Språkvariantar og språkleg prestisje

Språk forandrar seg. Iallfall gjorde dei det før i tida; det ser vi lett om vi samanliknar eldre og nyare tekstar. Men også i våre dagar skjer det nyskaping i språket, både når det gjeld lydverk, bøyingsverk og setningsbygnad.

AV KÅRE SKADBERG

Ikkje alle likar at det skjer språklege endringar. I talemål kan det til nød godtakast – særleg viss det gjeld dialektar ein stiller seg likegyldig til. Men standardisert tale- og skriftmål vil mange halde som noko fast og uforanderleg i tilværet og vil motarbeide nyutvikling av alle krefter.

Likevel er det ei tvillaus sanning at dersom eit nytt språkdrag (dvs. ein «språkfeil») blir brukt lenge nok i tale av mange nok, vil det til slutt trengje seg inn i skriftspråket og vil måtte reknast som korrekt. Til dømes er det vel no berre dei mest forfina stilistar (i eigne auge) som reagerer negativt på uttrykk av typen: Han kler ikkje den hatten, og vil tvihalde på at det er hatten som ikkje kler han.

Normeringsorgan plar vere tilbakehaldne og konservative når det gjeld å godta nyutvikling i språket. Slik er det òg i hovudsak med Norsk språkråd. Til dømes vedtok rådet i fjor å ikkje akseptere uttrykksmåten Dei er nært knytte til kvarandre. Språkrådet tilrår nær i slike samanhengar. Derimot vedtok rådet å oppheve skiljet mellom tidsadverba enda og enno, som så mange har bala med i skulen.

Brøyt og skøyt

Verba bryte, fyke og skyte heiter i fortid braut, fauk og skaut – ikkje berre i nynorsk, men òg i bokmål. I bokmål er desse formene mest ikkje brukte. Bokmålsfolk held seg til dei jamstelte formene brøt, føk og skjøt. Her har normgivaren – i dette tilfellet Stortinget – freista å gå føre i språkutviklinga ved å tilby ei form som ein den gongen (i 1938) vona kunne bli eineform i framtidsnorsken. Men tilbodet vart ikkje motteke. Formene mangla talemålsgrunnlag i hovudstadområdet og smaka for mykje av nynorsk. I dag står dei i ordlistene berre til pynt. Eit stortingsvedtak var ikkje nok til å gi dei status.

Desse verba (og andre av same typen) har også ei tredje fortidsform, nemleg brøyt, føyk og skøyt. Dette er former som er relativt nye, og som er på rask frammarsj i norsk talespråk. Dei dominerer i alle norske bymål (med unnatak av Bergen og Østfoldbyane, som har ø), og finst i ein god del bygdemål langs kysten sør og aust i landet. I skrift – men berre i bokmål – ser ein stadig oftare formene med øy, ikkje minst på sportssidene i avisene. I ordlistene er det derimot nyttelaust å leite etter dei.

Korleis stiller normeringsorgane seg til desse formene? Har Norsk språkråd sovna heilt og ikkje følgt med i språkutviklinga, sidan øy-formene ikkje er tillatne i skrift? Nei, Språkrådet følgjer vake med, og er godt klar over den kraftige framgangen desse formene har. For om lag fem år sidan vart det drøfta i fagnemnda i Norsk språkråd om øy-formene skulle få sleppe til i rettskrivinga. Det fekk dei ikkje.

Det kan vere interessant å sjå på grunngivinga. Frå nynorskhald vart formene avviste av di dei er mest utbreidde i bokmålsstrøk og blant bokmålsbrukarar. I bokmålsdelen av fagnemnda vart det understreka at dette var dialektformer, og at dei derfor ikkje var heilt stovereine. Det hadde likevel vorte fleirtal for formene i bokmål dersom dei også hadde vorte godtekne i nynorsk. Sidan formene vart avviste i nynorsk, leid dei altså same lagnaden i bokmål. Har bokmålsfolk enda ein gong grunn til å takke nynorskfolk for hjelpa?

(Språknytt 2/1993)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter