Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906

AV ELI BJØRHUSDAL

For hundre år sidan, om ettermiddagen 4. februar, møttest 137 målfolk frå heile landet i Turnhallen i Kristiania. Av desse 137, som eit halvt døger seinare skipa Norigs Maallag, var 131 menn og seks kvinner. Seks av 137 er ikkje eit veldig imponerande tal. Representasjonen på skipingsmøtet gjev likevel ikkje eit heilt godt bilete av rolla til kvinnene i målrørsla frå hundreårsskiftet og framover. Kvinner var sentrale i fleire landsmålsinstitusjonar som var med på å leggje grunnlaget for at Mållaget kunne skipast i 1906.

For ettertida er det særleg dei skrivande, intellektuelle målkvinnene Hulda Garborg (1862–1934), Karen Grude Koht (1871–1960) og Marta Steinsvik (1877– 1950) som er synlege. Dei var aktive skribentar og uvurderlege redaksjonsmedarbeidarar i dei sentrale målpublikasjonane Den 17de Mai ogSyn og Segn, dei var sjølvstendige kulturentreprenørar og konene til framståande målmenn. Miljøet kring Garborgane og Steinsvikane i Asker, både det som kom av samlokaliseringa av heimane deira på Labråten i Asker, og det som vart skapt av Den 17de Mai, kan ein knapt nok overvurdere når ein skal sjå på framdrifta til målrørsla frå hundreårsskiftet. Mindre kjent er det at denne målkvinneeliten òg drog i gang ein norskdomssalong i 1900, Oslo Gilde, som vart ein viktig møteplass for sentrale delar av den norske venstreeliten kring unionsoppløysinga. Oslo Gilde var langt på veg organisert og styrd av kvinner i og kring målrørsla. Det var ikkje minst viktig for kvinnene sjølve: Slik skapte dei seg eit kjønnsblanda rom for samvere og meiningsutveksling.

I det fylgjande skal eg konsentrere meg om to viktige landsmålstiltak der målkvinner i hovudstaden gjorde seg sterkt gjeldande.

Den norske marknaden

Nokre år før skipinga av Oslo Gilde sette Den 17de Mai-miljøet i gang eit tiltak som skulle vise seg å bli avgjerande i oppbygginga av den organiserte målrørsla. Den norske marknaden (målmarknaden) i 1898 vart den fyrste store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Føremålet var å samle inn pengar til landsmålsfondet Målkassa. Eit år i førevegen vart målfolk over heile landet sett i sving med å samle inn pengar og salsobjekt, og då det endeleg braka laus på Tivoli-området (som låg om lag der Høyres hus no ligg) i september 1898, fekk hovudstadspublikummet oppleve ridande opptog, felespel, bunadframsyning og amatørteater, kafear med norsk bondekost, dans, tombola og lutspel av alle slag. Nasjonale profilar som Arne Garborg, Fridtjof Nansen og Jørgen Løvland tala, og Hulda Garborg stod for teateroppsetjingane.

Målmarknaden vart ein suksess på alle vis. Han var det klårt største fellestiltaket til målfolket til då, og han gav idear, sjølvtillit og ikkje minst eit durabeleg økonomisk overskot til seinare målpolitiske tiltak. Kven gjekk så i bresjen? I litteraturen er det oftast to menn som vert nemnde: den i ettertid ukjende Julius Werner i tillegg til Halvdan Koht, som sjølv meir enn gjerne har fortalt om sine nattlege sykkelturar med tusenvis av loddkroner i sekken. Men i den Kohtske myteglansen har mykje kvinnearbeid bleikna. Invitasjonane som vart prenta i dei store avisene i tida før målmarknaden, fortel at det sat ni menn og åtte kvinner i arbeidsnemnda, og samtidige referat fortel òg at det fyrst og fremst var kvinner som styrde arbeidet med marknaden. Erling Steinbø, skrivar for arbeidsnemnda, hevda i ei oppsummering i Den 17de Mai at marknaden aldri kunne vorte gjennomførd hadde det ikkje vore for desse kvinnene.

Så kven var dei? Det var Fredrikke Marie Qvam (1843–1938), profilert venstrekvinne og målkvinne og samstundes leiar i Landskvinnestemmerettsforeningen – den klårt største kvinnerøysterettsorganisasjonen i Noreg. Qvam hadde både før og etter 1898 hatt dei fleste tillitsverva som den norske kvinnerørsla kunne by på, og det var ho som organiserte den store kvinneunderskriftsaksjonen for unionsoppløysing i 1905.

Her var òg Anetta Garathun (1856– 1950), som dreiv eige forlag og bokhandel i Kristiania frå 1894 til 1902. Ho gav ut åtte landsmålsbøker, mellom anna Kari Lidi (1895) av Brita Bjørgum og Wilhelm Hauffs Eventyr (1896), omsett av Marta Steinsvik.  A. Garathuns Forlagsbokhandel må ha vore ein møteplass for målfolk på den tida, ettersom han var ekspedisjonssentral for Det norske Samlaget og stod for utsendinga av Syn og Segn. Det vil truleg seie at mykje målfolk kom og gjekk der.

I arbeidsnemnda var elles Anna Grue (1862–1944), som var forretningsstyrar og dagleg leiar i Målkassa, og som seinare vart mangeårig leiar i Norske Kvinners Sanitetsforening. Det var Hulda Garborg og Marta Steinsvik som hadde mest med teateroppsetjingane å gjere – Marta Steinsvik som skodespelar, Hulda Garborg som teatersjef og instruktør. Dei tre andre kvinnene i arbeidsnemnda var Karen Grude, Gudrun Bentsen – seinare ei av kvinnene i leiinga i Bondeungdomslaget i Oslo – og Helga Johansson – som i mine kjelder berre har dukka opp denne eine gongen.

No var målmarknaden bygd på praktisk arbeid som koking, servering, kjøp og sal, og såleis er det ikkje så merkeleg at det var damer som måtte ta ansvar for gjennomføringa. Ein skal likevel merke seg at kvinnene i arbeidsnemnda var langt meir enn kaffikokarar og loddseljarar. Fyrst og fremst representerte dei sterke røynsler frå administrasjon, organisasjonsliv og forretningsdrift.

Bondeungdomslaget i Oslo

Den norske marknaden skaffa den enno uorganiserte norske målrørsla ein pen slant på 20 450 kroner, godt over millionen i dagens kroner. Like viktig var det nok at marknaden i 1898 sette i gang eit skred av liknande tiltak over heile landet. Pengane som lokale mållag og ungdomslag fekk inn frå desse marknadene, vart nytta i oppbygginga av lagsbruk, hotell og kafear som igjen var med på å finansiere målreisinga frå starten av 1900-talet. Slik var Den norske marknaden med på å leggje den materielle grunnsteinen for nynorsk skriftkultur.

Ein sentral målinstitusjon som vart etablert i kjølvatnet etter målmarknaden, var såleis Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) i 1899. Halvdan Koht skriv at «Kaffistova som [BUL] grunnla, og som vart så populær, var beint fram laga etter mønster frå ’Den Norske Marknaden’». Fundamentet for den nye organisasjonen var kvinnerøynsler og kvinnearbeid, noko som er med på å forklåre det heller store kvinneinnslaget i dei fyrste leiingane i Bondeungdomslaget.

Margit Bruun (1875–1958) var den mest markerte kvinna i den fyrste tida til BUL. Ho har sjølv fortalt om korleis ho vart med: Hausten 1899 vart ho kalla inn til drøfting om eit nytt ungdomslag i Kristiania, og der møtte ho Marie Kviberg og Gunvor Dobloug, som ho hadde arbeidd saman med på Den norske marknaden året før. Ho fortel at ungjentene alt fyrste kvelden var aktive i ordskiftet, og at dei «... ikkje visste ordet av det fyrr me kom inn i styret alle tri». Dette var styret i den førebuande arbeidsnemnda for det nye laget, og her sat dei tre jentene i lag med to gutar. På det fyrste ordinære årsmøtet i 1900 vart Margit Bruun vald til varaformann under formannen Klaus Sletten, som ho seinare gifte seg med, og av dei tre andre i styret var to jenter, Marie Kviberg og Gunvor Dobloug. Av tre varafolk var òg to jenter: Sigrun Høyem og Gudrun Bentsen. Gudrun Bentsen var då òg ei av dei som sat i arbeidsnemnda for målmarknaden to år tidlegare.

«Det er nok likt til at kvendi vert haldne gjævast i laget», skreiv Den 17de Mai etter årsmøtet, då jentene sat på fem av åtte styreplassar. Skikken med å ha mange jenter i styra i Bondeungdomslaget heldt seg då òg frametter tiåra. På møtet i Turnhallen i 1906 hadde laget fire valde utsendingar. To av dei var kvinner.

Forklåringa på den høge kvinnerepresentasjonen kan liggje i Kaffistova. Det er ikkje utenkjeleg at planane om slik forretningsdrift gjorde det føremålstenleg å ha kvinner i leiande posisjonar. Det er då òg serleg i forretningsstyra til BUL at kvinnene seinare har site sentralt. Det skal ha vore Marie Kviberg som tok initiativet til kafédrift i laget, og ho sat då naturleg nok i det fyrste forretningsstyret for Kaffistova, som vart opna i 1901.

Ein annan grunn til den store kvinnedeltakinga i Bondeungdomslaget var nok òg at laget var røtt i den frilyndte, grundtvigianske tradisjonen, som jamt over var langt framme i praktisk kvinnepolitikk. Kontakten mellom folkehøgskulerørsla på den eine sida og målmarknadskvinnene og Bondeungdomslaget på hi sida finn ein for det fyrste på det personlege planet. Til dømes hadde sentrale målmarknadskvinner som Fredrikke Qvam og Anette Garathun samband med den frilyndte rørsla. Qvam var opphavleg frå Nord-Trøndelag der ho på 1880-talet hadde vore i krinsen kring folkehøgskuleskiparen Marius Hægstad, medan Garathun hadde gått på den vidgjetne danske folkehøgskulen i Askov. Karen Grude hadde òg byrja lærargjerninga si som deltakar på folkehøgskule og målkurs, og Gudrun Bentsen var dotter av Kamma og Lars Bentsen, skiparane av folkehøgskulen i Nord-Trøndelag i 1868. Også Margit Bruun var dotter av folkehøgskulefolk. Ho var vaksen opp på folkehøgskulen Vonheim i Gausdal, far hennar var folkehøgskulepioneren Christoffer Bruun (1839–1920). Seinare gjekk ho òg på Askov. Ho var dessutan kassastyrar i Noregs Ungdomslag i tolv år frå 1901.

I målmarknaden og i BUL hadde altså kvinner leiande posisjonar; dei sat i styra og var strategar og forretningsdrivarar på line med menn. Det skal ein slett ikkje kimse av. BUL var det klårt største og mest ressursrike mållaget i landet, det var sjølve bruhovudet for landsmålet i Kristiania og utgjorde massegrunnlaget for målreisinga der. Målstemna i 1906 hadde nok greidd seg godt utan dei seks kvinnelege utsendingane, men det er tvilsamt om ho hadde kome i stand utan den store kvinneinnsatsen i Kristiania-målrørsla i åra før. Og framleis er det slik at Bondeheimen og Kaffistova utgjer det mest synlege nynorske innslaget i gatebiletet i Oslo sentrum.

 

-- Eli Bjørhusdal er stipendiat i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter