Spørsmål og svar

Spørsmål: Då eg slo opp på ’farsi’ på heimesida til Språkrådet, kunne eg lesa dette: «hovedspråket i Iran, også kalt persisk (s.d.) eller nypersisk», men eg finn inga oppføring på ’persisk’. I den siste utgåva av Bokmålsordboka kan det sjå ut som begge nemningane er like gode. Er det ’farsi’ eller ’persisk’ som er det rette?

Svar: Ordet ’farsi’ kom inn i Tanums store rettskrivningsordbok i 1983. Grunnen til at ordet vart teki inn i boka, kan ikkje vera vedtak i Norsk språkråd, for noko slikt finst ikkje.

Tanken attom det å ta inn farsi i ordboka har vel vori at ein meinte at det var meir ’korrekt’ å nytta den nemninga som dei som talar dette språket, sjølve brukar. Men skal ein følgja ein slik tankegang, må jo ’norsk’ kallast ’norsk’ på persisk (og for den del på alle andre språk i verda), og det er heilt uaktuelt. Dessutan har dei fleste av dei nokolunde godt kjende språka særnorske nemningar. Dei språka som vi kallar ’litauisk’, ’latvisk’ og ’armensk’, til dømes, heiter ’lietuviu kalba’, ’latviesu valoda’ og ’hajots lezu’ på heimespråket. Og når me ikkje nyttar dei nemningane som høyrer heime i desse språka, kvifor skal me da gjera det annleis med ’farsi’, som er den persiske nemninga?

’Persisk’ har lang tradisjon i norsk, og å ta inn ’farsi’ er eit brot med tradisjonen. Forma ’nypersisk’ skulle også vera uturvande for iranaren Mano Amarloui har kalla ordboka si  ’Norsk-persisk ordbok’.

Det er ikkje berre me som meiner at ’persisk’ er den rette nemninga. Finn Thiesen, førsteamanuensis i persisk ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studium ved Universitetet i Oslo (han er rett nok dansk) bruker nemninga ’persisk’. I artikkelen ’Om språkforholdene i Pakistan’ i nummer 3–4 2003 av Språknytt står det t.d.:

«Også opp gjennom middelalderen hadde den muslimske overklassens språk vært persisk (og delvis også tyrkisk), og det hadde funnet sted en stadig innvandring av persisktalende muslimer fra Iran og Sentral-Asia.»

’Persisk’ er altså ordet. Det har også den fordelen at det kan nyttast både som substantiv og som adjektiv. Det kan ikkje ’farsi’, som ikkje kan vera adjektiv.

Spørsmål: Finst det reglar for korleis ein skal skrive telefonnummer? Skal vanlege åttesifra telefonnummer skrivast i seriar på 2+2+2+2 siffer, og mobilnummer i seriar på 3+2+3 siffer, eller er det fritt fram?

Svar: Vanlege telefon- og faksnummer står i grupper på to siffer, altså 2+2+2+2. Telefonnummer i 400-, 800- og 900-serien skal skrivast i grupper på 3+2+3 siffer. Reglane er fastsette av Post- og teletilsynet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter