Kan språk styrast og planleggjast?

Språkplanlegging er ein ung vitskap. Det er ikkje så lenge sidan både språkforskarar og andre oppfatta språket som ein sjølvstendig organisme eller struktur, som levde sitt eige liv uavhengig av menneskeviljen.

AV LARS S. VIKØR

Språkplanlegginga tek utgangspunkt i det motsette synet: at språket er til for mennesket, og at vi kan gripe aktivt og medvete inn i det for å gjere det til ein betre og meir tenleg reiskap.

Omgrepa språkpolitikk og språkplanlegging blir ofte skilde frå kvarandre slik at språkpolitikk blir eit vidt omgrep, språkplanlegging eit snevrare. Med språkpolitikk meiner vi da alle tiltak som emnar på å verke inn på og kontrollere språksituasjonen eller språkbruken i eit samfunn eller ein del av eit samfunn. Til vanleg meiner ein vel helst offentlege tiltak, men også private institusjonar som aviser, forlag, organisasjonar, skolar, bedrifter o.l. driv språkpolitikk.

Språkplanlegging vil etter denne definisjonen seie å setje opp modellar for korleis ei viss språknorm skal utvikle seg, og arbeide for at desse modellane kan bli røyndom. Her er det altså berre snakk om det heilt konkrete normeringsarbeidet. I norsk samanheng kan vi såleis seie at normeringa av bokmål og nynorsk er språkplanlegging, mens alle dei tiltaka som regulerer tilhøvet mellom dei i samfunnet er språkpolitikk. Vi kan karakterisere språkplanlegginga som ein bruksvitskap («anvendt vitenskap»), i motsetnad til den meir teoretiske språkvitskapen.

No er det ikkje noko nytt at skriftspråk blir aktivt og medvete normerte. Alle dei moderne standardspråka er jo resultat av slik verksemd. Men denne normeringa hadde eit avgrensa siktemål: Det var om å gjere å få fastlagt normene for eit språk ein gong for alle, å skape orden i kaos. Når dette ein gong var skjedd, stod det berre att å halde desse normene så stabile som råd, eventuelt å la dei utvikle seg «fritt» og berre ta forsiktig omsyn til heilt klåre utviklingstendensar i den formelle normeringa. Styring og planlegging av språkutviklinga utover dette har ikkje vore aktuelt.

Unnatak frå denne regelen fekk vi berre i samfunn der fleire normer stod mot kvarandre og konkurrerte, eller der den norma som fanst, ikkje vart godteken av alle – t.d. fordi ho støytte mot nasjonale kjensler. I slike tilfelle kunne det kome på tale å reise nye normer. Som kjent skjedde dette også i Noreg, og dei særlege tilhøva her gjorde at vi dermed fekk eit problem som kravde ei meir permanent og langsiktig språkplanlegging. Nettopp fordi dette var ein så særmerkt situasjon, fekk vi sterke reaksjonar: For mange var det slik at det var den statlege språknormeringa som meir enn noko anna skapte problema, og at dei best kunne løysast ved ei «fri språkutvikling», dvs. at dei private normermingsinstansane fekk verke på ein mest mogleg uformell måte. Dette var den måten som var mest vanleg i andre vesteuropeiske land med sine tradisjonelle, stabile og einerådande språknormer.

Den moderne vitskapen språkplanlegging har likevel ikkje utvikla seg før etter 1960. Den viktigaste årsaka til dette var dei språklege og språkpolitiske problema i mange av dei nye statane som kom opp etter at dei store kolonirika vart avvikla. For leiarane i desse statane var det særleg to politiske mål som var viktige: For det første å skape ein einskapleg nasjon, og for det andre å få til ei modernisering av dei økonomiske og sosiale tilhøva. Dei trong eit språk som kunne samle nasjonen, og som samtidig var slik utbygd at det kunne fremje moderniseringa.

I denne situasjonen hadde dei valet mellom å ta i bruk det etablerte språket til koloniherreri, og å byggje opp eit nytt standardspråk på grunnlag av eit eksisterande lokalspråk. Dette lokalspråket kunne vere berre munnleg, eller det kunne vere eit tradisjonelt og meir eller mindre stivna skriftspråk. I begge tilfelle var det eit problem å få utvikla det slik at det kunne stette dei krava eit moderne samfunn stiller, og samtidig hindre unødvendige barrierar mellom elite og folk.

I mange av desse landa er ei aktiv språkplanlegging blitt eit viktig mål. Dette kan ikkje lenger gjerast av einskilde flogvit av typen Ivar Aasen, men det må bli ei offentleg oppgåve på line med anna samfunnsplanlegging, og utførast av særskilt utdanna ekspertar. Som grunnlag for dette arbeidet trengst det ein teori som kan samanfatte dei røynslene som er gjorde på dette feltet, og vere ei ramme for den framtidige verksemda.

Om utviklingslanda er den viktigaste arbeidsmarka for språkplanlegginga, er det ekspertar i dei vestlege landa, særleg USA, som har spela den mest sentrale rolla i utviklinga av teorien. Eit viktig bidrag er òg levert av finnen Valter Tauli. Tauli går sterkt imot det synspunktet at alle språksystem i prinsippet er likeverdige, og tilstrekkeleg tilpassa behova i dei samfunna der dei blir bruka. Etter hans syn må ein kunne setje opp visse prinsipp for korleis eit språk ideelt bør vere, og vurdere kvart språk ut frå det. Blant dei viktigaste prinsippa er at eit språk må vere så enkelt, klårt, økonomisk, estetisk og ekspressivt som råd. Språkplanlegging vil seie å velje mellom ulike former, ord og strukturar, og favorisere nokre framfor andre i kvart einskilt tilfelle. Da må ein ta utgangspunkt i dei ideelle prinsippa og la valet vere i samsvar med dei så langt råd er. Ei anna sak er at ideal og ønskjemål ofte kjem i konflikt med kvarandre, og da må dei vegast mot kvarandre og prioriterast. Ei viktig oppgåve for ein språkplanleggingsteori er ifølgje Tauli nettopp det å setje opp ein verdiskala for denne prioriteringa.

Den store veikskapen ved dette synet er at det altfor einsidig ser på språket som ei kommunikasjonsmaskin. Ein kan ikkje sjå bort frå at alle språk og språkformer har tilknyting til sosiale og etniske grupper, ideologiar o.l, og at det å prioritere mellom dei er å ta standpunkt også i vidare politisk og kulturell forstand. Når ein tek slike standpunkt, er det derfor viktig at ein også spør seg: Kva for samfunnsgrupper vil ha mest gagn av denne reforma? Vil ho styrkje dei som frå før har mest prestisje og best språkleg skolering, eller vil ho bidra til å gjere standardspråket meir tilgjengeleg og lettare å bruke for større grupper av folket?

Kva oppgåver er det så som går inn under språkplanlegginga? For det første må det veljast ut ei norm – eller eit grunnlag for ei norm – blant fleire ulike dialektar. Normalt skjer ikkje dette ved planlegging i den tydinga vi legg i ordet: Det talemålet som har høgast prestisje i samfunnet, vil by seg sjølv fram som eit slikt normgrunnlag. Eitt av dei få unnataka frå denne regelen er nynorsken, som jo vart konstruert på grunnlag av ei samanlikning av dei ymse norske målføra.

For det andre må det setjast opp ei rettskriving, og i samband med det må ein regulere formsystemet i den grad det ikkje alt ligg fast i talemålet. Her finst det fleire prinsipp å gå etter. Det eine er det ortofone: at eitt teikn i prinsippet alltid svarar til same språklyd. Eit anna er det etymologiske: at ordet blir stava mest mogleg i samsvar med den opphavlege forma det hadde.

Ein kan òg leggje vekt på systematikken i språket, slik at ein vel stavemåtar som syner samanhengen mellom ymse former. Derfor skriv vi t.d. skjere og gi, ikkje sjere og ji, for å syne samanhengen med skar og gav.

Særskilde problem får ein dersom skriftnormalen blir sett opp på grunnlag av fleire nærskylde målføre. Da kan ein velje å følgje rekonstruksjonsprinsippet, som Aasen gjorde. Det vil seie at ein finn fram til det sams utgangspunktet for målføra ved å samanlikne dei, og nytte det som grunnlag for norma. Ein annan måte, som òg har stått sterkt i norsk språknormering, er å velje ut dei formene og systemdraga som representerer fleirtalstalemålet innanfor det aktuelle området. Endeleg kan ein leggje hovudvekta på sosiale moment, slik at ein favoriserer det talemålet som har størst prestisje i samfunnet, eller tvert om: dreg fram typisk folkelege former i ein freistnad på å endre dei språksosiale tilhøva i landet. Eit viktig spørsmål uansett er: Kor stram skal norma vere, og kor strenge skal vi vere i krava til konsekvens og «rett språk»? Det er ikkje på nokon måte sjølvsagt at einskap, konsekvens og stabilitet må vere eit ideal. Her er pedagogiske og psykologiske synsmåtar like viktige som dei snevert språklege.

For det tredje må ordtilfanget stadig regulerast, slik at ein tek stilling til kva ord ein vil godta eller avvise, og korleis dei skal stavast og bøyast. Også her må ein blande inn verdidommar. Til dømes kan ein ut frå ei nasjonal haldning avvise ord som ikkje har historisk rot i målet, men er komne inn utanfrå. Ut frå omsynet til konsekvensen i målet og at det skal vere lett å lære og bruke, kan ein godta slike ord når dei er gått inn i vanleg språkbruk, men tilpasse stavemåte og bøying til systemet i språket (eksos, sjablong, sjanger for exhaust, jablon, genre). Men ein kan òg ta det standpunktet at slike ord bør ha ein internasjonal stavemåte, for at vi ikkje skal isolere oss frå internasjonale fagmiljø – enda det gjer språket meir uregelrett.

Nettopp i ordtilfanget kjem ikkje-språklege omsyn særleg sterkt inn i planlegginga. Her blir det eit spørsmål om å regulere ikkje berre ord, men også omgrep. Dermed kjem ideologiske stridspunkt inn med full styrke. Vi kan berre tenkje på diskusjonen om kjønnsrollemønsteret i språket, og den medvetne feministiske innsatsen for å endre på dette. Det er også ei slags språkplanlegging, som har kome opp utanfor dei offisielle organa, men no langt på veg har fått premissane sine (men ikkje nødvendigvis alle enkeltstandpunkta) godtekne der òg.

Det største problemet i språkplanlegginga er kanskje det å få reformframlegga godtekne og tekne i bruk. Det er nokså klårt at samfunnstilhøva set grenser for kva tiltak ein kan lykkast med i så måte. Å gå mot dei normene som rår i den sosiale eliten i eit land, er såleis svært vanskeleg, sjølv om det skulle vere ønskjeleg. Land med autoritære regime og sterk statleg maktsentralisering vil sjølvsagt lettast kunne gjennomføre reformer og få dei i bruk gjennom kontroll av viktige medium som skolestell, presse, kringkasting osv.

Norsk språkplanlegging er som kjent basert på ein mellomting av regulering og rådgjeving. Den strammaste reguleringa har vi i lærebøker, ei vidare norm gjeld for skole og offentleg administrasjon, mens det utanfor desse institusjonane i prinsippet ikkje gjeld noka norm utover den dei private instansane sjølv vil fastleggje. Ei anna sak er at Norsk språkråd blir oppfatta som normgjevande instans i langt vidare krinsar. I tillegg finst det som kjent private normeringsinstansar som delvis opererer i opposisjon til den offisielle.

Effektivitetsprinsippa til Tauli har hatt lite vekt i norsk språknormering. Her har det alltid vore viktigare å ta omsyn til historisk-nasjonale og demokratiske moment. Å arbeide for å føre inn tre kjønn i bokmål vil etter Taulis syn vere heilt irrasjonelt. Det spørst likevel kva som vil gjere språket mest tenleg for det store fleirtalet av brukarane: å forenkle språket etter ein abstrakt modell, og altså redusere talet på grammatiske kategoriar der dei ikkje er heilt nødvendige av klårleiksomsyn, eller å leggje den offisielle norma nærare det målet folk verkeleg snakkar, enda om det skulle komplisere sjølve strukturen.

I den norske språknormeringa har prioriteringa vore heilt klår. Den einaste reforma i Noreg som heilt klårt og eintydig har vore motivert av effektivitetsomsyn, var talordreforma i 1951. I tillegg kan vi nemne ting som fornorsking av fremmende skrivemåtar, som gjer språket meir regelrett og harmonisk, men som også er lett å motivere ut frå nasjonale og demokratiske omsyn. Eit moment som kanskje vil telje meir i framtida enn til no, er omsynet til den språklege fellesskapen i Norden. Her kan det liggje mange konfliktar i kim når dette skal avvegast mot omsynet til kva som er mest tenleg ut frå nasjonale, demokratiske eller teknokratiske synsmåtar i kvart einskilt land.

Om vi så vender attende til spørsmålet i tittelen, må konklusjonen bli at vi må svare ja på det. Språk kan styrast og planleggjast, men berre innanfor visse rammer som blir fastlagde både av eksisterande språkvanar, normer og tradisjonar, og av politiske, sosiale og kulturelle tilhøve. Språkplanleggjaren må arbeide innanfor desse rammene, og bør vere medveten om at det i siste instans er politiske og psykologiske verdiar som ligg til grunn for valet mellom dei alternativa som finst.

(Språknytt 3/1978)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter