Normering av nynorsk talemål

Dette er eit utsnitt frå boka Mål og miljø. Innføring i sosiolingvistikk eller språksosiologi, som professor Kjell Venås gav ut i 1982 på Novus Forlag. Venås er formann for fagnemnda i Norsk språkråd i arbeidsåret 1983.

AV KJELL VENÅS

Innanfor den nynorske målrørsla går diskusjonen om talemålsnormering inn i ein lang tradisjon som gjeld spørsmålet om landsgild eller dialektnær språknorm. Det synest klårt at Aasen tenkte seg eit normaltalemål som var nært knytt til skriftbiletet. Av Norsk Grammatik kan vi såleis sjå at han meinte inter- og ettervokalisk d skulle uttalast. Om så dette var i eit lesespråk, måtte vel dei same reglane gjerast gjeldande for eit normert talemål. Ivar Aasen sjølv gjorde ingen praktiske freistnader på å laga ei talemålsnorm for landsmålet. Det vanlege bruksmålet hans var «stivt skulemeisterdansk», fortel Ivar Welle (1950). Når han fortalde soger eller hermde etter personar i sogene, brukte han eit breitt Ørstamål, og det gjorde han også når han hermde etter italienarane i Decamerone. Welle hadde derimot aldri høyrt at Aasen brukte bygdemålet sitt mellom vener, noko Anders Hovden har fortalt at Aasen gjorde. Arne Garborg brukte også det høgare bytalemålet til dagleg, men kunne slå om til jærmål mellom jærbuar.

Truleg var det ikkje før fram mot hundreårsskiftet at somme leiande landsmålsfolk tok til å bruke eit landsmål som var normert etter skriftforma. Sven Moren har fortalt at Nikolaus Gjelsvik gjorde det då dei to møttest i 1898:

Det var ein høg og mjå og vakker kar med eit bleikvori, klokt og fint andlet, nyklædd frå topp til tå. Eg tenkte – dette må vera ein utanlandsk diplomat eller ein sivil prins eller ein detektiv frå Riksmålsforbundet. Kor forundra vart eg ikkje, då denne mannen tok til å tala klingande nynorsk, dialektfri høgnorsk, så lytefritt og trygt som hadde han aldri lært anna mål. Eg sat og lydde med open munn. Eg kneip meg i armen og kjende etter um eg var vaken eller um eg sov og drøymde. Var det sant, så kom det her endeleg ein livs levande talsmann for det Noreg som skulle stiga fram om 100 år heretter (sitert etter Midttun: Mål og menn, s. 172).

I den fyrste halvdelen av dette hundreåret la mange målfolk vinn på å bruke eit normert nynorsk talemål. Dei rekna det for sjølvsagt at nynorsk skulle ha ei talemålsnorm, og at det var ei av dei viktigaste oppgåvene for nynorsk målodling å arbeide fram ei slik norm. Aller mest oppteken av denne saka var vel Olav Midttun. Han arbeidde med dette praktisk og teoretisk så lenge han levde, det vil seia langt inn i etterkrigstida (han døydde i 1969). Inspirert av Olav Midttun tok såleis Studentmållaget opp arbeid med nynorsk normaltalemål så seint som kring 1960. Andre leiarar i målrørsla stod for det same som Olav Midttun, ein kan nemne Knut Liestøl og Gustav Indrebø. Med bakgrunn i ein embetsmannsheim frå ein by har Sigmund Skard brukt ei målform som vel må seiast å vera nynorsk normaltale. Dei fleste andre normalmålstalande nynorskfolk har hatt ein landsdialekt som morsmål. I 1970-åra har normalmålsarbeidet innanfor nynorskrørsla helst lege nede. I samsvar med ideane som har bore dialektrørsla i desse åra, skulle målfolk programmatisk tala dialekt. Somme har likevel tala for normalmål også i denne dialekttida, og dei har lagt vinn på å bruke det sjølve.

Det høyrer med i definisjonen av eit riksspråk at det ber fram ei talemålsnorm. I det norske språksamfunnet tevlar nynorsk med bokmål som normalmål. Bokmålet vantar ikkje ei talemålsnorm, som ein til dels kan seia at nynorsk gjer, med di eit nynorsk normalmål blir brukt av berre få, og i regelen er eit andre mål for dei som bruker det. Barn av nynorsktalande foreldre veks som regel opp i byar og tek sjølve i bruk det andre normalmålet. I tevlinga med bokmål er dette ein veikskap for nynorsk. Det er vel òg bra å hente ressursar ut av den naturlege og levande talemålsgrunnen som dialektane er, men det ville ha vore ein føremon om nynorsk normaltale ikkje hadde turvt å nyskapast i kvar ættled og av kvar brukar, slik det i røynda er no. Talet på dei som veks opp med dei dialektane som nynorsk gjennom alle tider har soge næring av, blir også etter kvart mindre, relativt og absolutt. Folkesetnaden på bygdene kan ikkje tappast i det uendelege anna det vil ha visse verknader.

Det er elles viktig å hugse på at nynorsk normalmål ikkje må definerast etter ei norm for fonemrealisering eller tonegang som er sett av bokmål eller austlandsmål. Folk med ymist dialektgrunnlag vil kunne leggje seg til eit normalmål utan å gjera altfor mykje vald på det naturlege talemålet sitt.

Ymse sosiopolitiske tilhøve må dragast inn når ein skal ta stode til kor mykje nynorsk har bruk for eit normalmål. I visse samfunnslag vil også ein normert nynorsk bli sedd på som eit slag dialekt, og vil ikkje ha nokon særleg prestisje. I andre samfunnslag og særskilt i kulturelle og kulturpolitiske samanhengar har nynorsk normalmål langt på veg same prestisje som eit riksspråk har. Dette byggjer på den offisielle statusen målet har og det litterære og kunstnarlege nivået det har nått, i det heile den rolla det har spela i norsk samfunnsliv gjennom ei nokså lang tid. Ein skulle tru at denne prestisjen ville bli styrkt om grunnskulen gav opplæring i normert nynorsk som talemål, slik at fleire kunne bli medvitne brukarar av målet og målet sjølv vart meir einskapleg.

Dette er likevel ikkje så visst. Ei organisert opplæring i nynorsk normaltale ville truleg ikkje bera så store frukter. Dialektane ville framleis bli det fyrste målet og dermed det mest naturlege målet. Derfor vil dei òg heile tida liggje under og setja merke på eit normert mål. Det er berre få som vil kunne nytte ut og verkeleg bruke ein skulekunnskap om nynorsk normaltale, og desse få vil etter måten lett kunne normere talemålet sitt om dei kjenner at dei har bruk for det. Eit nynorsk normert talemål ville i alle høve bli bore oppe av ein skulert elite. Når det gjeld noko som i røynda vil vera eit mål på andre hand, ville det ikkje bli mange som nytta ut skulekunnskap om nynorsk normaltale, helst berre dei som av ein eller annan grunn kom til å få ei reflektert haldning til den personlege språkbruken sin og kunne sjå han i eit ideologisk lys.

(Språknytt 1/1983)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015