Moderne ordhistorie – døme på ei språkhistorisk problemstilling

Interesse for korleis språket er med og formar og stadfester våre oppfatningar t.d. om politiske og sosiale forhold står sentralt i nyare litteratur om språket i funksjon. Ordval er også eit aspekt ved dette.

AV JAN RAGNAR HAGLAND

Val av ordet arbeidsgjevar i høve til arbeidskjøpar er i slik samanheng ofte nytta som døme på kva språkbruken har å seia for korleis vi skal oppfatta det bestemte politisk/økonomiske forholdet som ligg attom desse termane. (Jfr. t.d. Blakar, Språk er makt, Oslo 1973, s. 26; Hansen & Wiggen, Målstrid er klassekamp, Oslo 1973, s. 19 med tilvisingar. )

Eg vil ta fram desse orda her for å prøva visa kva tradisjon dei har i norsk politisk språkbruk. Dette fordi vi i litteraturen i dag av og til kan få inntrykk av at termen arbeidskjøpar er «oppdaga» eller koda som eit resultat av moderne synsmåtar på språket som kommunikasjonsmiddel. Rett nok seier Hansen & Wiggen (op. cit.) at dette dømet er «godt kjent fra vår hjemlige målstrid og klassekamp i mellomkrigstida», men går ikkje nærare inn på det i den samanhengen dei presenterer det.

Det er rimeleg å sjå desse to omgrepa arbeidsgjevar/-kjøpar i samanheng også språkhistorisk. Ordet arbeidsgjevar har nok norsk tilliks med svensk og dansk overteke frå tysk (Arbeitsgeber) i samband med industrialiseringa i førre hundreåret. I norsk har dette ordet vore gjengs både i politisk og juridisk språkbruk og i allmenn språket fram til om lag 1930. Lov om arbeidstvistar av 5. mai 1927 definerer dei termar som er nytta om deltakarane i ein slik tvist såleis: «Denne lov forstår ved (...) Arbeidsgiver – enhver, som sysselsetter en eller flere arbeidere.» Også i politisk radikal språkbruk finn vi dette ordet fram gjennom 1920-åra i norsk. Mot Dag av 18.2.1924 nyttar såleis ordet arbeidsgjevarar i artikkelen «Partiets oppgaver». Clarté, organ for Norges Clartéforbund, frå 20.6.1930 (2. årg. nr. 6) brukar likeins dette ordet i kronikk om Foldalskonflikten: «Godkjenner fagorganisasjonen det prinsipp som en slik dom bygger på, vil den måtte stille sig fullstendig under arbeidsgivernes og myndighetenes kontroll.»

Likeins på nynorsk i same nr. om Torpakonflikten: «I samråd med fleire arbeidsgjevarar vart det organisert væpna streikebrytargjengar.»

I partiprogramma til dei politiske partia på venstresida er ingen av desse to orda nytta før 1930. Den gruppa personar det her gjeld, er alltid referert til som «kapitalistklassen».

I svensk og dansk er det derimot tidlege freistnader på å innføra ordet arbetsköpare/Arbejdskøber.

Ordbok öfver Svenska Språket. Utg. af Svenska Akademien, Bd. 2, Lund 1903 har litterært belegg for ordet arbetsköpare frå 1891 og avisbelegg frå 1898 (Göteborgs-Posten nr. 239). Ordbog over det danske sprog, bd. 1, Kbh. 1919 har belegg for arbejdskøber frå 1908 (Social-Democraten 12.8.). Salmonsens Konversationsleksikon, bd. 2, Kbh. 1915, har under oppslagsordet arbejdsgiver følgjande kommentar til ordet arbejdskøber: «Fra socialistisk Side har man ogsaa søgt at faa Ordet erstattet med 'Arbejdskøber', men skønt dette Ord i Virkeligheden i visse Henseender bedre dækker over Sagens Indhold i Nutiden, er det dog ikke trængt i gennem og gør det heller næppe.»

Om bruken av ordet arbeidskjøpar i norsk opplyser Arbeidernes leksikon bd. 1, Oslo 1932, under oppslagsordet arbeidsgiver at «innenfor arbeiderbevegelsen anvendes nu den riktige betegnelse arbeidskjøper om denne klasse personer». Under oppslagsordet arbeidskjøper er det vist til arbeidsgiver som term i «den almindelige sprogbruk» og referert til den kritikk av denne språkbruken Engels har gjort i føreordet til tredje utgåve av Kapitalen. Denne vart utgjeven første gong i 1893 og omsett til norsk i 1930 av Erling Falk. Engels kritikk lyder slik i denne omsetjinga: «Det kunde ikke falde mig inn å innføre i 'Kapitalen' den gjengse jargon som tyske økonomer pleier å uttrykke sig i, dette kaudervelsk, som kaller den mann 'arbeidsgiver' til hvem andres arbeide blir gitt mot betaling, og den mann 'arbeidstager' hvis arbeide blir fratatt ham mot en lønn» (Karl Marx, Kapitalen. Første bok. Oversatt av Erling Falk, Oslo 1930, s. 23.) Det er her ikkje gitt noko alternativt forslag til nemning, men i verket er her ordet kapitalist gjennomført.

Første sikre belegg eg kan finna for ordet arbeidskjøpar i norsk, er i NKP's valprogram frå 1930, trykt i «Arbeideren» 13.9.1930 (22. årg. nr. 204) der det heiter: Uten at arbeiderklassen optar kampen klasse mot klasse på bred enhetsfront er det ikke mulig å slå arbeidskjøperne og borgerskapets nye offensiv tilbake.»

Det er vel her like stor grunn til å tru at partiet har teke ordet offisielt i bruk med støtte i Falks omsetjing av Kapitalen som etter mønster frå språkbruken hos dei tilsvarande partia i grannelanda. Det vil ellers vera vanskeleg å skjøna kvifor ordet arbeidsgjevar skulle vera nytta i organ som Mot Dag og Clarté heilt fram til denne tida.

Likevel må vi gå ut frå som sikkert at ordet arbeidskjøpar var nytta i kommunistisk språkbruk i 20-åra. Dette går tydeleg nok fram av ein artikkel om «den faglige enhet» i Arbeiderbladet av 2.1.1925. Bladet sjølv brukar arbeidsgjevar, men i eit polemisk referat av utsegn frå kommunistpartiet blir ordet arbeidskjøpar brukt – truleg for å karakterisera motstandarens språkbruk: «Det var antagelig i forargelse herover, og over at det ikke lykkedes dem å spille arbeidskjøperne seieren i hende, at nykommunistene 'renset ut' den vesle rest av sund fornuft og faglig innsikt som fantes i deres parti.»

I tilfelle dette ordet har vore nytta i kommunistisk presse, må det ha vore i Norges kommunistblad, som kom ut med første nummer 5.11.1923. I alle fall er det vist til dette bladet i artikkelen frå Arbeiderbladet. Om ordet er nytta i dette organet, har eg ikkje kunna slå fast. Men truleg har den offisielle nemninga i partiet vore kapitalist(klasse) som vi har sett ovanfor. Dette er t.d. gjennomført i ein oppropsartikkel frå same dato av Henry W. Kristiansen, redaktør i Klassekampen, som var organet for Norges kommunistiske ungdomsforbund på denne tida. (Finnmark Fremtid, Vadsø 2.1.1925.)

Arbeidskjøpar blir i alle fall brukt i kommunistpartiets program i den næraste tida etter 1930. I partiprogrammet frå 1933 («Hvad vil NKP») heiter det såleis:
«… Innførelse av arbeidsløshetstrygd på arbeidskjøpernes bekostning ...»

Men av ein eller annan grunn blir det slutt på denne språkbruken også i NKP. I plattforma frå 1936, trykt i «Arbeideren» 17.8.1936 (28. årg. nr. 65), er same kravet formulert slik: «... 40 timers arbeidsuke og arbeidsledighetstrygd på statens og arbeidsgivernes bekostning».

Det ser ut til at ordet arbeidskjøpar først og fremst høyrer med til kommunistpartiets vokabular i denne perioden. Arbeidarpartiet gjennomfører arbeidsgjevar som term i sine val- og prinsipp-program frå 1930-åra. Dømet frå 1930-programmet er kanskje litt usikkert ettersom det også kan oppfattast som referat av annan språkbruk: «De kapitalistiske storbedrifter i bankvesen, industri og handel forener sig i truster og karteller, i arbeidsgiverforeninger ...»

Men i dei seinare programma skulle døma vera klåre nok: «Loven om arbeidsløshetstrygd bygget på tilskudd fra staten, kommunene, arbeidsgiverne og de trygdede, må snarest vedtas og settes ut i livet.» (1933 og 1936).

Etter dette kunne det verka som om den språkbruken Arbeidernes leksikon refererer til som «arbeiderbevegelsens betegnelse» var spesifikk for kommunistpartiet i første halvdel av 1930-åra. Det ser likevel ut til at også delar av arbeidarpartipressa har nytta ordet arbeidskjøpar, jamvel om det ikkje er så i partiprogramma. Eitt belegg for dette finn vi på leiarplass i Haugarland Arbeiderblad (Haugesund) frå 18.2.1931: «Borgerpartiene staar rustet med en sterk presse som driver en systematisk agitasjon for arbeidskjøperne og kapitalistklassen.»

Samanstillinga «arbeidskjøperne og kapitalistklassen» må vel her sjåast som ein tautologi som viser at ordet arbeidskjøpar ikkje var vanleg og trong eit tillegg.

I ein språkhistorisk samanheng er dette sjølvsagt ein bagatellmessig detalj. Det kan likevel vera eit døme på korleis ord av dette slaget dukkar opp og forsvinn. Rett nok har altså dette ordet arbeidskjøpar komme fram att i litteratur om språket og sporadisk også i sosialistisk presse, men har vel heller ikkje her slått ny rot. Det vesentlege poenget her er at spørsmål om korleis og kvifor slike ord kjem fram og kva som skal til for at dei skal overleva eller døy ut, bør interessera oss også som språkfolk.

Desse orda er jo ein del av vår samtidshistorie. Her kan dette problemet berre reisast utan freistnad på noka løysing. Men det skulle vera klårt at det finst ei rad andre ord med opphav i politisk språkbruk som ville fortena å bli granska i ein slik samanheng.

 

(Språknytt 4/1975)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.10.2004 | Oppdatert:05.10.2015