda enn han har gjort tidlegare. Det er også sikkert at ingen språk er for vanskelege å læra, det er berre snakk om motivasjon og vilje til å setja seg godt inn i dei, slik at ein kan formidla tankar til dei som bruker språket, og ikkje minst kan få del i verdiar som dei har tileigna seg ned gjennom generasjonane.

Sommarinstituttet i lingvistikk gjev ut desse tidsskrifta

Notes on Linguistics
Notes on Translation
Notes on Computing
Notes on Literacy
Notes on Anthropology

Adressa til kontoret i Noreg

Wycliffe Bibeloversettere
Fagerlibakken 1
3046 Drammen

 

-- Øyvind Økland er cand.philol. og leiar av Wycliffe Bibelomsetjarar/Noreg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2003 | Oppdatert:01.07.2015