Ny ordbok mellom nederlandsk og norsk

AV LARS S. VIKØR

D. Lulofs: Noors-Nederlands Nederlands-Noors. BoekWerk, Groningen 1993

 

Nordmenn og nederlendingar som har vore interesserte i kvarandres språk, har til no hatt lite av ordbøker å hjelpe seg med. Det har rett nok sidan femtiåra funnest ei lommeordbok som gjekk begge vegar, men som i praksis ikkje rakk særleg langt – heller ikkje etter at ho vart utvida og gitt ut på Kunnskapsforlaget i 1981. Derfor er det eit stort framsteg at det i 1993 kom ut ei ny tovegs norsk-nederlandsk ordbok – redigert av nederlendingen D. Lulofs og produsert og utgitt i Nederland. Her har vi eit tilfelle av at det største språksamfunnet ser ut til å interessere seg meir for det minste enn omvendt. Det er ikkje det einaste teiknet: Det finst ei lærebok i norsk på nederlandsk, men ikkje omvendt!

Ordboka til Lulofs er eit framsteg på ulike måtar. For det første er det heilt nødvendig med nye og oppdaterte ordbøker med jamne mellomrom. Lulofs si ordbok er dessutan langt større enn forgjengarane sine. Det er først og fremst fordi forgjengarane berre omfattar bokmål på den norske sida, mens Lulofs har inkludert både bokmål og nynorsk. På den måten har han laga eit pionerverk.

Lulofs har og funne plass til ei innleiing med uttalereglar og grammatiske skisser. Da vender han seg til begge aktuelle brukarkategoriar og beskriv nederlandsk på norsk og omvendt. Positivt – fordi det er så sjeldsynt – er det at han bruker nynorsk som redaksjonsspråk i den norske delen. Men den primære målgruppa hans er nok nederlendingar, for forordet og dei praktiske opplysningane står berre på nederlandsk. (Men på innbretten i smussomslaget har han ei teikn- og forkortingsliste med både nederlandsk og norsk forklaring.)

I sjølve ordboka og i formoppstillinga i innleiinga bruker han + for å markere bokmål og * for nynorsk. Samformer merker han ikkje spesielt ut. Mens dei eldre ordbøkene berre førte opp konservative bokmålsformer og såleis usynleggjorde alle andre variantar av norsk, bruker Lulofs i prinsippet heile spekteret av rettskrivinga. Han markerer ikkje sideformer særskilt. Der det er formvalfriheit, viser han frå særformer til samformer, såleis frå bokmål hv- til kv-. Ikkje-offisielle riksmålsformer fører han opp med tilvising til dei offisielle formene. Til ein viss grad går han nok for langt i «samnorsk» retning: Han baserer seg heilt på trekjønnssystemet, også i bokmål, men nemner i innleiinga at hokjønnsformer i bokmål også ofte får hankjønnsbøying. Han burde nok ha understreka dette sterkare og gitt døme på ord som typisk blir bøygd som hankjønn eller felleskjønn, og ord som typisk får hokjønnsform. Han burde òg ha fått fram at nynorsk har ein infinitiv på -a.

Ordutvalet er altså rikare enn i dei tidlegare ordbøkene. Lulofs tek også ofte med uttrykk og ordsamband, noko det var dårleg med i forgjengaren. Trass i dei svakheitene eg har nemnt, og sikkert fleire for den som fingranskar ho, er Lulofs si ordbok eit stort framsteg, og i alle fall den beste som no finst mellom nederlandsk og norsk. Den kan absolutt anbefalast, sjølv om den som treng ei ordbok på eit avansert nivå, framleis må bruke engelsk eller tysk som «mellomspråk» eller gå til dei store einspråklege ordbøkene. Boka har eit pent smussomslag i raudt, kvitt og blått, flaggfargane i begge landa, men: tittelen er ulikt formulert på omslaget, ryggen og på tittelsida. Det gjer det vanskeleg å vite korleis ein skal referere til ho.

 

-- Lars S. Vikør er professor ved Avdeling for leksikografi ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter