Om mållova av 1930

Etter at vi i 1885 fekk to jamstelte skriftmål i Noreg, var det særleg i skulen jamstellinga vart sett ut i livet. På andre samfunnsområde gjekk det lenger før det synte seg verknader av jamstellingsvedtaket.

AV KJELL VENÅS

I 1920-åra gjorde mange herad vedtak om å krevja at skriv frå staten skulle vera på nynorsk, og i ymse greiner av sentraladministrasjonen vart det fastsett at dei som skreiv dit på nynorsk, skulle få svar i same målforma. Slike krav og vedtak var ein bakgrunn for mållova av 1930. Ho gav lovheimel for jamstelling i statstenesta. Lova stod ved lag i 50 år, heilt til ho i 1980 vart avløyst av ei ny lov med same føremål og verkeområde, men med eit nytt namn: lov om målbruk i offentleg teneste.

I proposisjonen om utkastet til lova av 1980 vart det sagt at «nynorsk blir nytta i langt mindre grad i statstenesta enn det som har vore føresetnaden». Desse orda synest å fortelja at lova av 1930 ikkje hadde verka som meininga var.

Det har nyleg kome ut ei bok om mållova av 1930: Oddrun Grønvik: Målbruken i offentleg teneste i tida 1930–1940. Denne tittelen svarar ikkje godt til innhaldet i boka. Det er mållova av 1930 som er emnet, særleg bakgrunnen for lova i samfunnet og arbeidet med lova i Stortinget. Mindre enn den siste tredelen har eit innhald som høver nokolunde til tittelen. Men om tittelen ikkje er vellukka, kan boka sjølv vera viktig og verdfull. Ho er det.

Oddrun Grønvik er cand.philol. frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidet som konsulent i Norsk språkråd i mange år. Naturleg nok er ho ikkje den fyrste som har interessert seg for «lov om målbruk i statstenesta», som var namnet på lova av 1930. Det er såleis skrive ei hovudfagsavhandling før om denne lova, av Magnhild Bruheim. Men Oddrun Grønvik har arbeidt sjølvstendig med alle kjelder, og ho har gjort eit grundig og samvitsfullt arbeid. Denne boka er også ei vitskapleg avhandling og ber merke av det. Tilfanget er breitt og blir utnytta og dokumentert på ein førebiletleg måte. Det er vist til mengder av rundskriv og kongelege resolusjonar, stortingsdokument av alle slag, protokollar frå bispemøte og arkivtilfang frå ymse slags samskipnader. Forfattaren har lese aviser og årsmeldingar, rettsutskrifter, tiltalevedtak og statistikkar. Ein stor arbeidsinnsats må liggje bak alt dette.

Den breie dokumentasjonen er grunnstøa som arbeidet kviler på. Framstellinga sjølv er også strengt sakleg og lågmælt, med tabellar og skjema, utan store syner eller engasjert innleving. Men stoffet er engasjerande, og framstellinga har logisk spenst og driv. Forfattaren er intellektuelt klår og ryddig. Ho har dessutan noko som truleg kan kallast politisk teft, evne til å trengje bak dei røynlege hendingane for å finne fram til politiske avvegingar, drivkrefter og årsakssamanhengar. For den som ikkje er politikar eller historikar, men likevel har følgt med i ymis samfunnsdebatt, verkar det som om analysane ho gjer og slutningane ho dreg, jamt over er godt underbygde. Vi får mykje kunnskap om mållova og korleis det var tanken at ho skulle verke, og om kva det var som gjorde det så vanskeleg å få henne til å verke godt. Men vi får samstundes innsikt i korleis styringsverket fungerte på eit visst historisk steg, og i visse allmenne føresetnader for eit offentleg styringsverk. Forfattaren har arbeidt ikkje berre med mållova, men har sett seg inn i heile tidsbakgrunnen. Det gjeld økonomisk og politisk bakgrunn, såleis ikkje minst stoda for dei politiske partia og for andre institusjonar og samskipnader. I styringsverket går både sentraladministrasjonen og den ytre etaten inn.

Emnet for boka er politisk historie, og ho handlar om tilhøvet mellom samfunn og språk, korleis samfunnet skal verke språkleg. Vedtaket om å regulere språkbruken i offentleg stell rørte ved styringsverket på eit kjenslenæmt punkt. Det stelte krav til dei tilsette, krav som sette truskapsbanda åt somme på ei vanskeleg prøve. Dette synte seg skarpt gjennom to rettssaker som vart reiste fordi embets- eller tenestefolk ikkje etterlevde lova. Oddrun Grønvik gjer greie for desse sakene i ein eigen bolk og kjem gjennom det rett inn på kjernen i vanskane med å skapa vørdnad for lova: Det var nærast uråd å handheve ho som mange andre lover. Ved desse rettssakene vart det felt dommar som gjekk i ulik lei. Ved den eine vart ein som arbeidde for å få lova etterlevd (Gustav Indrebø), sjølv domfelt i ei injuriesak. Ved den andre vart ein som sette seg ut over lova (sorenskrivar Andersen), domfelt i ei sak der staten reiste klaga. Men dette var unntak. Ved andre brot på lova vart det ikkje rettssaker, og forfattaren peiker også med rette på at straff ikkje går godt saman med denne typen lov. Ho verkar meir som ei allmenn sosial norm eller eit samfunnsprogram. Det gjer ein vel i å hugse når ein skal forklare at Justisdepartementet har vore mellom dei som har brote mållova av 1980 mest. Då Noregs Mållag tok opp arbeidet med å få ei mållov i 1920-åra, kjende laget seg bunde av eit vedtak om å arbeide for nynorsk som einaste riksmål i landet. Derfor gjekk laget inn for ei særlov for nynorsk. Ein tidlegare tenestemann i laget, Edvard Os, laga eit anna framlegg, om ei jamstellingslov, og det var det regjeringa tok opp. Proposisjonen om ei mållov og tilrådinga frå stortingsnemnda kom i 1929, men saka vart utsett fordi mange som nok hadde godhug for tanken om ei mållov, ikkje våga å føre saka fram i den vanskelege målpolitiske stoda etter at Stortinget hadde vedteke bynamnet «Nidaros». Men året etter vart det fleirtal for ei mållov. Ho var stutt, med berre ein paragraf som hadde verkeleg innhald. Der stod det at embets- og tenestefolk som hadde ei viss utdaning og var under ein viss alder, hadde skyldnad til å bruke båe skriftmåla i skriftleg handsaming av saker. I Stortinget var det usemje både om sjølve prinsippet og korleis ein slik skipnad kunne gjennomførast. Den andre paragrafen i lova gav Kongen mynde til å gje nærare føresegner om gjennomføringa. Mållova var såleis ei fullmaktslov. Føresegnene kom i 1932. Oddrun Grønvik meiner at det viktigaste einskildresultatet av mållova i den fyrste tiårsboken var at sidemålsundervisninga vart styrkt i den høgre skulen, og at norskfaget fekk ein plass i andre skuleslag (ungdoms-, framhalds-, fag- og yrkesskule). Dette for å gjera komande tenestefolk føre til å oppfylle krava i lova og føresegnene. Og mållova av 1930 kom altså til å stå i 50 år, til ho i 1980 vart avløyst av den lova som gjeld i dag.

  • Oddrun Grønvik: Målbruken i offentleg teneste i tida 1930–1940.
    Det Norske Samlaget 1987.
    340 sider.

(Språknytt 1/1988)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter