Samisk og norsk i skolen fram til dette hundreåret

Da vårt hundreår tok til, var striden om språket i skolen og kyrkja i Finnmark kring to hundre år gammal. Thomas von Westen og den danskfødde biskopen Peder Krog stod for kvar sitt syn i språkspørsmålet da misjonsarbeidet tok til først på 1700-talet.

AV L. LIND MELØY

Biskop Krog meinte at «Finnerne [samane] ere meget begjærlige efter det norske Sprog», mens Thomas von Westen hevda at undervisninga måtte vera på samisk, dersom kristen oppseding skulle ha framgang.

Kong Fredrik 5. støtta arbeidet til Missionskollegiet under leiing av Thomas von Westen, som vart skipa i København i 1714. Usemja om språket skapte tvillaust problem for misjonsarbeidet.

I byrjinga hadde Thomas von Westen medvind. Det vart skipa private og offentlege institusjonar som skulle utdanna lærarar og prestar til misjonsverksemda.

Da Thomas von Westen døydde i 1727, vart det eit forfall i misjonsarbeidet og eit omslag i språkpolitikken. Dei institusjonane som var skipa for å læra opp misjonærar, vart snart nedlagde, og dei misjonærane som alt var i arbeid, fekk ordre om at sameborna skulle få opplæringa si på norsk. Ein slik språkpolitikk var dømd til å mislykkast.

Det kom eit omslag i 1752 då riksstyret vedtok å skipe Seminarium Lapponicum «for derudi at dressere nogle duelige Subjecter, der i Tiden kunde bruges til Lærere for Lapperne i Finmarken og Nordlandene, og behandle dem i deres eget Sprog».

Drivkrafta bak den nye samepolitikken var Knud Leem, som var professor i samisk. Han hadde støtte for sitt syn hos biskop Gunnerus, som var ein av skiparane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og ein varm talsmann for samane.

Vinglinga i språkpolitikken var ikkje slutt med dette. Da Leem og Gunnerus var borte, kom omslaget ved at Seminarium Lapponicum vart avskipa i 1774.

I åra fram til 1814 er meldingane om resultatet av språkpolitikken svært skiftande. Sanninga er nok at det fanst både vellykka og mislykka fornorsking, men samisk var framleis hjartespråket til samane, og berre med det som hjelpemiddel kunne den kristne bodskapen nå fram.

Pendelen svinga på ny og no med god hjelp frå Peter Deinboll og Nils Vibe Stockfleth. Deinboll har hovudansvaret for at det vart skipa til ei lærarutdanning med plass for opplæring i samisk, og Stockfleth må få æra for det meste som vart laga av bøker på samisk.

Hardare fornorskingspolitikk

Etter at Stockfleth døydde i 1866, svinga språkpolitikken att. Mannen bak ein hardare fornorskingspolitkk var prost Aars, seinare stortingsmann frå Finnmark. Han fekk fleirtal i Stortinget for eit framlegg som førde bort frå samisk som opplæringsmål og til meir og meir bruk av norsk i undervisninga.

Ut gjennom den siste halvdelen av 1800-talet verka skolelover og instruksar i same lei. Ein grunnleggjande instruks av 1898, tufta på ein frå 1880, vart ikkje oppheva før skolelova av 10. april 1959, som fastset at «samisk kan nyttes som opplæringsmål i skolen etter avgjørelse av departementet».

I instruksen av 1898 heiter det:
«Skolens undervisning foregaar i det norske sprog. Det lappiske eller kvænske sprog bruges kun som hjælpemiddel til at forklare, hvad der er uforstaaeligt for børnene.
Ved benyttelse av lærebøger med dobbelt sprogtekst har læreren nøie at overholde denne regel; han bør derfor stadig holde børnene til at bruge den norske tekst og først da, naar denne er uforstaaelig for dem, ty til den lappiske eller kvænske.»

Instruksen inneheld dessutan sterke påbod tillæraren om å vera ein norsk kulturberar. Mange såg på instruksen som språktvang. Leiande folk i Den norske Finnemisjon, som vart skipa i 1888, representerte lina til von Westen og Stockfleth, medan departementet heldt fast ved den harde fornorskingslina.

Men det skulle syne seg at det ikkje var så lett å tyne samisk og kvensk. Samisk og kvensk hadde kvar sin bakgrunn og kvar sitt liv. Samisk hadde tusen års rot i landet, men var eit lite mindretalsspråk. Kvenane var innflyttarar frå Finland og Sverige og hadde kvensk (finsk) som morsmål.

Vår yngste grense i nord var ved hundreårsskiftet knapt trekvart hundre år gammal, og det er ingen høg alder i nasjonal samanheng. Styremaktene var ved århundreskiftet sterkt opptekne av språkspørsmål, ikkje minst på grunn av den kvenske innvandringa.

(Artikkelen byggjer på boka Internatliv i Finnmark av L. Lind Meløy, Det Norske Samlaget i 1980.)

(Språknytt 4/1992)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.09.2004 | Oppdatert:18.12.2015