Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen

Spørsmålet om forholdet mellom hovud- og sideformene i gjeldande og framtidig rettskrivingsnormal har vore noko drøfta i Norsk språkråd utan at det enno er komme til full avklaring.

AV ALF HELLEVIK

I eit notat til fagnemnd og råd har eg peikt på kor viktig det er at rådet er klar over korleis det vil definere forholdet mellom hovud- og sideformer når ein no tek fatt på å revidere eller justere den gjeldande normalen. Språknytt tenkjer seg at spørsmålet kan ha interesse for ein vidare krins, og nedanfor følgjer mitt notat i ei noko samantrengd form. (Når det gjeld det historiske oversynet, viser eg elles til D.A. Seips utgreiing på Det nordiske språkmøtet i Oslo 19.–20. februar 1954, prenta i skriftet med same tittel s. 33 ff.)

Såkalla lærebok- eller skoleboknormal har vi hatt sidan 1907-reforma. Det vart da utarbeidd ein læreboknormal på privat initiativ. Framlegget til ein slik normal vart utarbeidd av ein komité med representantar for folkeskolen og den høgre skolen i hovudstaden, og framlegget vart etterpå drøfta med skolebokforfattarar og utgivarar. Som det bl.a. går fram av J. Aars Norske retskrivningsregler 1907, gjekk den normalen dei såleis vart samde om, langt i å gjennomføre dei nyare formene i dei tilfelle der det var valgfridom mellom ei tradisjonell og ei nyare form.

I 1909 gav så Kyrkje- og undervisningsdepartementet ut «Retskrivningsordliste for Regjeringens kontorer. (I de valgfrie former i overensstemmelse med det som brukes i skolernes bøker og i deres undervisning)». I realiteten vart såleis læreboknormalen også gjort gjeldande for styringsverket.

Læreboknormal til rettskrivinga av 1917 vart dels utarbeidd på tilsvarande vis som i 1907, idet styret i «Fagforfatternes forening» kalla inn til eit møte av lærebokforfattarar der det vart valt ein komité til å utarbeide ein særskild læreboknormal for riksmål. Denne komitéen samarbeidde med rettskrivingskomitéen, og resultatet dei kom fram til, vart i 1918 utgitt med tittelen «Den nye retskrivning i lærebøkene», og vart seinare stort sett følgt i lærebøkene. For landsmål oppnemnde KUD etter framlegg frå Det Norske Samlaget ei tremannsnemnd til å utarbeide framlegg til avgrensing av valfridomen i lærebøkene. Framlegget vart så gjennomarbeidd av rettskrivingskomitéen og «autorisera» av KUD (utg. 1919 med tittelen «Den nye rettskrivingi. Rettleiing um rettskrivingi i lærebøker på landsmål»).

Begge desse læreboknormalane kom i stor mon til å knesetje tradisjonelle eller konservative former, slik at nemninga valfrie former for det meste vart liketydig med tillatne radikale sideformer.

Dette er da noko av bakgrunnen for at rettskrivingsnemnda av 1934 i si tilråding 1935 sette som «en forutsetning fra vår side at alle dobbeltformer skal være like gode, slik at ikke somme av dem skal settes i en klasse for sig og gi grunnlag for en særskilt 'læreboknormal'». (Tilråding 1935, s. 4.) Etter at lærarorganisasjonane hadde tilrådd «at det straks blir gitt forskrifter for formbruket i skolebøkene», foreslo rettskrivingsnemnda i si Tilleggstilråding 1936 desse forskriftene for lærebokforfattarar:

«Gruntanken i »Tilråding om ny rettskrivning« er utjamning av skillet mellom de to mål. Det må da være en forutsetning at lærebøkene tjener denne grunntanken. Det vil da bl.a. føre med sig at lærebøkene, så langt råd er, gjennomfører samformene i begge mål.» (Tilleggstilråding 1936, s. 4.) Under det vidare arbeidet med rettskrivingsframlegget og i det endelege resultatet av normeringa slik det er fastlagt i Ny rettskrivning 1938, er det skilt mellom hovud- og sideformer [med skarpe klammer om sideformene]. Ny rettskriving 1938 inneheld med andre ord også ein «ny læreboknormal 1938».

Denne læreboknormalen var likevel såpass vid at det frå forleggjarhald kom ynske om fastare reglar for skolebøkene. Og 24. mars 1939 sette KUD ned eit utval som skulle utarbeide «et forslag til rettleiing for valg av skolebokformer i bokmålet». I skriv 29. april 1939 godkjende KUD framlegget frå komitéen «til rettleiing», men streka samstundes under det som rettskrivingsnemnda av 1934 hadde sett opp som forskrifter for lærebokforfattarar og som KUD var samd i.

Etter krigen vart arbeidet med nye læreboknormalar teke opp att, og eit utval av skolefolk utarbeidde i 1948 eit framlegg til ein fastare læreboknormal for begge målformer. Medan framlegget enno var under drøfting, kom det fart i planane om ei språknemnd, og da Norsk språknemnd var konstituert i 1952, fekk den straks i oppdrag å «utarbeide en læreboknormal snarest råd er».

Norsk språknemnds «Framlegg til læreboknormal 1957» vart drøfta i kyrkje- og undervisningskomitéen i juni 1958, og i Stortinget 6.–7. oktober samme året. Etter at framlegget på nytt var gjennomgått og revidert i Norsk språknemnd, fekk KUD ved kgl.res. 3.4.1959 fullmakt til å gi ut reglar og ordlister og fastsetje tidspunktet for når den nye normalen skulle gjelde. I rundskriv til skolane 24.6.1959 melder KUD frå at «den nye normalen for bokmål og nynorsk trer i kraft fra 1. august 1959», og eit tilsvarande rundskriv 1. sept. 1959 fastsette at den nye læreboknormalen for bokmål og nynorsk skulle takast i bruk i statsadministrasjonen frå 1.10.1959.

I tida etter 1959 har striden om innhaldet av gjeldande læreboknormal – det gjeld særleg bokmål – ført til ei situasjonsbestemt omtolking av sjølve omgrepet læreboknormal slik det normalt har blitt oppfatta i den tida systemet med hovud- og sideformer har vore i bruk.

Eg veit ikkje om det etter 1917 og 1938 vart gitt uttrykkeleg påbod om at statsadministrasjonen skulle halde seg til læreboknormalen (hovudformene), men rundskriv frå KUD 21.3. og 28.11.1939 om bruken av sideformer i lærebøker i norsk skriftleg, tyder på at det må ha vore føresetnaden. Såleis heiter det i rundskrivet frå 28.11.1939:

«Det må vera klårt at alle grammatikkar må gjeva elevane kunnskap om dei hovudformene som riksnormalen byggjer på, og at ein i skulen må taka sikte på etter kvart å føra elevane fram mot denne. »

Den vanlege oppfatninga både i og utanfor statsadministrasjonen var nok også at det var hovudformene som normalt skulle nyttast. Det kom bl.a. klage over at KUD sjølv i statsråd Fostervolls tid og seinare forbraut seg mot gjeldande reglar, i og med at departementet gjekk over til å nytte forma skole i nynorsk enda den berre var sideform. (Den nye læreboknormalen for nynorsk jamstelte skole og skule og legaliserte dermed departementsbruken.) Likeins var D. A. Seip og eg under arbeidet med å finne sams tekster på skilt, skjema o.l., samde om at det normale var å bruke hovudformene, men at det i slike særhøve også måtte vere tillate å bruke sideformer.

Eit vitnemål om korleis dei øvste styremaktene vurderte forholdet mellom hovud- og sideformer, har vi i den konklusjonen presidentskapet i Stortinget kom fram til i 1955 da det vart debatt i Stortinget om den noko uryddige målforma i ein nynorsk lovtekst. Representanten Ole Bergesen stilte dette spørsmålet til presidentskapet:

«Vil presidentskapet foranledige at ordførerne i lovsaker får den nødvendige faglige, sproglige bistand, slik at lovtekstene får en riktigere og mer konsekvent sprogdrakt?»

Etter å ha rådført seg med bl.a. D.A. Seip, som da var formann i språknemnda, gav presidenten, Oscar Torp, eit svar der han konkluderte med å seie:

«Presidentskapet mener at den praksis som hittil er fulgt med hensyn til den rett sakens ordfører har til å velge målform – nynorsk eller bokmål – i innstilling og i lovtekst, fortsatt kan følges. Men hvis en ordfører ønsker å bruke en annen målform i lovteksten i innstillingen enn den målform lovteksten har i proposisjonen, skal han enten la det departement som har fremmet proposisjonen besørge lovteksten omsatt, eller samrå seg med departementet for å sikre seg at omsettingen ikke fører til endring i lovens innhold.

Det er da presidentskapets forutsetning at det ved slik omsetting benyttes den i læreboknormalen av 1938 ('uten sideformer') fastsatte rettskrivning – og at den benyttes konsekvent.» (Stort.forh. 1955, 2. mars, s. 436.)

Det er heller ikkje tvil om at Norsk språknemnd i sitt arbeid med læreboknormalen vurderte læreboknormalen med hovudformene som ein riksnormal, og derfor hadde ei etter måten romsleg innstilling til å tillate sideformer til bruk for elevane. Ein ville unngå at elevane skulle få feil for slike mistak som kom av bryting mellom skriftmåla eller mellom skriftmåla og talemålet eller mellom nyare skriftformer og meir tradisjonelle former som elevane enno møtte i litteratur og presse. Dette kjem og til uttrykk i Norsk språknemnds fråsegn om Vogt-komitéens innstilling der nemnda drøfter «Språknormering og læreboknormal» og der det bl.a. heiter:

«I den samanhengen vil vi gjerne atter understreke at tanken med læreboknormalane har vore å leggje grunnlaget for ei noko fastare målform i lærebøkene (og i styringsverket), samstundes som det blir halde oppe relativt stor valfridom for elevane, slik at dei skal bli minst mogleg skadelidande når dei skal velje mellom eldre og nyare former eller kryssingsformer mellom skriftmåla. Det er eleven som skal nyte godt av valfridomen, og det er difor i strid med grunntanken med læreboknormalen om det i skolen blir godkjent og innført norsklærer, grammatikkar, ordlister o.l. med eit altfor avgrensa utval av gjeldande rettskrivingsformer.» […]

«Når det gjeld styringsverket, kan ikkje [Vogt.- ]kom. sjå nokon grunn til at tenestemennene skal halde seg til hovudformene, læreboknormalen, og rår til at det også bør vere høve til å bruke sideformer. Vi meiner at administrasjonen bør halde seg til hovudformene. Dei stilvariantar som sideformene i stor monn skal dekkje, er det mindre bruk for i ein så typisk sakprosa som det her gjeld. Og som departementet peikte på i 1939, utgjer hovudformene ikkje berre ein læreboknormal, men ein riksnormal.» (Årsmelding 1966, s. 12.)

Men kyrkje- og undervisningskomitéen tok her same standpunkt som Vogt-komitéen. Rettnok hevda komitéen at ein tenestemann har plikt til å rette seg etter påbod om å bruke offisiell normal, til liks med andre plikter som stillinga fører med seg. Men dette «synspunkt må imidlertid ikke trekkes lenger enn nødvendig. Etter komitéens mening må således en tjenestemann selv kunne velge blant de former som er tillatte innen den målform han i det enkelte tilfelle nytter. Det bør ikke være noe krav at samtlige tjenestemenn skal nytte læreboknormalen eller riksnormalen som enkelte kaller den.» (Innst. S. nr. 189–1969–70 s. 279.)

Eg tviler på at Vogt-komitéen og KU-komitéen heilt har tenkt over konsekvensane av sitt standpunkt. Men Norsk språkråd (fagnemnd og samla råd) bør i alle fall gjere det, og det må gjerast før ein tek stilling til eventuelle justeringar. Sjølv meiner eg at ein i vår språksituasjon oppnår det smidigaste og pedagogisk riktigaste normeringssystemet om ein no som før – og meir medvite enn før – tek sikte på eit hierarki av former der hovudformene (eineformer eller jamstelte dobbelformer) utgjer ein riksnormal som skal brukast i lærebøkene og i administrasjonen, og der sideformene dels kan vere ymse tradisjonelle særformer, dels visse nyare samformer (brubyggingsformer), dels utbreidde talemålsformer som har veik støtte i skriftmålet, men som er pedagogisk verdfulle i norskopplæringa i grunnskulen, særleg på nybyrjarsteget. Det siste er synsmåtar som rettskrivingsnemnda av 1934 la vekt på, og som eg før har gjort greie for. (Mål og makt 1974, ekstranr. s. 42– 47.)

Så vidt eg kan sjå er det berre ved eit slikt normeringssystem (og opplæringssystem) det kan la seg gjere å ta omsyn til ymse eldre tradisjonelle former og likeins til visse utbreidde talemålsformer utan å oppgi ei varsam offentleg styring av språknormeringa og språkutviklinga. Eit normeringssystem som meir eller mindre opphevar skiljet mellom hovudformer og sideformer, må anten ha til følgje ei sterkare tilstramming av rettskrivingsnormalen, slik at mange sideformer blir utestengde, eller vi får ein så stor valfridom at det i røynda vil seie at ein (delvis) gir opp offentleg språkstyring, som dermed blir overIaten til private normeringsinstansar. – Også for norskundervisninga vil det vere ei dårleg løysing.

(Språknytt 4/1974)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2004 | Oppdatert:05.10.2015