Den endelause reforma

AV ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK

Frå pedagogane og språkekspertane si side var det godt meint:

Gjennom ei forenkling av den tyske rettskrivinga skulle det bli lettare å skriva rett. Det skulle bli enklare for arbeidarklassebarn å tileigna seg skriftspråket, og dermed skulle det også bli lettare for dei å lukkast i det vesttyske utdanningssystemet. Ortografiske endringar skulle føra til sosial utjamning. Venstreorienterte reformpedagogar kalla den etablerte rettskrivinga reaksjonær og eit instrument for undertrykking. Den venstreorienterte reformpedagogikken på 1970-talet er ein viktig åndeleg føresetnad for den store tyske rettskrivingsreforma som har skapt forvirring og skarp kritikk i dei tyskspråklege landa gjennom meir enn 10 år, hevdar nyhendemagasinet Der Spiegel i nr. 1 i år. No kan det vera von om at siste kapittel om den store tyske rettskrivingsfeiden blir skrive.

Omgrepet Duden

Duden er for mange tyskarar eit synonym for ordbok, men Duden er altså éi av fleire tyske ordbøker. Duden-forlaget har lenge så å seia hatt siste ordet i spørsmål om tysk rettskriving. Duden har namnet sitt etter pedagogen Konrad Duden (1829–1911). Inspirert av rørsla for tysk einskap og grunnlegginga av det tyske riket såg Konrad Duden det som sitt mål å arbeida fram ei einskapleg tysk rettskriving. Og det kunne trengast, for rettskrivinga varierte ikkje berre mellom dei ulike delstatane, men faktisk også mellom ulike trykkeri og aviser i éin og same by. Duden var pragmatikar og tok utgangspunkt i skulerettskrivinga i den sterkaste tyske staten, Preussen. I 1880, ni år etter samlinga av Tyskland, kom den fyrste Duden-ordboka på marknaden. Sidan den gongen har Duden hatt ein heilt sentral plass i den tyske rettskrivinga. I 1902 vedtok alle dei tyske delstatane å bruka den preussiske rettskrivinga som Duden tok utgangspunkt i då han laga ordboka. Og ordboka nådde ut til dei breie lag av folket, nett slik Konrad Duden ynskte. Han ville ikkje laga ei ordbok for ekspertar, men for alle som brukar skriftspråket. I 1955 vedtok ein konferanse for kulturministrar i Vest-Tyskland at i tvilstilfelle var dei skrivemåtane som var brukt i ordboka Duden, normgjevande for det tyske språket.

Professor Dieter Nerius ved universitetet i Rostock i Aust-Tyskland var ein av dei som var lei av maktstillinga til Duden. Han ynskte ei meir rasjonell rettskriving som ikkje var så prega av danningsborgarskapens ballast som det Duden-ordboka var. Nerius kom godt overeins med dei vesttyske reformpedagogane, og etter at muren fall, slo dei kreftene saman. Nerius har vore leiar for det tyske språkinstituttets kommisjon for rettskriving. I 1997 vart han med i den internasjonale kommisjonen for tysk rettskriving. Han er ein av dei viktigaste fedrane til rettskrivingsreforma.

I 1980 vart den internasjonale arbeidsgruppa for tysk rettskrivingsreform oppretta. Der satt germanistar frå Vest-Tyskland, Aust-Tyskland, Austerrike og Sveits. I 1992 la arbeidsgruppa fram eit utkast, og utkastet gjekk gjennom fleire rundar med endringar fram til 1996. Det året forplikta Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein og fleire andre land med store tyske minoritetar seg til å innføra den nye tyske rettskrivinga innan 1998. Nokre tyske delstatar innførte rettskrivingsendringane alt same skuleår.

Reforma

Målet med reforma var at meir systematikk skulle gjera språket enklare. Det tyske skriftspråket var frå før nokså systematisk i tilhøvet mellom lyd og skrivemåte, men det fanst mange uregelmessigheiter. Lyden s kunne til dømes skrivast som s, ss eller ß. Med den nye rettskrivinga vart ß fjerna etter kort vokal og erstatta av ss. Dermed vart Kuß til Kuss (kyss) og Fluß til Fluss (elv). Etter lang vokal og etter diftong skal ß framleis brukast, slik som i Straße (gate).

Om tre like bokstavar kjem etter kvarandre i samansetjingar, skal alle behaldast. Frå før galdt denne regelen i ord der det kom ein konsonant etterpå, som til dømes i ordet Schifffracht (båtfrakt). No blir dei også behaldne etter vokal, som i ordet Schifffahrt (båtreise). Regelen gjeld også for vokalar, til dømes i ordet Seeelefant. For å gjera det meir lesarvenleg kan ein bruka bindestrek og skriva See-Elefant og Schiff-Fracht.

Nokre ord har fått omlyd med ä i staden for e slik at ein bevarer ordstamma, Stengel (stengel) kjem frå Stange (stang) og skal difor skrivast Stängel.

Fleire framandord har fått ei valfri fortyska skriveform. Praksisen her har tradisjonelt vore slik at utanlandske ord har halde på den utanlandske skrivemåten. I mange ord har ei tysktilpassa skriveform etter kvart fått gjennomslag, Telephon er til dømes vorte til Telefon. Ordet Portemonnaie (portemoné) fanst før reforma berre med den franske skriveforma, men fekk gjennom reforma ei valfri, «tyskare» skriveform, nemleg Portmonee.

På tysk har ein tradisjon for samanskrivingar med verb, slik som i ordet auseinanderfallen (å falla frå kvarandre) og schwerverständlich (vanskeleg forståeleg). I samanskrivingsspørsmålet har reglane vore uklåre og tvilstilfella mange. Den nye rettskrivinga skil mellom grupper av ord der ein skal ha særskriving, og det som er ekte samanskrivingar. Mellom desse to finst framleis ei rad tvilstilfelle der ein kan velja mellom å dela eller å skriva det saman. Også kommareglane, reglane for bruk av stor forbokstav, for bindestrek og for orddeling ved lineslutt vart endra gjennom reforma.

Dette var den største reforma av rettskrivinga sidan den prøyssiskinspirerte Duden-rettskrivinga vart innført i 1902, så det er ikkje å undrast over at ho møtte massiv kritikk frå fyrste stund.

Kritikk av reforma

Reglane for særskriving og samanskriving har fått mykje kritikk, det same har dei valfrie formene. Dei nye tyske skrivemåtane for lånord er vorte gjort til latter. Kritikarane har trekt fram tilfelle der reglane også etter reforma er usystematiske. Jamt over har folk snakka meir om forvirring enn om klårgjering.

I 1998 vart rettskrivinga offisielt innført i tyske skular, men fram til 2005 skulle den gamle rettskrivinga ikkje bli rekna som feil i skulen. Same året vedtok delstaten Schleswig-Holstein etter ei folkeavstemming å halda på den gamle rettskrivinga. Dette vedtaket vart oppheva i 1999, fordi delstatsforsamlinga frykta at elevane ville bli språkleg isolerte. I 2005 kravde delstatane Bayern og Nordrhein-Westfahlen at den endelege gjennomføringa av reforma måtte utsetjast med eitt år.

«Vi kan ikkje og vi får ikkje lov til å delta i denne byråkratiske arrogansen. Invitasjonen tener bare til å kompromittera oss og foreiningane våre. Vi, i alle fall dei fleste av oss, er ikkje medløparar for denne reforma», skreiv Elfriede Jelinek i eit ope brev til sine forfattarkollegaer i oktober 2004, berre nokre veker før ho vart tildelt nobelprisen i litteratur. I brevet oppmoda ho til boikott av ei reform ho aldri hadde skjønt vitsen med. Ho avsluttar brevet med å seia at «det nest beste er ikkje noko for oss, fordi vi er språkets perfeksjonistar».

Jelinek er berre ein av fleire tonegjevande forfattarar som har protestert. Også Günther Grass, Martin Walser og Siegfried Lenz har oppmoda til ei fullstendig tilbaketrekking av reforma. Tysklands fremste litteraturkritikar, Marcel Reich-Ranicki, har kalla reforma ein katastrofe.

2004 var også det året då presseboikotten av språkreforma tok til for fullt. Nyhendemagasinet Der Spiegel vedtok å gå tilbake til den gamle rettskrivinga. Det same gjorde den liberale storavisa Süddeutsche Zeitung og alle avisene som mediehuset Axel Springer eig. Bild Zeitung, Tysklands største avis, er blant dei. Den store konservative avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung vedtok alt i 2000 å sjå bort frå den nye rettskrivinga, noko som var til stor glede for den store lesarkrinsen.

I samband med avgjerda om å venda tilbake til den gamle rettskrivinga uttalte Spiegel-redaktøren Stephan Burgdorff 8. april 2004 at han tykte at overgangen til den nye rettskrivinga var ein tabbe. Når reforma var så upopulær, såg han ingen grunn til å halda på henne. Grunngjevingane frå Süddeutsche Zeitung og Axel Springer-konsernet likna på dei som hadde kome frå Spiegel-redaktøren. Sidan den gong har ikkje rettskrivingsreforma vorte meir populær blant folk flest. Ifylgje ei meiningsmåling  frå det vidgjetne Allensbach-instituttet frå juli i fjor ville berre åtte prosent av tyskarane ha den nye rettskrivinga, 61 prosent var mot og 31 prosent brydde seg ikkje.

Rettskrivingsreforma blir også motarbeidd med rettslege middel. Sidan 1998 har skuleeleven Josephine Ahrens ført ein juridisk kamp for å få bruka den gamle rettskrivinga i skulen utan at dette skal reknast som feil. I oktober i fjor sa ho til Der Spiegel at ho fører kampen slik at andre skal sleppa «å læra dette tullet» (den nye rettskrivinga).

Kva no?

I februar i år la rådet for tysk rettskriving fram ei rad framlegg til endringar i reforma. Denne endringa skulle revidera fleire punkt som har møtt mykje kritikk. Fleire samanskrivingar skal tillatast, og fleire store forbokstavar blir obligatoriske. Kommareglane vart også justerte.

På ein kulturministerkonferanse i mars i år gjekk alle dei tyske delstatane inn for endringane. Frå 1. august 2006 skal den nye, omarbeidde versjonen av rettskrivinga vera undervisningsgrunnlag i alle tyske skular. Etter ei overgangstid på eitt år skal dette vera gjeldande rettskriving for alle. Skal tru om det held denne gongen?

Språkperfeksjonistar ville ikkje ha den nye rettskrivinga. Folkemassane har heller ikkje omfamna henne. I dag rapporterer dei fleste om at det er forvirringa som rår i rettskrivingssaka. Både skuleelevar og lærarar er usikre på kva som er den nye og den gamle rettskrivinga. Avisene og fleire forlag fylgjer dei rettskrivingsreglane som passar dei sjølve, og bøkene til forfattarar som Ingeborg Bachmann, Heinrich Böll og Hermann Hesse fylgjer den gamle rettskrivinga. No har både rådet for tysk rettskriving og politikarane sagt sitt. For alle dei som framleis er forvirra, er det likevel håp i sikte. 22. juni i år kom den 24. utgåva av Duden med alle dei nyaste oppdateringane.

Tidsline

1996 På eit møte i Wien vedtek dei tyskspråklege landa saman med representantar for land med ein stor tyskspråkleg minoritet at ei ny rettskriving skal innførast i skulen i 1998.
1998 Tysk høgsterett avviser klagemålet frå sinte foreldre i Lübeck som hevdar at rettskrivingsendringa strid mot grunnleggjande rettar. Same året trer reforma i kraft.
2000 Avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung går tilbake til den gamle rettskrivinga.
2004 Avisene Süddeutsche Zeitung, Bild Zeitung, Die Welt og nyhendemagasinet Der Spiegel vedtek å gå tilbake til den gamle rettskrivinga.
2005 I 14 tyske delstatar blir den gamle rettskrivinga rekna som feil. Bayern og Nordrhein-Westfahlen vegrar seg og går inn for å forskyva reforma med eitt år.
2006 Frå 1. august skal den nye rettskrivinga gjelda i alle tyske delstatar.

 

-- Astrid Sverresdotter Dypvik er skribent og masterstudent i historie ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter