Lystgard og jungel

AV KJELL VENÅS

Dei to substantiva i overskrifta svarar til to karakteristikkar av språk som finst i tittelen på ei ny svensk bok: Språkets lustgård och djungel. Ho er skriven av professor Margareta Westman, som gjennom mange år har vore dagleg leiar av Svenska språknämnden.

Forfattaren seier altså at språket er ein «lustgård». Etter den største svenske ordboka er det ordet ei poetisk nemning for ein prydhage eller park, og det blir dessutan brukt om ein gard eller landstad som nokon eig «för sitt nöjes skuld». Den same ordboka fortel at «djungel» står for «mark yppigt bevuxen med träd ... nästan ogenomtränglig för människor, men tilhåll för vilda djur, särskildt tigrar». Den fengjande boktittelen seier med andre ord at å stelle med språk er som å vandre gjennom ein vakker hage, og på same tid som vandringa er utfordrande og spennande, er ho heller ikkje ufarleg. Det kan lure tigrar i bysket.

Om tittelen er målande og poetisk, så er språket Margareta Westman fører, også ofte det. Dessutan er det enkelt, beintfram, friskt og verknadsfullt. Dette er ei bok om språk skriven av eit fagmenneske, men i ei framstelling som vender seg til folk flest. Her er ingen langdregne, lærde (og keisame?) utgreiingar, endå det ikkje skortar på lærdom og fagkunnskap. Det er ei bok som syner kor skifterikt og mangslunge språket er – ein nordisk lystgard og jungel, med issoleier i staden for orkidear, og i staden for tigeren er det visst ein varg som hyler mot himmelen, truleg mot ættbroren Store Bjørn.

Margareta Westman fer både vidt og breitt. Ho opnar med eit kapittel om korleis det byrja, det vil seia korleis språket kan ha vorte til som menneskeleg livsovring. Det kan vera forvitneleg å få vita noko om kva tankar lærde folk har hatt om det, endå ingen har vorte så lærde at dei har løyst sjølve gåta. Frå dette allmennspråklege utgangspunktet kjem vi i neste omgang til nordisk språk, fyrst med spørsmålet «norska eller svenska?». Vi les om bakgrunnen for at folk på grensa mot Noreg, med lokale talemål som knyter seg nært til ymse norske dialektar, blir sosialiserte og nasjonaliserte som svenskar gjennom oppskulinga med det svenske riksspråket. Biletet blir utvida med innslag av nordisk språkhistorie, dialektgeografi og med særkunnskap om korleis eit nasjonalspråk har vorte til. Det blir ført vidare med spørsmålet om engelsken no vil ta over, eit spørsmål som er like aktuelt for svensk som for norsk. Kapitlet om den engelskspråklege påverknaden fortel mykje om vilkår for ymist språkliv i dag, men noko svar på spørsmålet gjev ikkje forfattaren. Eit lite kapittel med døme på dagsaktuelle og nye tilskot til samansetjingslekken -bo syner instruktivt korleis språket stadig tøyer seg etter det som trengst til kvar tid.

I boka er det vidare kapittel om korleis språket er oppbygt og verkar, og korleis det varierer. Det gjeld tale, der språket stig fram som dialekt og sosiolekt, og det gjeld skrift, med sakprosa av ymse slag og med skjønnlitteratur. Sakprosaen tek med tekster som går frå svenske grunnlover over ymse fagspråk til veggoppslag om «Utgang Nød». Det Margareta Westman skriv om skjønnlitteratur i vid meining, er kan hende det beste i boka. Tids- og innhaldsspennet går frå rune- og bibeltekster til barneramser og munnar ut i ei rikhaldig, spennande og åskodeleg framstelling av korleis ymse former av litterært språk er og verkar. Det siste er illustrert med slåande døme frå heilt ny svensk litteratur i tekster av mange slag: poetiske, ironiske, patetiske – og mykje meir. Ein fin sans for diktarlege verkemiddel og eit vidt oversyn og innsyn i samtidslitteraturen ligg under. Rikdommen i kapitlet er ikkje overraskande for den som veit at Margareta Westman sjølv er noko av ein diktar. Kapitlet om dei mange språka i litteraturen endar med den viktige konklusjonen at «Svenskan är inte fattig».

Boka er om språk allment og om svensk språk, i mange fasettar og frå mange synsstader. Endå om ho fyrst og fremst vender seg til dei som talar og skriv svensk, inneheld ho mykje som kan vera aktuelt og interessant også for dei som er mest opptekne av norsk. Ho vart skriven etter opptak av Norstedts Förlag og har kome i eit fyrsteopplag på mange tusen som bokklubbsutgjeving.

  • Margareta Westman: Språkets lustgård och djungel.
    Nordstedts Förlag, Stockholm 1995.
    ISBN 91-1-935522-X.
    239 sider. Ca. kr 300,–

 

-- Kjell Venås er professor ved Avdeling for nordiske språk, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter