Kvifor et språket bringebærsyltetøy?

AV TORDIS FOSSE

Helene Uris Anna på fredag presenterer seg som roman i undertittelen og har samtidig eit faglig emne. Boka knyter seg uttrykkelig til Sofies verden av Jostein Gaarder (frå 1991, med undertittelen Roman om filosofiens historie) ved at eg-personen, Bjørn-Oskar, har lesi ei bok om ei Sofie som får mystiske brev. Bjørn-Oskar tek da også imot merkelige meldingar.

Anna er barnevakta som skal passe veslesyster til Bjørn-Oskar kvar fredag. Det blir etter kvart mye uforklarlig med henne. Dertil omgir ho seg med merkverdige personar. Hovudspenninga i boka ligg i undringa rundt og oppklaringa av kven ho eigentlig er. Lærdomen om språk og språkvitskap kjem fram dels ved hjelp av eit «språkelse» (ein inkarnasjon av språket, kunne ein seia) og dels gjennom samtaler om språk.

Indirekte blir det påstått ein heil del om språk i valet av figuren som skal vera det personifiserte språket. Figuren er Anna, som ser «klok og snill og ganske kjedelig ut og nokså sjenert». Språk framstår altså i fyrste omgang og på mange måtar som lite spennande. Anna-figuren har ikkje spesielt suggestiv kraft, og dei eigenskapane ved henne som blir nemnde, er lite eigna til å skape undring rundt språk. Språket i skildringa av Anna og i heile boka er dessutan ikkje særlig mangfaldig, spennande eller lyrisk.

At språket er magisk, blir likevel ein viktig påstand i boka: Det blir lova på omslagsbaksida, det kjem fram ved at Bjørn-Oskar blir vikla inn i ei interesse for samværet med Anna, og det viser seg handgripelig ved at Anna har magiske evner. Ho kan få figurar til å dukke opp av ingenting. Desse figurane er nær knytte til Anna og slik også ein del av «språkelset». Den fyrste som dukkar opp, er ein viking som demonstrerer skilnaden på gammalnorsk og vår tids norsk. Bjørn-Oskar spring rett i magen på Ivar Aasen og får deretter ei samtale med han på slutten av kapitlet om språkhistoria og nynorsken. Kapitlet om lånord og fremmendord begynner med at ein gammal romar, Augustus, og den oldtidsgreske Elena er på besøk. Elles bruker Anna sine magiske evner til å få veslesystera til å vekse fort opp (og minke att) for at Bjørn-Oskar skal få innblikk i barnespråkutvikling.

Den direkte lærdomen om språk kjem fram gjennom samtalene. Anna, som er lingvistikk-student, er den som kan og greier ut, og Bjørn-Oskar er den som tek imot og spør. Språket informerer altså om seg sjølv (og studerer seg sjølv?). Emne for emne blir tatt opp og gjennomgått etter som kapitla skrid fram: gammalnorsk, fonetikk, morfologi, tale og skrift, slektskap mellom språk, dialektar, bakgrunnen for bokmål og nynorsk, lånord og fremmendord, språkfunksjonar, samanheng mellom ord og ting, barnespråk, mottakartilpassing, språket og hjernen, dyr og språk og enda meir. Innhaldet i samtalene og måten samtalene går for seg på, formidlar språkkunnskap og syn på språk. Akseptering og undring er gjennomgåande. Samtalene spring ut av dei mystiske situasjonane og dagligdagse språkhendingar rundt eller mellom dei to. Når Bjørn-Oskar har skrivi «veteboller» i ein skolediktat, fører det til ei samtale om ulike prinsipp for overføring frå tale til skrift. Eller katten mjauar, Bjørn-Oskar lurer på om «snakking er like naturlig for oss som mjauing for katter», og det blir starten på kapitlet «En dings i hjernen».

Samtalene fyller mye av boka. Det er popularisert språkkunnskap med artige eksempel. Men samtalene er ikkje særlig tett knytte til hovudspenninga i boka; slik blir spenningstråden mesteparten av tida usynlig. Sedd på som roman blir boka temmelig stilleståande. Sedd på som lærebok i språk blir det ei bok med fantasifullt innpakka og godt tilrettelagd lærdom. Men sparsemda på underfullt språk går ut over både romanen og språkboka.

  • Helene Uri: Anna på fredag.En ungdomsroman om språk og språkvitenskap. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1995. Kr 189.

 

Tordis Fosse er høgskolelektor i norsk ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskolen i Oslo

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter