«Vandaler ødela svensk bibelskatt»

Vandaler ødela svensk bibelskatt

STOCKHOLM: To menn vandaliserte onsdag den berømte «Sølvbibelen» i universitetsbiblioteket i Uppsala. Mennene brukte en slegge til å slå i styrkker glassmonteren der Bibelen lå, og rev ut flere sider av boken. Mens de løp ut av biblioteket, sprøytet de tåregass mot personale som forsøkte å gripe inn. Det så ikke ut til at de hadde vært i besittelse av andre våpen enn sleggen og tåregassen, sa en talsmann for politiet i Uppsala.

Uppsala-politiet satte inn 30 mann for å forsøke å få tak i gjerningsmennene. Etterforskerne kunne onsdag ettermiddag ikke si noe om motivet for kuppet mot «Sølvbibelen», som betraktes som en av Sveriges nasjonalskatter. (NTB-TT)

Overskrifta har me teki frå meldinga i Vårt Land for 6.4. i år.

Vandalar veit me diverre alle kva er for noko, men ikkje alle veit kvifor vandalar heiter «vandalar». Opphavet finn me i året 455 etter Kristus. Då plyndra den austgermanske stamma vandalane Roma, og etter den hendinga har ordet vandal fått den tydinga som folk flest no kjenner. Kvar kom så desse vandalane frå? Somme forskarar meiner at dei opphavleg høyrde heime i Vendsyssel, eit område nord for Limfjorden på Jylland.

Vandalane har òg sett eit anna tydeleg språkleg merke etter seg i Europa. Før dei bokstaveleg tala vandaliserte Roma, hadde dei skipa eit rike i Spania. Namnet på riket vart ikkje uventa Vandalusia. Etter den tid har den fyrste lyden i namnet kvorvi, og det me sit att med i dag, er den velkjende spanske provinsen Andalucía. I 429 grunnla dei eit rike i Nord-Afrika, og åtaket mot Roma i 455 kom derifrå. Dette riket fall i 534, og etter det er vandalane ute or soga.

Avismeldinga seier ikkje noko om kva for eit mål Sølvbibelen er på. Men om lesekunnige vandalar hadde funni denne bibelen då dei plyndra Roma, så hadde dei ganske sikkert kunna skjøna han. Han er ikkje skriven på vandalsk, for det einaste me kjenner til av det målet, er om lag halvthundre namn i antikke kjelder. Sølvbibelen er nemleg skriven på gotisk, og gotarane var ei anna av dei austgermanske stammene som herja rundt i Europa i folkevandringstida. Jamvel om det berre er små restar att av vandalmålet, kan forskarane slå fast at vandalsk og gotisk var nærskylde mål.

Kvar kom gotarane ifrå?

Det er ikkje heilt visst kvar gotarane kom frå, men den gotiske sogeskrivaren Jordanes skriv i eit verk på latin frå midten av 500-talet at dei kom frå Skandinavia, nett slik som vandalane, og det finst fleire forskarar i vår tid som stør det synet. Det er freistande å nemna Gotland og Gautland (no Götaland) i Sverige i denne samanhengen.

Nett den bibelen som vandalane i Uppsala gjorde hærverk på, kunne dei opphavlege vandalane likevel ikkje ha funni då dei gjekk til åtak på Roma i 455, for ekspertane meiner at han er skriven i Nord-Italia ein gong tidleg på 500-talet. Det høver godt med at gotarane hadde makta i Italia under kong Teodorik den store frå 493 til 526 og fram til 554. Men sjølve omsetjinga av Bibelen til gotisk vart gjord i eit gotisk rike i det noverande Romania ein gong på 300-talet av biskop Wulfila (ca. 311 – ca. 383). Wulfila laga òg eit eige alfabet for gotisken, og omsetjinga hans er den fyrste bibelomsetjinga til noko folkemål i Europa.

Om ikkje Sølvbibelen, eller Codex Argenteus, «Sølvhandskriftet», som han òg vert nemnd, hadde vorti berga til vår tid, hadde me visst svært lite om målet til gotarane, for omfram åtte sider av ein bibelkommentar finst det svært lite andre gotiske tekstar att. Sølvbibelen er skriven på purpurraudt pergament med sølv- og gullfarga bokstavar. Namnet har han fått på grunn av sølvbokstavane og det mykje yngre sølvomslaget som han er bunden inn i.

Det er inga heil bibelomsetjing me har, berre delar av dei fire evangelia og Paulus-breva, og eit lite stykke frå Det gamle testamentet, i alt 187 sider. Så få skriftminnesmerke sit me altså att med av målet til eit av dei aller viktigaste folkeslaga i Europa i tidleg mellomalder. Årsaka til at det vestromerske riket fall, var nemleg stendige åtak frå austgermanske stammer under hærførarar som gotaren Alarik og vandalen Geiserik. Den som i 476 avsette den siste vestromerske keisaren, var Odovakar. Han var av skirarane, eit austgermansk folkeslag som me veit lite om.

Gammalgermanske ord i spansk og italiensk

Gotarane hadde eit rike i Sør-Frankrike og større delen av Spania frå midten av 400-talet og fram til 711, då det bukka under for muslimske inntrengjarar. Ein meiner likevel at det gotiske målet i Spania heldt seg til eit stykke utpå 900- talet. Gotarane og andre germanske folk har sett far etter seg i spansk. Somme forskarar meiner at namnet på provinsen Katalonia kjem av Gothalaunia. Provinsnamnet Burgos er fleirtal av burgo, som i eldre spansk tydde «borg» eller «by». Det er like germansk som -borg i Sarpsborg, som tyder nett det same.

Vanlege ord som albergo «herberge», fresco «frisk», rico «rik», robar «røva», yelmo «hjelm» er opphavleg germanske. Men dei tydelegaste spora av den germanske målarven finn ein kan henda i personnamna. Mange av dei vanlegaste spanske namna: Alfonso, Alvaro, Elvira, Federico, Fernando, Gonzalo og Rodrigo har opphavet sitt i germanske fornmål.

I Italia døydde gotarmålet ut tidlegare enn i Spania, truleg alt først på 600-talet. Det er færre gotiske lånord i italiensk enn i spansk av di gotarane ikkje hadde makta så lenge i Italia, og somme av dei er dei same som dei me har nemnt frå spansk. Døme på det siste er albergo «herberge» og elmo «hjelm». Elles kan me nemna banda «bande» og guardia «verjar».

I Aust-Europa var gotisken etla eit mykje lengre liv enn i Vest-Europa. Det veit me av di ein belgisk diplomat, Busbecq, skreiv ned knapt 100 ord på ein gotisk dialekt frå Krim under ei vitjing i Konstantinopel i 1562. Då russarane hærtok Krim på slutten av 1700-talet, fanst det truleg framleis folk som tala såkalla krimgotisk der, og eit bispedømme Gotia same staden vart avskipa så seint som i 1786.

Dei ulike germanske målgreinene

Dei germanske måla er skifte i tre språkgreiner: den nordgermanske med svensk, dansk, norsk, færøysk og islandsk, den vestgermanske med tysk, nederlandsk, frisisk og engelsk og den austgermanske med gotisk og vandalsk, burgundisk, gepidisk, skirisk og herulisk. Om dei fem siste veit me heller lite.

Gotisk er altså kjent frå 300-talet med ein fullverdig tekst. Det me har av vitnemål om andre germanske mål frå så gammal tid, er berre nokre få, stutte urnordiske runeinnskrifter, så Codex Argenteus er ei uvurderleg kjelde for kjennskapen til gammalgermanske mål. Gotisk har likskapar med både dei vestgermanske måla og dei nordgermanske, men ligg nærmast dei siste. Likevel er det ikkje slik at ein som kan norrønt, kan lesa gotisk utan vidare.

Ikkje uventa er gotisken eit gammalvori mål, og me kan til dømes finna former som er svært like eller identiske med dei formene som ekspertane meiner at språksteget før norrønt, altså urnordisk, har hatt, eller endå eldre former. Her nemner me at gotisk, til liks med til dømes latin, held på indoeuropeisk lang e, medan dei andre germanske språkgreinene har lang a: latin mensis og gotisk menoþs, men gammalhøgtysk manod, norrønt mánaðr, som alle tyder «månad». Gotiske former som handus og domjan merkjer seg ut ved at dei held på dei opphavlege rotvokalane (i norrønt vart dei endra) og på trykklette stavingar, som har falli bort i til dømes norrønt, der det difor heiter hond og døma.

Døme på bøying av det sterke verbet «by» og det linne verbet «døma» på gotisk og norrønt:

biudan – bauþ – budum – budans
bjóða – bauð – buðum – boðinn

domjan – domida – domidedum – domiþs
døma – dømda – dømdum – dømdr

Døme på gotisk tekst i transkripsjon. Frå Juleevangeliet (Lukas 2):

4 ur-rann þan jah Iosef us Galeilaia, us baurg Nazaraiþ in Iudaian, in baurg Daweidis sei haitada Beþlahaim, duþe ei was us garda fadreinais Daweidis 5 anameljan miþ Mariin sei in fragiftim was imma qeins, wisandein inkilþon. 6 warþ þan, miþþanei þo wesun jainar, us-fullnodedun dagos du bairan izai. 7 jah gabar sunu seinana þana frumabaur, jah biwand ina, jah galagida ina in uz-etin, unte ni was im rumis in stada þamma.

Vi har prenta med feit skrift dei formene som det skulle vera mogeleg å kjenna att heilt eller delvis frå moderne norsk (t.d. dagos = dagar, miþþanei = medan, rumis = rom, ur- = or, warþ = vart), engelsk (t.d. bairan = to bear, rann = ran, was = was) eller tysk (t.d. ina = ihn, imma = ihm, gabar = gebar, us, uz- = aus). (Bindestrekane er berre sette inn her for å gjera det lettare å finna att kjende ord og ordelement.)

Det er etter måten få ord me ikkje kan finna noko kjent att i. Det er fyrst og fremst somme pronomen (im (dativ pl.) = dei, izai (dativ sg.) = henne, sei (nom. sg) = (ho) som, þo (nominativ pl.) = dei, adverb (jainar = der, þan = då), konjunksjonar (duþe ei = av di, jah = og(så), unte = for) og preposisjonar (du = til), og dessutan adjektivet inkilþon, som tyder «gravid».

Dei som har hug til å freista å finna fleire samband mellom mål dei kjenner, og gotisk, får denne norske omsetjinga å stø seg på:

4 Josef og for frå Galilea, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judea, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem – for han høyrde til Davids hus og ætt – 5 og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med han; ho gjekk då med barn, 6 og medan dei var der, bar det so til at tidi hennar kom, 7 og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte han og la han i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i hærbyrget. (Omsetjing av 1938)

Gotisk som ikkje er ekte gotisk

Det gotiske målet er det ikkje mange som kan, men mange veit kva gotisk byggjestil og gotisk skrift er for noko. Men korkje stilen eller skrifta har beinveges noko med gotarane å gjera. Det som ligg attom desse nemningane, er at mange i mellomalderen tykte at gotarane var nokre fæle vandalar og barbarar, og av di den nye byggjestilen vart rekna som barbarisk, fekk han merkelappen «gotisk». Ein ny skrivestil som kom opp på 1100-talet, vart like lite vørdt som den nye arkitekturen og fekk nemninga «gotisk», den òg. Seinare har andre skrifttypar teki over dette namnet, og det er ein slik gotisk skrifttype Aftenposten framleis nyttar i namnet sitt på fyrstesida.

Dei danske kongane kalla seg mellom anna «de Goters og Venders Konge» heilt fram til Frederik 9. døydde i 1972. Men det er ikkje tale om verkelege gotarar her heller, for kong Valdemar Atterdag tok tittelen Rex Gotorum (Konge over gotlendingane) etter at han hadde hærteki Gotland i 1361.

 

-- Svein Nestor er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.12.2003 | Oppdatert:01.07.2015