Tarjei Vesaas – ein språkfornyar

I år er det 90 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, Vinje-diktaren som kom til å verta eit viktig førebilete for nynorsk skrivekunst. I det høvet gjev Det Norske Samlaget ut samla verk av forfattaren – bortsett frå skodespela.

AV AUD SØYLAND

33 verk samla i 14 band kjem no og i 1988. Eg har lese gjennom originalutgåvene for å retta trykkfeil. Derfor sit eg no med 33 lister som syner kva former Vesaas brukte i dei ulike bøkene. Materialet fortel ikkje lite om kor godt Vesaas følgde med i språkutviklinga, og kor medvite han arbeidde for å modernisera nynorsken.

Her bruker eg særleg fire bøker for å illustrera korleis språket til Tarjei Vesaas endra seg: Menneskebonn (fyrste boka; 1923), Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938), Kimen (1940) og Isslottet (1963). Eg bruker årstala når eg viser til ei av desse bøkene.

I desse fire bøkene ser vi tydelegast korleis Vesaas la vinn på å følgja med i gjeldande rettskriving. Men mindre endringar kan ein finna frå bok til bok gjennom heile forfattarskapen.

I 1923 følgjer Vesaas mykje godt 1917-rettskrivinga. Det syner skrivemåtar som fyrr, um, so, millom, yver, kann, rjupe, og bøyingsformer som gledelegt, klædi (fl), vitjingi. Men Vesaas har eit sterkt innslag av dialektformer i den fyrste boka (1917-formene i parentes): rutur (rutor/ruter), dynni (døri/døra), tjønn (tjørn), hendar (hender), strakst (straks), bruni (brui/brua), bån (barn). Ein del former er frå før 1917 – altså slik Vesaas lærte nynorsk i skulen: gamall (gamal), negta (nekta), snaud (snau), byrse (børse), rædd (redd). Dessutan har han ein del personlege skrivemåtar, som ikkje samsvarer med rettskrivinga, anten før eller etter 1917. Nokre døme: altid (alltid), anlit/anlet (andlet), desutan (dessutan), kjøleg (kjølig) og fleire.

Stort sett held Vesaas seg til formene frå fyrste boka i det han skriv i 1920-åra. Dialektformene og dei personlege skrivemåtane av einskildord vert nok færre, og formverket vert støare – truleg fordi Vesaas etter kvart finn den utvida nynorskrettskrivinga han kjenner som si. I Fars reise frå 1930 har han framleis mange av dei personlege skrivemåtane som er nemnde ovanfor, men han har gått over til den normaliserte forma kronor i staden for krunur, som han hadde tidlegare. Supinum av sterke verb heiter no til dømes vunne, medan det i fyrste boka vakla mellom vunne og vunni. Konsonantstammar går no stort sett som hender, mot tidlegare hendar.

Men i 1938 tek Vesaas til å endra meir på språket sitt. No bruker han før og først, sjølv om dei tidlegare formene fyrr og fyrst stundom snik seg inn. Han skriv born i staden for bonn, og gamal i staden for det tidlegare gamall. Det ein likevel legg mest merke til, er at han no bruker -s i st-verb, altså finnas, fins, fans, funnes. Desse formene vart tillatne i 1917. Vesaas bruker dei i denne boka og truleg i Kvinner ropar heim (som i alle høve har desse formene også i normalisert 60-talsutgåve). Men han gjekk seinare attende til former med -st.

Tarjei Vesaas var med i ei nemnd som arbeidde med 1938-rettskrivinga. Halldis Moren Vesaas fortel om det i boka I Midtbøs bakkar: «Etter den [rettskrivinga av 1938] skulle blant anna hokjønns-i-en ut av nynorsk. Det syntest eg var i stridaste laget, meinte at det gjekk da ikkje an å forby denne i-en som så mange skrivande nynorsk folk brukte. Tarjei sa: 'den i-en skulle ha vore forboden for lenge sidan!'» (Typen soli vart sideform i 1938.)

l 1940 la Vesaas heilt om til 1938-normalen. No skriv Vesaas til dømes før, om, så, mellom, kan, rype, over. Og han har gått over til den substantivbøyinga som hadde vore tillaten sidan 1917, men som no vart hovudform: løna i staden for løni, visene i staden for visane. Frå no av gjennomfører han -i i supinum av sterke verb: vori, broti. I 1938 vart det hovudform.

Alt i alt har Vesaas ei nokså konsekvent rettskriving i 40- og 50-åra. Men i 1963 ser me på ny eit klart språkleg skilje frå boka som kom i 1961, Brannen. Grunnen var den nye læreboknormalen (og rettskrivinga) som kom i 1959. Vesaas heldt seg sjølvsagt aldri innanfor læreboknormalen, anten no eller tidlegare, men han var innstilt på å ta i bruk mykje av det som kom med læreboknormalen av 1959. Guri Vesaas har fortalt at faren gjerne ville skriva moderne nynorsk, og at ho hjelpte han med å innføra ein del av dei «nye» formene i nyutgåver av bøkene hans, mellom anna i Noveller i samling (1964).

I 1963 bruker Vesaas former som tynn (tidlegare støtt tunn), særs og særleg (før ser-), skole (før skule), og han har teke opp den nye bøyinga av e-verb: styrte for tidlegare styrde.

I Bruene (1966) og Båten om kvelden (1968) gjekk han endå lenger: Han skreiv no ønske for tidlegare ynske, følgje for tidlegare fylgje, gammal for tidlegare gamal, vennleg for tidlegare ven-, og preteritum flytte for tidlegare flutte. Den siste prosaboka til Vesaas, som han gav ut då han var 71 år gammal, følgjer såleis nyare skrivemåtar på mange punkt. Og det må ein seia er godt gjort av ein forfattar som hadde vore produktiv gjennom alle dei språklege omveltingane frå 1920-åra til 1960-åra. Her må me ikkje gløyma at Tarjei Vesaas hadde ein streng og dyktig språkkonsulent i huset: Halldis Moren Vesaas.

Eg nemnde at Vesaas brukte ein god del dialektord og -former i den fyrste boka. Sjølv om det vart mindre dialektpreg på bøkene hans etter som åra gjekk, var det nokre dialektord han heldt fast ved gjennom heile forfattarskapen. Det er til dømes annen (som er sideform i rettskrivinga no), denna/detta, noken, samen. Han skriv heile tida former som stoge, tjønn, svole, døde (preteritum av døy), og somme substantiv har eit anna kjønn enn i normalnynorsk: ein gru, ein lukt, ei song.

Vesaas bruker frå fyrste boka kløyvd infinitiv i samsvar med talemålet sitt. Det vil seia at ja-verb – bortsett frå seia og teia – får -je i staden for -ja, slik ordlista fører dei opp. I det heile bruker han mykje dei formene innanfor rettskrivinga som ligg opp til talemålet hans, bortsett frå nokre av endringane han gjorde i 60-åra.

Eit anna særtrekk som går att gjennom heile forfattarskapen, er at Vesaas unngår skrivemåten -gje og -kje i mange verb som har hatt det i tradisjonell nynorsk. Alt i fyrste boka finn ein skrivemåten kveike (infinitiv). Guri Vesaas seier at det er litt underleg sidan han hadde formene med palatal i sitt eige talemål. Grunnen var visstnok at han tykte det vart stygt med j-en i ein del ord i skrift. Verb på -ggja kunne skrivast utan -j- frå 1938, ein del fleire frå 1959.

Setningsbygnaden til Vesaas er heile tida enkel og setningane stutte. I førkrigstida skriv han nok likevel noko meir omstendeleg enn seinare – på den måten at han fullskriv setningane med subjekt og verbal. Frå og med Kimen tek han i bruk ein knappare stil, som han har utvikla fullt ut i Isslottet til dømes. Kvar utskild eining kan no ofte innehalda berre eitt eller to ord.

Når ein ser på det store spranget hjå Vesaas frå 1917-rettskriving og til dels eldre former til moderne nynorsk i 60-åra, er det ikkje tvil om at Vesaas fornya seg språkleg. Han var òg ein språkleg fornyar på den måten at han var eit førebilete for andre nynorskbrukarar. Det må ha vore viktig for mange nynorskelevar at ein av dei store nynorskforfattarane tok opp nye skrivemåtar i tider då det var stor strid om nynorsk rettskriving. Samtidig viste Tarjei Vesaas at det går an å velja dialektnære former innanfor nynorskrettskrivinga, og såleis gje målet ein personleg klang, sjølv om det er normalisert.

 

-- Aud Søyland har tidlegare vore konsulent i sekretariatet i Norsk språkråd. No arbeider ho frilans som språkkonsulent.

(Språknyttt 4/1987)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015