Mållovsarbeidet skal styrkjast

AV JON GREPSTAD

Over 300 statsorgan blir no bedne om å gjere greie for korleis dei praktiserer reglane om bruk av nynorsk og bokmål i offentleg teneste. Det er Norsk språkråd som står for arbeidet, etter at Språkrådet i 1994 fekk overført informasjons- og tilsynsoppgåver i samband med mållova frå Kulturdepartementet.

Språkrådet skal etter den nye ordninga mellom anna informere om mållovsreglane, gje råd om rutinar for måljamstellingsarbeidet i dei enkelte statsorgana, svare på spørsmål om regelverket, utarbeide statistikk om målbruken og følgje opp brot på lova. Kulturdepartementet har framleis ansvaret for tolkings- og klagesaker og skal framleis føre tilsyn med målbruken i departementa.

Overføringa av informasjons- og tilsynsoppgåver til Språkrådet heng mellom anna saman med merknadene frå kyrkje- og undervisningskomiteen i den mållovsmeldinga som vart behandla av Stortinget hausten 1992 (Innst. S. nr. 17 (1992–93)). Fleirtalet sa mellom anna:

«[...] Fleirtalet er einig med departementet i at informasjon og haldningsskapande tiltak må vere dei viktigaste verkemidla saman med rettleiing og praktiske råd. Fleirtalet vil likevel slå fast at det må stillast same krav til oppfølging av mållova som til lover elles.»

Fleirtalet peika deretter på at departementet sin kontrollfunksjon måtte styrkjast.

Lov om målbruk i offentleg teneste krev at alle skjema skal vere tilgjengelege både på nynorsk og bokmål. Lova krev vidare at privatpersonar, private bedrifter og organisasjonar skal ha svar på den målforma dei har brukt i skrivet til statsorganet. Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. frå statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal veksle mellom bokmål og nynorsk slik at ingen av dei to målformene er representerte med mindre enn 25 pst. Kvart statsorgan har også ansvar for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Opplysningane som no blir innsamla av Språkrådet, skal danne grunnlag for betre tilsyn med at statsinstitusjonar følgjer mållova. I brevet frå Språkrådet blir institusjonane bedne om å utarbeide planar for nødvendig opplæring i 1995. Det vil også bli sett i gang tiltak for betre rutinar for språkleg likestilling i institusjonar der dette viser seg nødvendig. Språkrådet sitt arbeid er i første omgang konsentert om såkalla «sentrale statsorgan», dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins. Seinare vil ein også sjå systematisk på målbruken i dei regionale og lokale statsorgana.

Tal frå Kulturdepartementet viser at i første halvår 1994 var 25 pst. av stortingsmeldingar og proposisjonar frå departementa på nynorsk. Dette er ein klar auke frå dei to siste åra. Det er likevel store skilnader departementa imellom. Det er venta at det også vil vere monaleg variasjon i det talmaterialet som no er innhenta av Norsk språkråd frå andre statsorgan.

 

-- Jon Grepstad er informasjonskonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter