Språkprisen til Kåre Lunden

AV JON GREPSTAD

– Han har teke eit oppgjer med det han kallar farisearspråket, det tunge, oppstylta, snobbete språket, som tilslører meir enn det avklarar. Sjølv seier han at det er «ei trøyst å vite at same tanken kan formast like presist på bondespråket». Han er ein formidlar i beste meining, ein folkeopplysar, og trør meir enn gjerne ut i minefelt – og blir der. Språk, stil, formidlarevne og fagleg tyngd gjer han til noko så sjeldsynt som ein folkeleg intellektuell, sa Tove Bull ved utdelinga av Norsk språkpris 1995.

Språkprisen gjekk til professor Kåre Lunden. Til grunn for utdelinga låg bøkene Norsk grålysing og Biletet av fortida, men også dei mange og allsidige avis- og tidskriftartiklane som har kome frå Lunden dei siste åra. Kåre Lunden, som til dagleg er professor i historie ved Universitetet i Oslo, var foreslegen frå to hald, av journalist Eva Braathen Dahr, medlem i Språkrådet, og av Universitetet i Tromsø.

Klar, presis og engasjerande

I grunngjevinga peika språkpriskomiteen på at Kåre Lunden er ein allsidig skribent med ein stor produksjon i form av bøker og artiklar i tidsskrift og aviser. Han er ein forfattar i vekst, som har vist klar framgang i forfattarskapen, både språkleg og stilistisk. Han skriv ledig, utan å vere slavisk bunden av formelle krav til språket, han engasjerer og er engasjert, og han er ein av dei få akademikarane i landet som når langt ut over sitt eige fagmiljø. Ein av hans beste eigenskapar er at han gjer premissane for det han framfører, klare før han argumenterer. Dermed er det lett å vere både samd og usamd og lett å følgje med når tanken flyg vidare. Markant er mannen også, og vi skal ikkje sjå bort frå at vi oppdagar det takk vere hans medvitne språklege val, skriv komiteen mellom anna.

Ho Nikoline i Botna

– Eg har stundom fått spørsmål om det er nokon eg har lært spesielt av når det gjeld språket, sa Kåre Lunden i takketalen. Da har eg alltid svara: ho Nikoline i Botna. Ho var grannekona vår heime i Naustdal, og kom ofte bort til oss for å snakke med bestemor. Når eg sit og ikkje veit korleis eg skal få sagt eit eller anna, då tenkjer eg på korleis ho Nikoline i Botna ville ha sagt det.

Det ligg eit språkprogram i dette. Vi fekk ofte høyre at dei som hadde skapt språket, var dei store litteratane, dei store genia. Eg var skeptisk den gongen, og i dag er eg sikrare enn nokon gong på at dei verkeleg store forfattarane er dei som har høyrt etter korleis folk flest snakkar, sa Kåre Lunden, da han takka for diplom og kr 50 000.

I godt selskap

Kåre Lunden er i godt selskap. Prisen er tidlegare gjeven til Lars Roar Langslet (1992), Berge Furre (1993) og Sissel Benneche Osvold (1994).

Det er språkpriskomiteen som innstiller, styret i Språkrådet som tek avgjerda. Språkpriskomiteen denne gongen hadde desse medlemmene: Åshild Nordstrand, leiar, Pelle Christensen, Egil Børre Johnsen og Asgeir Olden. I år var det sju kandidatar til prisen. Rett til å kome med framlegg til kandidatar har noverande og tidlegare medlemmer og varamedlemmer i Språkrådet, dei institusjonane som oppnemner medlemmer til Språkrådet, og sekretariatet i Språkrådet.

 

-- Jon Grepstad er informasjonskonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2004 | Oppdatert:01.07.2015