Innbyggjarar i Noreg

I Danmark bur danskane, i Sverige svenskane. I Noreg finn me nordmenn (og eventuelt for dei som det vil: nordkvinner). Så langt er det enkelt.

AV VIGLEIK LEIRA

Men nordmennene bur på så mange stader kring i landet vårt, og stundom er det ikkje så greitt å vite kva ein skal kalle folk som kjem frå den og den staden.

Det er alltid mogleg å bruke samansetningar med -kvinne, -mann osb.:
Risør-mann, Risør-kvinne, Risør-gut, Risør-jente, Risør-folk

Slike ord kan òg skrivast i eitt og med liten førebokstav:
risørmann, risørkvinne, risørgut, risørjente, risørfolk

Men ofte kan me hekte på visse endingar til stadnamna og lage personnemningar på den måten.

Den vanlegaste endinga i slike nemningar er -ing: Moss > mossing, Sogn > sogning. Ho går att i mange lengre variantar: -børing, -daling, -døling, -fjerding, -fjording, -gjelding, -lending, -ling, -ning, -sokning, -stranding, -strending, -væring.

Ved sida av ing-endinga har me -ar/-er. Ho er særleg brukt ved bynamn: Haugesund > haugesundar, Kristiansand > kristiansandar. Den lengre varianten -ensar/-enser gjeld òg bynamn for det meste: Drammen >drammensar, Molde > moldensar, Granvin > gravensar. Ved bygdenamn finn me stundom -bygdar/-bygder, -soknar/-sokner. Øystese > øystesebygdar, Sund > sundsoknar.

Andre endingar er -bu, -bygg, -døl, -itt, -ung, -vær. Me skal sjå litt nærare på endingane og tek dei alfabetisk:

-bu

Opphavet til denne endinga er det gammalnorske búi, som rett og slett tyder 'den som bur'. Skriftforma er -bu både i bokmål og nynorsk, mens det i talemålet varierer mellom -bu og -bue. Endinga er karakteristisk for Rogaland, t.d. Jæren > jærbu, Sauda > saudabu, Sola > solabu. Ho er òg brukt ein del i Hordaland: Fana > fanabu, Stord > stordabu. Sogn og Fjordane har Fjaler > fjalerbu, Kinn > kinnabu. Austlandet har eitt døme med Nes (i Akershus) > nesbu.

-bygdar

Denne endinga er brukt lite grann på Vestlandet: Skodje > skodjebygdar, Vatne > vatnebygdar, Ørskog > ørskogbygdar.

-bygg

Attom denne endinga ligg det gammalnorske byggja, som kan tyda både 'byggje' og 'bu'.

Endinga er særmerkt for Trøndelag, t.d. Lensvik > lensvikbygg, Malm > malmbygg. Elles kan nemnast sæbygg (nemninga som folk i Setesdalen bruker om seg sjølve) og vinbygg (Vinje i Telemark) .

-børing

Denne endinga, som truleg har tilknyting til ordet , finst i nokre få nemningar på Austlandet: Asker > askerbøring, Røyken > røykenbøring, Skoger (i Buskerud) > skaubøring.

-daling, -døl, -døling

Stadnamn på -dal har desse tre variantane i personnemningane.

I typiske fjellbygder er det gjerne -døl som er nytta: Morgedal > morgedøl, Røldal > røldøl, Hemsedal > hemsedøl. Men endinga er også mykje nytta elles, t.d. Lommedalen (i Bærum) > lommedøl, Maridalen (i Oslo) > maridøl.

I Agderfylka er -døl også brukt ved stadnamn som ikkje endar på -dal, t.d. Grindheim > grinddøl, Hornnes > horndøl, Vennesla > venndøl.

Endinga -daling går att i Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland: Norddal > norddaling, Romsdal > romsdaling, Sunndal > sunndaling, Meldal > meldaling, Oppdal > oppdaling, Namdalen > namdaling, Ogndal > ogndaling, Bindal > bindaling, Hattfjelldal > hattfjelldaling.

Endinga -døling finn me særleg i flatbygdene på Austlandet: Lardal > lardøling, Nittedal > nittedøling, Odalen > odøling.

Bruken av -døl, -daling og -døling står ikkje heilt fast alle stadene. Det kan skifte noko frå ein variant til ein annan, t.d. både hurdaling og hurdøling (Hurdal i Akershus), sigdøl og sigdøling (Sigdal i Buskerud), budaling og budøl (Budalen i Sør- Trøndelag).

-fjerding

Ordet fjerding tyder ein firedel. I gammal tid var det òg ei nemning for visse administrative einingar (opphavleg firedel av noko anna). Slike einingar er no borte, men ordet går att i nokre personnemningar i Nordland og Troms: Bø > bøfjerding, Rødøy > rødøyfjerding, Lyngen > lyngsfjerding, Malangen > malangsfjerding. I stadnamn på -fjord blir heile lekken skifta ut med fjerding: Gryllefjord > gryllefjerding, Tysfjord > tysfjerding.

-fjording

Denne endinga er etter måten lite nytta dersom ein tenkjer på alle dei fjordane som finst. Bruken er ikkje knytt til nokon spesiell del av landet: Balsfjord (Troms) > balsfjording, Velfjord (Nordland) > velfjording, Snillfjord (Sør-Trøndelag) > snillfjording, Valsøyfjord (Møre og Romsdal) > valsøyfjording, Masfjorden (Hordaland) > masfjording.

-gjelding

Attom denne endinga ligg ordet (preste)gjeld. "Gjeldingane" finst i Møre og Romsdal: Aure > aurgjelding, Veøy > veøygjelding, dessutan i Vang i Oppland: vangsgjelding.

-hering

Denne endinga er laga til ordet herad. Ho er mest nytta i Telemark: Bø > bøhering, Gransherad > granshering, Lunde > lundhering, elles Sandar (Vestfold) > sandhering, Kvinnherad (Hordaland) > kvinnhering.

-ianar

Denne framande endinga (opphavleg frå latin -ianus) har fått feste i førdianar (< Førde, Sogn og Fjordane) og i svalbardianar.

-ing

Jamvel om me held dei lengre variantane (-daling, -døling, -fjording osb.) utafor, er -ing svært vanleg: brandbuing, eidsvolling, finnmarking, fosning, harding, møring, namsosing, romeriking, stryning, totning, østfolding.

I somme ord er der skifte i vokalen føre endinga: Kvam (Hordaland) > kvemming, Fron > frøning, Krødsherad > krylling, Rollag > rølling, Solund > suling.

I Østfold blir grunnlekken ofte korta inn ein god del: Onsøy > onsing, Rakkestad > raksting, Rømskog > rømsking, Sarpsborg > sarping, Varteig > varting.

Ei litt skjemtande nylaging av fersk dato er fjogning om innbyggjar i Sogn og Fjordane (danna av (-)fjording og sogning). Ordet blei lansert av NRKs distriktskontor i Førde i januar 1990.

-is

Nemningar som sluttar på -is,finn me berre i siddis og valdris. Dei to har ikkje noko med kvarandre å gjere. Siddis (person frå Stavanger) kjem truleg frå det engelske ordet citizen 'borgar', mens valdris (person frå Valdres) iallfall er ei heimleg laging fullt ut.

-itt

Denne endinga kjem opphavleg frå gresk via latin, og me kjenner ho frå personnemningar som israelitt, jesuitt, moskovitt. På norsk grunn er ho brukt i arendalitt og mandalitt (larvikitt er ein bergart, ikkje ein person).

-lending

Namna på -land gjev for det meste -lending i personnemningane: Hadeland > hadelending, Helgeland > helgelending, Moland > molending, Nordland > nordlending, Rauland > raulending, Rogaland > rogalending, Sørlandet > sørlending. Merk Nøtterøy > nøttlending.

-ling

Denne endinga finn me helst etter m (jamfør nykomling, oppkomling): Lillestrøm > lillestrømling, Strømmen > strømling, Tjøme > tjømling. Merk Eidanger (Telemark) > dangling (ei eldre nemning).

-ning

Trøndelag har nokre nemningar med denne endinga, t.d. Inderøy > inderøyning, Ytterøy > ytterøyning, Snåsa > snåsning

Vidare kan nemnast Nes (Buskerud og Hedmark) > nesning, Sandøy (Møre og Romsdal) > sandøyning.

-sing

Denne endinga finst i nokre einstaka nemningar i Hedmark: Hamar > hamarsing (ved sida av hamarenser), Vingelen > vingsing.

-soknar

Dei få døma som finst, er frå Hordaland: Hjelme > hjelmesoknar, Sund > sundsoknar, Fjell > fjellsoknar (også fjellsokning).

Både -soknar og -sokning er laga til sokn.

-sokning

Denne endinga er nytta mykje på Austlandet (med unntak for Buskerud), ein del i Agderfylka, mindre på Vestlandet og i Trøndelag og slett ikkje i dei tre nørdste fylka.

Nokre døme:
Råde (Østfold) > rå(de)sokning, Frogn (Akershus) > frognsokning, Løten (Hedmark) > løtensokning, Gran (Oppland) > gransokning, Våle (Vestfold) > vålesokning, Gjerpen (Telemark) > gjerpasokning, Fjære (Aust-Agder) > fjæresokning, Konsmo (Vest-Agder) > konsmosokning, Hamre (Hordaland) > hamarsokning (også hamring), Hyllestad (Sogn og Fjordane) > hyllestadsokning, Voll (Møre og Romsdal) > vollsokning, Kvam (Nord-Trøndelag) > kvamssokning.

-stranding / -strending

For stadnamna på -strand skiftar det mellom -stranding og -strending: Møsstrand (Telemark) > møsstrending, Valestrand (Hordaland) > valestrending, Systrond (Sogn og Fjordane) > systrending; Geitastrand (SørTrøndelag) > geitastranding, Holmestrand (Vestfold) > holmestranding, Tyristrand (Buskerud) > tyristranding.

-ung

Finst i ganske få nemningar: Kisa (Akershus) > kisung, Lier (Buskerud) > liung, Ski (Akershus) > skiung, Solør (Hedmark) > solung.

-vær

Endinga har tilknyting til verbet verje, og kan dermed tolkast som "den som ver (= vernar)>. Nemningane på -vær er karakteristiske for Oppland:

Lesja > lesjavær, Lom > lomvær, Sel > selvær, Skjåk > skjåkvær, Vågå > vagvær, øyer > øyvær [sjå retting].

-væring

Dette er truleg ei utviding av -vær ovafor, og har såleis i utgangspunktet ikkje noko med fiskevær å gjere. Men endinga er svært mykje brukt i Nord-Noreg, og det gjev naturleg assosiasjonar til vær i den tydinga.

Døme:
Loppa (Finnmark) > loppværing, Dyrøy (Troms) > dyrøyværing, Dønna (Nordland) > dønnværing, Nærøy (Nord-Trøndelag) > nærøyværing, Frøya (Sør-Trøndelag) > frøyværing, Bud (Møre og Romsdal) > buaværing, Selje (Sogn og Fjordane) > seljeværing, Radøy (Hordaland) > radværing, Spind (Vest-Agder) > spindsværing, Flå (Buskerud) > fløværing, Øye (Oppland) > øyeværing. Det vantar døme frå Rogaland, Aust-Agder og dei fleste Austlandsfylka. Rett nok har Rogaland tysværing, men det må sjåast som ei ing-laging: Tysvær > tysvær-ing.

*

Arabar om person frå Haugesund er ei skjemtande nemning og etter måten tolleg bra kjend. Opphavet er heilt uvisst.

(Språknytt 2/1992 og 3/1992)

 

Merknader til «Innbyggjarar i Noreg»

Det er kome ein del kommentarar til dei to artiklane om innbyggjarar i Noreg i dei førre nummera av Språknytt.

Ein lesar har skrive til oss at i Agder-fylka nyttar dei også varianten -døle ved sida av -døl, til dømes kvindøl eller kvindøle. Det er rett, særleg blant eldre folk kan ein høyre -døle.

I skriftmålet bruker me forma -døl, på same måte som me skriv -bu, trass i at talemålet kan veksle mellom -bu og bue.

Ein person frå Øyer i Oppland er ein øyværing, ikkje øyvær.

Bokmålsordlista (som kom ut på Universitetsforlaget tidlegare i år) har systematisk teke med kommunenamna og innbyggjarnemningar knytte til dei (der slike finst); til dømes vegårdsheiing om person frå kommunen Vegårdshei. Boka Ordlaging og ordelement i norsk (Det Norske Samlaget) har ei liste over innbyggjarnemingar samla fylkesvis.

(Språknytt 4/1992)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter