Kyrkjemålet på Færøyane

Det kan undra nokon kvar at eit samfunn med kring 48 000 medlemer kan halda seg med eige språk, som vert nytta både i skrift og tale på dei fleste område der språk trengst. Dette samfunnet finn vi på dei grasgrodde øyane ute i havet rett vest for Stad, på Færøyane.

AV JARLE BONDEVIK

Sidan samfunnet er så lite, og sidan det ikkje alltid har vorte medrekna som ein jamverdig nasjon i Norden, har det færøyske målet ikkje vore så mykje påansa i nordisk samanheng. Men det er tydeleg at det har kome til ein snunad dei seinaste åra. Færøyane har fått eit sjølvstendig akademisk læresete, der det heimlege språket vert nytta i forsking og i undervisning. Ikkje få avhandlingar om færøyske emne har vorte skrivne av forskarar som har hatt tilknyting til den færøy­ske høgskulen. Petur Martin Rasmus­sen har såleis skrive ei stor bok om den færøyske språkreisinga i kyrkja: Den færøske sprogrejsning med sær­ligt henblik på kampen om færøsk som kirkesprog i national og partipolitisk belysning (1987).

At kyrkjemålet har vore sentralt i utviklinga av eit skriftmål, er mykje vanleg, tenk berre på mange språk i Afrika som i vår tid fyrst har vorte skriftfest gjennom omsetjingar av Bibelen. – I vårt eige land tala lands­målstilhengjarane mykje om at «guds­ordet» måtte koma på deira mål, så i mangt kan striden for færøymålet jam­førast med målreisinga i Noreg, og mange færøyingar henta inspirasjon herifrå. I Noreg gjekk det så mykje snøggare med omsetjingsarbeidet enn på Færøyane. Hos oss kom omsetjinga av Nytestamentet til landsmål alt i 1889, og av heile Bibelen i 1921. Tekst­bok og altarbok var komne tidlegare, og nynorske gudstenester vart vanlege tidleg i dette hundreåret. På Færøyane fekk dei etter kvart hug til å bruka hei­memålet sitt i kyrkja, så stemninga hadde snutt frå den gongen i 1855 då V.U. Hammershaimb, skaparen av det færøyske skriftmålet, nyårsaftan las teksten på færøysk i Kivik utan å hau­sta fagning. Men kyrkjemålet vart ei politisk sak, mange færøyingar såg på bruken av dansk i kyrkja som ei mis­mæting av sitt eige mål, som dei ynsk­te skulle fungera så som dei andre nor­diske måla. Striden om færøysk som kyrkjemål vart ein lekk i den nasjonale striden om større sjølvstende andsynes Danmark. Men færøyfolket stod ikkje samla bak dei nasjonale krava, mange såg på hopehavet med Danmark som eit naturleg og tenleg hopehav. Synet på kyrkjemålet skilde seg tilsvarande. Dansken i kyrkja hadde tradisjonen bak seg, og mange ville ikkje utan vidare gje avkall på det kjende og kjære. Etter mykje ordskifte vart det omsider semje om at både dansk og færøysk skulle ha heimstadrett i kyr­kja. Dei som helst ynskte seg færøysk, argumenterte med at born og gamle hadde problem med å følgja med i ei dansk preike. Mange argument galdt det folkelege og det intime. Morsmålet var «Hjærtesproget». «Hvorfor maa da ikke Færingen ogsaa fra Prædigestolen høre det Sprog, der staar Hjærtet nær­mest?»

På Færøyane har lekfolket alltid vore viktig i det religiøse livet, både i kyrkja gjennom deknetenesta og i dei frie forsamlingane. Sidan færøysk let­tare kom i bruk utanom kyrkja, ottast mange kyrkjefolk at kyrkja skulle verta stempla som lite folkeleg. Men det vart helst ein tung veg å få færøysk inn i kyrkja. Fyrst vart det preika på heimemålet, og smått om senn kom kyrkjeritualet på færøysk. Det vart offisielt godkjent i 1930.

Færøyingar byrja å omsetja delar av Bibelen allereie i 1870-åra, men fyrst i 1937 kom Nytestamentet i samla ut­gåve, og i 1961 kom heile Bibelen. Prosten Jákup Dahl (1878–1944) var den viktigaste omsetjaren og må rek­nast som skaparen av det færøyske bibelmålet. Han omsette dei fleste bibeltekstane, og Kristian O. Viderø tok seg av det som Dahl ikkje fekk fullført. Utanom dei offisielle omset­jingane vart det fyrst gjeve ut nytesta­mente og seinare heil bibel av misjo­nær i «Brøðrameinigheitin», Victor Danielsen, men desse omsetjingane var ikkje gjorde etter grunntekstane. Likevel er omsetjingane åt Danielsen eit verdfullt tilskot til det færøyske kyrkjemålet.

I motsetnad til islendingane hadde ikkje færøyingane nokon tradisjon å stø seg til når dei skulle omsetja Bibe­len. Men islandsk var ikkje meir fra­mandt enn at det kunne tena til møn­ster. Det færøyske bibelmålet er like­vel noko for seg sjølv. Ein norsk lesar vil venteleg tykkja at den færøyske teksten verkar mindre høgtidsstemd enn den islandske. Ordet Drottinn. som er frekvent i den islandske teks­ten, finst ikkje i den færøyske, der Harri er nytta. Like eins er det gamle norrøne arveordet skíra 'døypa' og skírari 'døypar' brukt i den islandske bibelen, medan dei tilsvarande orda i den færøyske er doypa og doypari. I færøysk hadde verbet skíra fått tydingar som gjorde det uhøveleg i bibelmålet. Det er eit jamt språk i dei færøyske bibel­tekstane, og for ein som er van med det nynorske bibelmålet, skulle det vera lett å lesa. Eit og anna ordet kan vera ukjent, men den nye færøysk­norske ordboka til Eigil Lehmann dekkjer ordtilfanget godt.

Underleg nok gjekk det og lang tid før det songglade færøyfolket fekk seg salmebok. Ho kom ut i 1960 og har tit­telen Sálmabók Føroya fólks, og inne­held 431 salmar, alle i færøysk målbu­nad. Det er ikkje så få salmar som er dikta på det færøyske språket. Særleg dei færøyske prestane har sett merke etter seg i salmeboka, både som dikta­rar og omsetjarar. Fleire namn er elles kjende frå det litterære og det politiske livet på Færøyane. Elles er den nordis­ke salmediktinga godt representert. Såleis er Blix og Hovden med i boka.

Alt i alt er det ei spennande soge å lesa om korleis færøyingane har stridt seg fram til eit kyrkjeleg liv der hei­memålet har fått sine fulle rettar, og korleis dei har greitt å utvikla fullver­dige tekstar til kyrkjeleg bruk.

(Språknytt 4/1991)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter