Etymologien – vitskapen om opphavet til orda

Filosofen Voltaire har sagt at etymologien er ein vitskap der det ikkje vert teke omsyn til vokalane, og konsonantane tel lite. Denne utsegna har seinare vorte referert både tidt og ofte, og mest av slike som harselerer over etymologisk gransking.

AV ODDVAR NES

Men Voltaires ord må likevel reserverast som ein karakteristikk av tilstanden på 1700-talet og dei to tusen åra som var lidne sidan Platon skal ha grunnlagt den etymologiske vitskapen – om vi kan nytte ordet «vitskap» når det gjeld Platon og hans epigonar.

Grunnen til ein etymologisk vitskap vart først lagd då Rasmus Rask, Franz Bopp og Jacob Grimm for over 150 år sidan prova slektskapen mellom ymse indoeuropeiske mål, med di dei oppdaga regelbundne lydlege samsvar mellom språka. Særleg fekk oppdaginga av den såkalla germanske lydforskyvinga mykje å seie for utviklinga av den jamførande målvitskapen. Ei overtydande samanstilling er orda for 'far' i ymse språk: latin pater, gresk pater, gammalindisk pitár og gammalnorsk faðir.

Lydlovene

Ut gjennom 1800-talet vart metodane i den komparative målvitskapen stadig betre, og lingvistane fekk ei slik klokkartru på metodane og resultata innan vitskapen sin at i 1876 kunne den tyske slavisten August Leskien lansere setninga om «die Ausnahmslosigkeit der Lautgesetze», dvs. at lingvistane då meinte at om dei granska tilsynelatande unntak frå 'lydlovene' grundig nok, så kunne 'unntakslover' setjast opp. Optimismen kom etter oppdagingar som Grassmanns lov (1862) og Verners lov (1875); dei førte til elegante løysingar av tidlegare store problem. Trua på lydlovene har sidan rådd i målvitskapen, og dei har vore til uvurderleg hjelp i arbeidet med å klarleggje samhøvet mellom genetisk skylde språk. Eg kan nemne eit døme: Ved språksamanlikning hadde granskinga ført til ei indoeuropeisk lydgruppe, eller fonemgruppe *dw, t.d. i *dwou '2', reflektert i latin duo, norsk to. Jamfører ein *dwou med armensk erku '2', synest det ikkje vere skyldskap, men jamføring av andre *dw-røter med armenske erk-ord stadfester lydutviklinga.

På den andre sida har vi ord som latin habere 'ha', og germansk (her representert ved gammalhøgtysk) haben 'ha'. Desse orda er merkeleg like, og mange har vilja tru dei har same rot. Men dei tidlegare prova lydlovene viser at likskapen er ytleg, idet haben har sitt latinske etymologiske motsvar i capere 'ta', medan habere er i slekt med gammalhøgtysk geban 'gje'.

Ved hundreårsskiftet kunne det sjå ut til at dei større komparative problema var løyste, og etymologane leitte med lys og lykter for å finne ein etymologi med rot i det indoeuropeiske grunnspråket for nær sagt kvart ord i måla dei granska. – Frå den tida er òg Meillets sjølvtrygge ord om at «alle gode etymologiar er alt funne, og dei som enno ikkje er funne, er heller ikkje gode.»

Før vi går inn på hovudvegen den etymologiske vitskapen har fare etter i vårt hundreår, kan det vere nyttig å nemne hovudkrava til ein venteleg rett etymologi:

1. Den lydlege skilnaden mellom eit ord og den kjelda som vert foreslått, må kunne forklarast ved kjende fonetiske 'lover' eller korrespondansar.

2. Det må finnast eller etablerast eit rimeleg semantisk samsvar mellom eit ord og den presumptive kjelda.

3. Når ordlån er på tale, må det godtgjerast at det har vore historisk kontakt mellom långjevar og mottakar då det eventuelle lånet skjedde.

Dette kan tykkjast sjølvsagt, men det har vore synda mykje mot desse elementære reglane like til i dag.

Rotekstensjonar

Den etymologiske retninga vi skal gå inn på, er læra om såkalla rotekstensjonar og rotdeterminativar i det indoeuropeiske grunnspråket. Denne læra kom opp etter dei store oppdagingane av lydlovene, og det var svensken Per Persson som la hovudgrunnlaget for henne. Særleg fekk hans Studien zur Lehre von der Wurzelerweiterung und Wurzelvariation (1891) og Beiträge zur indogermanischen Wortforschung (1912) ein sterk innverknad på samtidig og seinare etymologi, m.a. på arbeida til nordmennene Hjalmar Falk og Alf Torp. Same synet har prega t.d. Walde/Pokornys standardverk over ordfanget i indoeuropeiske mål. Vi finn der, særleg i Pokornys Indogermanisches etymologisches Wörterbuch (1959), ei stor mengd røter, av dei mange homonyme (lydlike), med mange slags utvidingar. – Problemet med rotekstensjonslæra er kvar ein skal stoppe. Det kan vere på sin plass å skissere kva metoden går ut på, og eg vel eit døme frå Pokorny. Vi har t.d. eit ord i germansk som svarar til ei indoeuropeisk rot *werb-. I andre språk finst tilsvarande ord med nokolunde passande tyding, men lydleg reflekterer dei

*wer-b-
*wer-bh-
*wer-g-
*wer-gh-
*wer-k-

I staden for å setje opp mange røter med stor lydleg og semantisk likskap, er det enklare å rekne elementa -b-, -bh- osb. som utvidingar, ekstensjonar, av ei rot *wer-. Ei rot kan vere utvida også i følgjande tilfelle: Vi har i germansk eit ord som svarar til indoeuropeisk *wreit-, som har same tydingsinnhaldet som *werb-. I andre språk finst det skylde ord, som vil gje

*wrei-t-
*wrei-n-
*wrei-p-

Her kan det reknast med utviding av *wrei-. Eit særdrag ved indoeuropeisk er ei vokalveksling som er kalla avlyd (lydsprang). Det er funne at t.d. vokalen e i ei rot skifter med o og syllabisk konsonant.

I tilfellet *wer- vil vekslinga bli *wer-/*wor-/*wr-. Den før nemnde *wrei- synest innehalde *wr- med ei utviding -ei-, og vil høyre til rota *wer-. Dette kan verke komplisert, men samstundes kan ein ikkje anna enn ta hatten av for dei som har kome fram til eit slikt system.

Alle utvidingane som er nemnde ovanfor, har etter Pokorny den lite individualiserande tydinga 'dreie, vri', og utgangspunktet *wer- er då òg ifølgje Pokorny berre abstraksjon for avleiingar og rotutvidingar.

Dette systemet – som her er forenkla mykje – kallar ein rotekstensjon. Endingar som -b-, -bh etc., som ikkje synest brigde tydinga av rota nemneverdig, vert kalla determinativar, i motsetnad til suffiks, som oftast har eit tydingsinnhald.

Grunnen til determinativvekslinga er ukjend, men dialektvariasjon i grunnspråket kan vel ha spela ei rolle.

Denne metoden for reduksjon av lengda på røtene har m.a. til resultat at homonyme einstavingsrøter av typen *kleng-, *wer- og *we- vert mange. Utanom *wer- 'dreie', har Pokorny ikkje mindre enn 12 *wer-røter til, med eit tydingsregister som rekk frå 'ekorn' til 'brenne'. Han har og t.d. åtte røter *wel-, som har tydingar som 'sjå', 'presse', 'ull' og 'vilje'.

Med ein slik framgangsmåte kan vi etymologisere dei fleste ord i språket og få dei til å passe meir eller mindre inn i det supponerte indoeuropeiske rottilfanget. – Og det vantar ikkje døme på slike freistnader:

Tysk har ordet Krieg som seinare er lånt inn i nordisk. Ordet lydde i gammalhøgtysk chreg 'stridskap', men har elles uklart opphav. Falk og Torp gav seg ikkje lett, og konstruerte ei grunnform *greigho-, som òg skal vere representert i gammalirsk bríg 'makt, kraft'. Pokorny fører så opp *greigh- som utviding av rota *gwer- 'tung', som m.a. skal liggje føre i norsk kvern.

Verbet knake finst berre i nordisk og lågtysk, og vert av dei fleste etymologar rimeleg nok rekna for eit lydmålande ord og ei germansk laging. Men Pokorny og somme med han set ordet til indoeuropeisk *gn-eg-, utviding til *gen- 'trykkje saman'.

Slike etymologiar er djerve og resultata uvisse. Etymologane har ved jamførande gransking kome fram til tydingane og 'lydbiletet' av røtene. Det er skjønleg at når så mange ord med spesifikke tydingar vert førte tilbake til ei rot, så må grunntydinga bli abstrakt. Men ved å ta omsyn til det relativt låge kultursteget indoeuropearane har stått på, må vi tru at deira røter med utvidingar hadde svært konkrete tydingar. Dessutan er det tvilsamt å føre ord attende til indoeuropeisk når der ikkje er noko nær liknande lagingar i andre skylde språk. Med andre ord: For å kunne hevde indoeuropeisk opphav for eit ord, er det ikkje nok at det let seg føre attende til ei rot der ein må operere med ei utviding for å få det til å passe inn i systemet, og der rotutvidinga t.d. berre er kjend i germanske språk. Ein lyt krevje at rotutvidinga også kan ettersporast i andre indoeuropeiske mål, for vi skal vere klar over at nye ord kan lagast når som helst. Når eit språksystem – som det indoeuropeiske – er rekonstruert ved hjelp av ymse språk med skriftlege kjelder frå ulike tidsrom, så må det verte statisk og formelvore, bygd opp av abstrakte einingar; det gjeld både fonema og morfema. Det er mykje rett i det synet som mange har hevda, at det rekonstruerte 'urspråket' ikkje kan gje noko sant bilete av uttale eller språkbruk hos menneska som utgjorde det, eller dei samfunna der grunnspråket skal ha vore tala.

Men det er også fordelar ved å operere med indoeuropeiske røter og ekstensjonar. Vi får t.d. godt innsyn i ordlagingsmåtane for einskildspråka i vår språkfamilie.

Men ordlaginga i dei historiske måla ligg til grunn for vår oppfatning av det indoeuropeiske systemet, og om t.d. eit ord i latin motsvarar eit germansk ord lydleg og semantisk, treng ikkje det tyde på urspråkleg eksistens for ordet, men viser berre at lagingsmåten er nedarva i begge språkgreinene.

For mange ord kan attendeføring til indoeuropeisk språktilstand vere eit feilsteg; særleg gjeld det dei som vert rekonstruerte med rotutviding. Eit døme:

Pokorny har rota *(s)ner- 'dreie, vinde', der t.d. nordisk snor høyrer med. Til denne rota fører han to utvidingar: *sner-b-, kjend berre i nynorsk snerpe 'skrumpe inn' og i gammalhøgtysk. Den andre er *sner-g-, heimla i gammalengelsk og i nynorsk snerk 'hinne over noko kokt'. – At vi her må rekne med germansk p- og k-utviding er klart nok; indoeuropeisk b- og g-utviding er urimeleg, då vi ikkje finn det i andre språkgreiner.

Endå meir tvilsamt er det å rekne ord med dunkel etymologi til eit ukjent substratspråk, slik nederlendingen Kylstra vil gjere (1962) med mange gammalnorske ord med nedsetjande tyding, t.d. drókr 'duglaust menneske', flagð 'troll', fól 'tosk', klárr 'fillegamp'. Nett slike pejorative ord kan bli laga til alle tider i språket – utan at ein rimeleg etymologi kan finnast. Det kan nemnast at ein stor del av det gammalgermanske ordfanget er utan trygg tilknyting til det indoeuropeiske. Merkeleg er ikkje det; det same gjeld t.d. for gresk.

Når det gjeld substratteoriane, så er det å merkje at der substratspråket er ukjent, er det òg urealistisk å rekne med det. Om ein del av ordfanget i eit mål ikkje let seg etymologisere, verkar det urimeleg at mange av orda er nedarva frå eit substratspråk. Noko anna er det i strok der ein har ein viss kjennskap til substratet. Og vi skal ha i minne at sams for dei indoeuropeiske språka er langt mindre ordfanget enn ordstrukturen, ordlagings- og avleiingsmåtane.

Plassmangel hindrar meg i å gå inn på eit viktig korrektiv til rotekstensjonslæra: ord og sak-metoden, utvikla av tyskaren Meringer kring 1910 og innført i norsk etymologi av nederlendingen Jan de Vries (Altnordisches etymologisches Wörterbuch, 1961).

Men eg vonar hovudgrunnlaget for Falk og Torps arbeid har vorte klargjort. Enno i dag vert deira verk rekna som dei viktigaste innan germansk etymologi.

(Språknytt 2/1977)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015