Ivar Aasen og ordbøker

Det eldste kjende dømet på det som kan kallast eit leksikografisk arbeid i Noreg, finn ein på nokre vokstavler frå 1200-talet i Hoprekstad kyrkje i Vik i Sogn.

AV DAGFINN WORREN

Det er nokre få latinske ord, mellom anna nemningar på planter, dyr og fuglar, og leksikografien kjem inn med at der er norske omsetjingar til dei latinske nemningane:

fflos blomster
erba gras
ara suinsti (svinesti)
kamapus voler (voll)
grus tranæ (trane)

Den første norske ordboka var Termini Juridici, som Jens Bjelke gav ut i København i 1634. Dette verket inneheldt om lag 800 norske lovtermar, som vart forklarte på dansk med tilvising til lovene, og med redaksjonelle merknader på latin. Bjelke var kanslar i Noreg under danskekongen og hadde behov for å samordne den norske lovtradisjonen med gjeldande dansk lov. Dette arbeidet hadde eit klart praktisk føremål og var ikkje bore fram av interesse for det norske målet.

Den første norske dialektordboka

Den første ordboka som hadde til hovudføremål å skildre norsk mål, var Christen Jensøn: Den Norske Dictionarium eller Glosebog prenta i 1646. Av dei 1911 orda frå Sunnfjord-dialekten – 855 av dei var oppslagsord – var det 1 163 substantiv og 328 verb. Forklaringa er på dansk, og der er med faste vendingar, ordtak og småstubbar. Jensøn ville ta vare på og halde oppe det gamle norske målet, slik at det vart kjent og kunne skiljast frå andre mål. Dette er den første dialektordsamlinga i Skandinavia, eit pionerarbeid som merkjer seg ut med ei ekte interesse og omsut for sjølve målet.

Det vart bergensaren Laurents Hallager (1777–1822) som i 1802 gav ut den største ordsamlinga føre Ivar Aasen, medan han var student i København. Norsk ordsamling har berre med ord som er ukjende eller vanskelege for danskar. Han byrja med vestnorske ord, men tok seinare opp ord frå andre landsluter òg. Han henta materialet frå dei eldre ordsamlingane som fanst på prent, frå topografiske skrifter og frå ei stor handskriven samling av Seljords-ord av H.J. Wille. Hallager er difor den første som gjer ein freistnad på å lage ei landsdekkjande ordbok med heimfestingar. Men han hadde ingen tankar om å leggje fram eit egentleg nasjonalt ordtilfang med arbeidet sitt. Likevel kom ordsamlinga til Hallager til å verte den skriftlege hovudkjelda for norsk ordtilfang føre Ivar Aasen. Ikkje minst Henrik Wergeland var ein flittig brukar av denne ordboka. Heller ikkje hos Wergeland kom orda berre i ein sansingsrus. Han brukte leksikografiske kjelder.

Ordboksarbeidet til Aasen

Målet for det leksikografiske arbeidet til Aasen var ei landsfemnande skildring og, så langt som råd, ei uttømmande skildring av norsk ordtilfang som skulle vere grunnlaget for eit norsk skriftmål. Grunngjevinga hans for dette arbeidet kan samlast i tre hovudpunkt:

a) Omsynet til det nasjonale: Eit land som var ein eigen nasjon, skulle ha sitt eige mål

b) Omsynet til folkeopplysninga: Det danske skriftmålet var eit hinder for at bondeungdom flest tileigna seg den kunnskapen som skulen og kyrkja skulle formidle

c) Omsynet til den kulturelle sjølvforståinga: Nordmenn hadde eit eige morsmål som hadde utvikla seg frå mellomalderen til samtida. Dette målet måtte gjerast kjent både for nordmenn og utlendingar.

Då han arbeidde ut Ordbog over det norske Folkesprog (1850), kjende han dei fleste av dei norske ordsamlingane som hadde kome ut i hundreåra føre han. Det ser me mellom anna i føreordet. Aasen kjende òg den arbeidsmåten som på hans tid var rådande i leksikografien i Europa. Det var altså ikkje slik at han berre sat og tenkte skarpt. Han samla kunnskap også gjennom å granske korleis andre hadde løyst tilsvarande oppgåver som dei han skulle utføre. I Danmark hadde det såleis vore eit sterkt språkvitskapleg miljø frå l700-talet med mellom anna Jens Høysgaard (1698–1773), Jacob Baden (1735–1804) og Rasmus Rask (1787–1832). Viktige tema i dette miljøet var morsmålet som norm, som kollektivt og individuelt kommunikasjonsmiddel og som historisk fenomen, der språkreinsing var sterkt framme.

For Aasen hadde truleg Rasks Vejledning til det Islandske eller Gamle Nordiske Sprog (1811) hatt mest å seie når det gjaldt å skjøne målet som samanhengar og system.

Når det gjaldt leksikografien særskilt, veit vi at Mathias Moth (1649–1719) skreiv ei bandsterk dansk ordbok, som òg hadde med «bønderord» frå Noreg. Denne ordboka vart rett nok ikkje utgjeven. Men ho var tilgjengeleg for seinare leksikografar, ikkje minst for sunnmøringen Ole Strøm (1726–1782), som var hovudredaktør for Videnskabernes Selskabs Ordbog, I–VIII, i København. Arbeidet på dette verket starta i 1777. Men Strøm døydde elleve år før første bandet kom ut i 1793. Det siste bandet kom ut i 1905.

Det ordboksverket som først og fremst kom til å openberre den moderne og rasjonelle ordboksmodellen for Ivar Aasen, var Dansk Ordbog, I-II, av Christian Molbech (1783–1857), Denne ordboka, som skulle vere ein «Tolk for det rene, dannede Skriftsprogs rigtige Brug i vor nærværende Alder», kom ut i åra 1828–33, og ho hadde nærast tvinga seg fram av den seine utgjevingsfarten i Videnskabernes Selskabs Ordbog. Dansk Ordbog hadde på si side skipnaden sin etter Samuel Johnsons Dictionary of the English Language frå 1755. Verket til Johnson har sidan vore mønstergjevande for korleis eit ord skal skildrast i ei ordbok: For kvart ord bør det vere med opplysningar om rettskriving, ordklasse (med bøyning), uttale, opphav, tyding og bruksdøme. Desse kategoriane hadde Molbech med, og dei same kategoriane brukte Aasen i ordbøkene sine. Han introduserte dermed den moderne europeiske ordboka i Noreg.

(Språknytt 4/1992)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter