Språk i Norden 1994

AV ÅSTA NORHEIM

I Språk i Norden 1994, årsskriftet for Nordisk språksekretariat og dei nordiske språknemndene, handlar dei fleste artiklane om morsmålsundervisninga i skolen.

Lars Anders Kulbrandstad drøftar statusen for norskfaget – "den viktigaste kulturoppgåva i landet vårt". Tor G. Hultman spør i sin artikkel om nye kursplanar i den svenske skolen verkeleg styrer utviklinga i eit fag eller berre stadfestar endringar som alt har skjedd. Sven-Erik Hansén, som representerer finlandssvensk, tek opp spørsmålet om læreplanen kan ta vare på dei spesielle behova ein minoritet har, og Anneli Räikkälä skriv om grammatikkdelen av finskundervisninga.

Kristian Kjærs artikkel handlar om ein rapport han har laga for Nordisk språksekretariat om metodikken i grannespråksundervisninga i grunnskolen. Vidare er det med eit debattinnlegg av Henrik Hagemann der han hevdar at ein skal sløyfe grannespråksundervisninga som språkundervisning i skolen og heller dra inn grannelandskultur i vid meining i alle høvelege emne på alle nivå. I artikkelen "Pressespråk som utputt og innputt" skriv Thore Roksvold om korleis pressespråket både speglar av og formar språkutviklinga. Jørn Lund tek for seg skiftande haldningar til morsmålsundervisninga i Danmark gjennom tidene, og Heimir Pálsson skriv om stoda for morsmålet i den islandske skolen.

Dag Gundersen har meldt bøkene Svenska i dag av Bertil Molde og Reuters rutor av Mikael Reuter. Bøkene inneheld eit utval av språkspaltene forfattarane har hatt i respektive Svenska Dagbladet og Hufvudstadsbladet.

Som vanleg inneheld Språk i Norden korte presentasjonar av ny språklitteratur og oversyn over nye ordbøker og ordlister – nyttig stoff for dei som er interesserte i språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter