Småstoff


Framlegg til ein språkpolitikk for universitet og høgskolar

– Undervisningsspråket ved universiteta og høgskolane skal normalt vere norsk. For å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar eller for å integrere utanlandsktalande studentar kan undervisningsspråket også vere engelsk. Undervisningsspråket bør vere norsk dei to første åra. Frå og med tredje året bør det vere opning for bruk av engelsk.

Dette er eitt av framlegga til ein språkpolitikk for universitet og høgskolar som ein komité nedsett av Universitets- og høgskolerådet la fram i juni. Framlegget er no til høyring.

Elevane har ein lovfesta rett til å få læreverk på si eiga målform

Kunnskapslyftet inneber ei stor satsing på nye lærebøker og læringsressursar. I eit brev til skulane minner Utdanningsdirektoratet   om at alle elevar har ein lovfesta rett til å få læreverk på den målforma dei ønskjer, og at læreverka skal vere tilgjengelege på nynorsk og bokmål samtidig.

Tora Aasland ny styreleder i Språkrådet

Kultur- og kirkedepartementet har oppnevnt følgende medlemmer av styret for Språkrådet i perioden 2006 til 2009:

Leder: Tora Aasland, Time
Nestleder: Magni Øvrebotten, Naustdal
Medlem: Jan Olav Fretland, Lærdal
Medlem: Tor Fuglevik, Oslo
Medlem: Ottar Grepstad, Volda
Medlem: Silje Solheim Karlsen, Tromsø
Varamedlem: Lars Rottem Krangnes, Oslo
Varamedlem: Helene Uri, Oslo

Det vil i tillegg bli oppnevnt et medlem og et varamedlem som representant for de ansatte.  Språkrådet ble etablert som ny institusjon fra 1. januar 2005 og avløste da det tidligere Norsk språkråd. I en overgangs- og omdanningsfase har virksomheten vært ledet av et interimsstyre. Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål. I de nye vedtektene som de-partementet fastsatte 25. april 2006, er det understreket at Språkrådet særlig skal arbeide med å styrke det norske språkets status i nåtid og framtid. Dette gjelder både norsk språk generelt og den nynorske målformen spesielt. Vedtektene fastsetter at styret skal oppnevne inntil fire fagråd. Disse skal bidra til å sikre at virksomheten i Språkrådet har bredest mulig samfunnsforankring.

Sansehage

I Språknytt nr. 2 2006 var sansehage eitt av nyorda. Nils Johan Dahl, journalist i avisa Budstikka i Bærum, har gjort oss merksame på at i avisa der han arbeider, har sansehage vore brukt fleire gonger i mange år. Første gongen ordet er registrert i Budstikka, er 14.4.1994.

– Redaksjonen i Språknytt kan ikkje garantere at orda i nyordsspalta alltid
er registrerte første gongen dei er i bruk, men denne gongen var vi nok vel seint ute!

Nye vedtekter for Språkrådet

Språkrådet har dei siste åra gjennomgått ei gradvis omdanning. I april fastsette Kultur- og kyrkjedepartementet nye vedtekter for rådet. Om føremålet til rådet heiter det i § 1:

«Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og skal særleg arbeida med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid og å forvalta dei to offisielle norske språknormene. Språkstyrkingsarbeidet omfattar både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt.

Språkrådet skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket.

Språkrådet skal også ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik denne kjem til uttrykk gjennom dei språklege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting.

Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet og bør på eige initiativ leggja til rette for tenleg samarbeid med både private og offentlege aktørar innanfor ulike samfunnssektorar.

Språkrådet skal driva utoverretta informasjonsverksemd og i rimeleg omfang gi råd og rettleiing til alle som vender seg dit med språklege spørsmål.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.10.2006 | Oppdatert:11.06.2015