Rumensk på ymiskvar lei

AV OLA BREIVEGA

I mai i år fekk eg endeleg oppfylt ein gamal draum. Min gode ven og tidlegare kollega på Universitetet i Bergen, Arne Halvorsen – no professor i romansk språkvitskap på NTNU og den fremste rumenskkjennaren her til lands – har i mange år skipa til studie- og førelesingsferder til Romania, som vel må kunna kallast hans andre fedreland. Hovudmålet for reisene har vore den transilvanske byen Cluj-Napoca, der vi finn det einaste – og særs blømande – norskfaglege universitetsmiljøet i Romania. Dit gjekk ferda i år òg. Sidan nynorsk språk ligg mitt hjarta nær, og med det argumentet at norskstudentane i Cluj-Napoca neppe nokon gong hadde sett ein levande nynorsking bak kateteret, fekk eg parlamentert meg inn i delegasjonen mot ein lovnad om å halda førelesingar om norsk målsoge og det nynorske prosjektet frå Aasen til i dag – på nynorsk. Sjeldan har eg tala til ei meir lydhøyr forsamling, same kva emnet har vore. Nemnde eg eit årstal, visste studentane straks kva det refererte til. 1349? Svartedauden! 1536? Reformasjonen! 1814? Oppløysinga av unionen med Danmark! Det eg hadde å fortelja om det nynorske prosjektet, vart vel motteke, men ingen av studentane konverterte til «sidemålet», det eg kunne sjå. Når sant skal seiast, tykte mange at målstoda i Noreg var underleg. Men demokratisk! 

Standardmål og målføre

Korleis er så den rumenske målstoda? Slår vi opp i leksika, får vi vita at rumensk høyrer til den romanske språkgruppa i den indoeuropeiske språkfamilien. Målet fell i fire hovudmålføre. Det største av dei er dakorumensk (som eg heretter nøyer meg med å kalla rumensk), grunnlaget for det moderne skriftspråket. Dei andre er arumensk, meglenorumensk og istrorumensk. Rumensk blir skrive med latinsk alfabet utstyrt med nokre hjelpeteikn (prikkar, bogar o.a.).

Arumensk, les vi, blir tala av overslagsvis 50 000 i Hellas og av 60 000 i Albania, dessutan her og der i Bulgaria og det tidlegare Jugoslavia. Meglenorumensk blir nytta av om lag 5 000 i det nordvestlege Hellas og i Makedonia. Arumenarane og meglenorumenarane blir ofte kalla vlachar. Vlach er opphavet til det norske ordet vallak (= gjeldhest!), som vi har fått gjennom tysk frå eldre slavisk vlachu. På Balkan blir ordet ofte nytta i nedsetjande tyding («bondetamp»). Istrorumensk blir i dag berre tala av eit fåtal personar (500–1500) i nokre landsbyar på den kroatiske halvøya Istra (italiensk Istria).

Alle dei fire dialektane av rumensk går attende til latin, som vart innførd av romerske nybyggjarar som slo seg ned i koloniane Dacia, Moesia og Illyricum alt under Trajan. Då slavarane trengde inn på Balkan på 500- og 600-talet, byrja kløyvinga i målføre. Påverknad frå ulike grannespråk gjorde sitt til at skilnadene etter kvart vart større. Den eldste teksta på rumensk er tidfest til 1521. Fram til 1600-talet var kyrkjeslavisk det litterære språket, og det som vart skrive på rumensk, vart krota ned med kyrillisk alfabet det òg. Det latinske alfabetet vart ikkje teke i bruk før i 1860-åra. På 1800-talet vart det gjennomført ei romanisering av ordtilfanget med det resultatet at ei mengd innlånte slaviske ord vart erstatta med tilsvarande franske og italienske. Nokre mindre rettskrivingsendringar vart gjennomførde i 1953. Etter at kommunismen gjekk over ende, har rumenarane delvis vendt attende til gamal rettskriving.

I dag talar overslagsvis 26 millionar rumensk, av dei 20,5 millionar i Romania og 2,6 millionar i grannelandet Moldova. I båe landa er rumensk offisielt språk (i Moldova under namnet moldovsk). Ein reknar elles med at det finst om lag 500 000 rumensktalande i Ukraina, 180 000 i Russland, 33 000 i Kasakhstan, 200 000–300 000 i det tidlegare Jugoslavia, 100 000 i Ungarn, 100 000 i USA og 250 000 i Israel.

Rumensk jamført med systerspråka

Attåt rumensk femner den romanske språkgruppa om fransk, spansk, portugisisk og italiensk. Alle er nasjonalspråk. I tillegg kjem dei retoromanske språka med retoromansk, som er nasjonalspråk i Sveits (ved sida av tysk, fransk og italiensk), oksitansk (i Sør-Frankrike), katalansk (mest i Nordaust-Spania), galicisk (i Nordvest-Spania), sardisk (på Sardinia) og det utdøydde dalmatisk (i Kroatia).

Til liks med rumensk har òg dei andre romanske språka utvikla seg frå dei folkelege formene av latin, gjerne kalla vulgærlatin. I dei siste hundreåra før Romarriket brotna under folkevandringane, vart vulgærlatin tala meir eller mindre einsarta på området frå Portugal i vest til Svartehavet i aust. Folkevandringane førde til at dette samanhangande språkområdet vart sprengt og oppkløyvt. Ei rad faktorar, som tidspunktet for latiniseringa, ulike substratspråk (borttrengde språk) og graden av isolering etter at Romarriket fall, kan forklara utviklinga mot ulike romanske språk. Men ikkje før på 700-talet hadde skilnadene vorte så store at ein kan tala om sjølvsten-dige språk. Og ser ein bort frå nettopp rumensk, er det ingen skarpe gren-ser mellom språka så lenge ein tek utgangspunkt i dei lokale målføra. Med utviklinga av skriftspråka, som stort sett bygde på sentrale målføre, har skilnaden vorte større. Men både i   ordtilfang og målbygnad har alle dei romanske språka framleis eit nokså einsarta preg. Når det gjeld uttal-en, har fransk og portugisisk fjerna seg mest frå den latinske lydstrukturen, medan det finst mange likskapstrekk mellom spansk, italiensk og rumensk.

Den latinske kasusbøyinga har overlevt i dei personlege pronomena, men har i alle romanske språk, atter bortsett frå i rumensk (og vel sardisk), gått tapt i substantiva og har vorte erstatta av preposisjonsbruk og fastare ordstilling. Klassisk latin hadde ikkje artiklar, men alle dei romanske språka har utvikla både ein bunden og ein ubunden artikkel, som båe står føre substantivet, atter bortsett frå i rumensk, som har etterhengd bunden artikkel – som i dansk, norsk, svensk, islandsk og færøyisk. Hankjønnsord kan bøyast slik: un biletbiletul (ein billett – billetten), og hokjønnsord slik: o elevâ   – eleva (ei skulejente – skulejenta). Endings-a-en med boge over i den ubundne forma blir uttala om lag som ein trykklett norsk e (jf. ei due – dua). Det latinske systemet med tre grammatiske kjønn har overalt vorte redusert til to (maskulinum og femininum), atter bortsett frå i rumensk, som i tillegg har ein blandingskategori som blir kalla nøytrum.

Ordtilfanget byggjer i hovudsaka på latin, men lånord frå ymse grannespråk og innflyttarmål har i ulik grad prega dei romanske språka. Mykje å seia har det òg hatt at latin lenge overlevde som kyrkjespråk i vest, medan gresk og kyrkjeslavisk hadde denne rolla i aust. Arabiske lånord er talrike i spansk og portugisisk, fransk har eit etter måten stort innslag av germanske ord, medan rumensk har lånt frå slavisk, ungarsk, gresk og tyrkisk. Trass i den nemnde romaniseringa av ordtilfanget, har rumensk framleis ein god del slike innslag. Den ulike utviklinga latinen har hatt i dei ulike delane av Romarriket, kan eit stykke på veg òg koma av påverknad frå førromanske substrat (til dømes keltisk for fransk og dakisk for rumensk).

Transilvania

Dette var hovudinnhaldet i den romanskfaglege ferdanista mi då eg sette meg på flyet som skulle føra meg frå Oslo til Bucuresti via Amsterdam, der eg slutta meg til resten av delegasjonen, som var komen ned frå Trondheim. Etter ein føremiddag i Bucuresti dagen etter, som vart meir hektisk enn vi hadde tenkt oss, på grunn av treg lunsjservering, kunne vi ta plass i ei framifrå jernbanevogn og byrja på den sju timar lange reisa nordvestover til Cluj-Napoca, den gamle hovudstaden i det nordvestlege hovudlandskapet i Romania, som på rumensk altså blir kalla Transilvania. Frå gamalt har byen to namn til: Klausenburg på tysk og Kolozsvár på ungarsk, og landskapet blir tilsvarande kalla Siebenbürgen på tysk og Erdély på ungarsk – vitnemål om at her har rumenske, tyske og ungarske interesser kjempa om hegemoniet i hundrevis av år. Framleis er det ungarske innslaget godt merkande, medan det tyske er sterkt redusert på grunn av utvandring til Tyskland dei siste tiåra. 

På den lange togreisa blir det rikeleg høve til å få utvida leksikonskunnskapen om rumenske språktilhøve eg hadde skaffa meg før avreisa. Så, medan toget rullar bedageleg over det sørrumenske slettelandet og finn seg eit trongt elvefar det kan følgja gjen-nom Karpatane på veg mot destinasjonen, gjev ein lettbeden og oppglødd delegasjonsleiar meg del i sine rumenske, særleg arumenske, innsikter. Dei har han skaffa seg gjennom boklege studium, sjølvsagt, men òg på strabasiøse granskingsferder til dei mest avkrøkte balkanske avkrokar.

Meir om arumensk

Langt nord på det greske fastlandet, der Pindosfjella byrjar å reisa seg, ligg ein liten by som offisielt heiter Metsovo. Jamvel med små greskkunnskapar skjønar du at folk her ikkje snakkar gresk. Dei snakkar eit romansk språk, og den som kan litt rumensk, skjønar bitar av det. Mang ein turist vil nok undrast på kva folk dette er, og korleis det kan ha seg at det blir snakka romansk midt i tjukkaste Hellas.

Sjølve kallar dei seg armâni, på norsk arumenarar, noko som klårt viser at dei er medvitne om at språket deira har røtene sine i Roma eller Romarriket. Ein av dei meir iaugefallande skilnadene mellom arumensk og rumensk går elles fram nettopp av ord som armâni og arumensk: Arumensk har til skilnad frå rumensk ein såkalla protetisk a, særleg ved ord som tek til med r.

Det er altså Romarriket arumenarane kan takka for språket sitt. Det kan kanskje vera på sin plass å minna om at Romarriket på dei kantar av verda iallfall bolkevis strekte seg langt nordover langs Svartehavet og femnde om mykje av det som i dag går under namnet Romania. Frå år 275 gjekk nordgrensa ved Donau. At keisar Konstantin flytte hovudstaden frå Roma austover til det som skulle bli Konstantinopel (i 330), førde ikkje til noko automatisk skifte av språk – frå latin til gresk. Administrasjonen nytta framleis latin, og på Balkan levde dei to språka side om side i mange hundre år. Det var ikkje før i det sjuande hundreåret at Det austromerske riket byrja å få eit klårt gresk preg, men jamvel då var det til dømes eit krav at militære ordrar skulle gjevast på latin, og keisartittelen var latinsk heilt til år 629. Men som det er sagt: «Der latin og gresk møtest, kjem gresk til å vinna.» Det vart då òg resultatet i det noverande Hellas, men med øyar av romansktalande folk, og dét i område som ligg langt sør for der ein trur grensa gjekk mellom gresk og latin så lenge Romarriket stod (langt oppe i Albania).

Freistnadene på å forklara fenomenet er i høg grad påverka av kva nasjonalitet teorilagarane har, og sjeldan ser ein så mykje kvasivitskap teke i bruk i nasjonalismens teneste. Grekarane – som helst ser at folkesetnaden har vore den same frå antikken – hevdar at arumenarane er etterkomarar av romerske legionærar som var sette til å vakta Via Egnatia, hovudvegen i dei tider mellom Roma og Konstantinopel, og som skal ha fått born med greske damer. At desse legionærane skulle ha tid og lyst til å gå heim og læra borna sine latin når dei ikkje var på vakt, er vel lite sannsynleg. Rumenarane – som  kallar arumensk ein rumensk dialekt – meiner på si side at det ein gong fanst ei storrumensk eining nordanom Donau, og at nokre av desse folka flytte sørover og greidde å ta vare på det romanske språket sitt. Også denne forklaringa er heller tvilsam. Ein del lingvistiske data kan tolkast dit at heile området der det vart tala romansk – både nord og sør for Donau – vart delt i to av slavarane då dei byrja å strøyma sørover og okkuperte store delar av Balkan på 600-talet. Ungararane òg nyttar arumenarane i sin nasjonalistiske kamp med rumenarane: Dei påstår at arumenarane er dei siste attverande av den folkesetnaden som tala latin sør for Donau, medan resten vandra nordover på 1100-talet og folkesette Romania, det vil seia framfor alt Transilvania, som ungararar og rumenarar kivast om. Den forklaringa høver godt til den ungarske påstanden om at då ungararane kom austfrå på 800-talet, fann dei Transilvania/ Erdély folketomt. Vi kjenner att argumentasjonen frå andre fleiretniske område: Den som kjem fyrst, har retten til landet. Dessverre for ungararane stør ikkje arkeologiske funn denne for dei så optimistiske teorien: Transilvania har vore folkesett ubrote frå lenge før den romerske invasjonen. Ein siste teori skal nemnast, nemleg at arumenarane er ætlingar av dei siste av dei latintalande innbyggjarane som busette seg i det gamle Makedonia etter at landet vart innlema i Romarriket i år 148 før Kristus. At rumensk og arumensk skulle bli så pass like med så ulike substrat, veikjer klårt denne hypotesen. Og arumenarane, dei hevdar som grekarane – for dei er på mange måtar meir greske enn grekarane sjølve – at dei er etterkomarar av romerske legionærar.

Om ein no forlet Metsovo og dreg vidare vestover og nordover og like før ein når Albania snur austover inn i dei villaste delane av Pindosfjella, så kjem ein til det arumenske kjerneområdet. 1450 meter over havet ligg til dømes den høgastliggjande landsbyen på Balkan, Samarina. Her bur det 50 000 sauer og 5 000 arumenarar, som framleis praktiserer det ein nordmann ville kalla seterdrift. Det har dei gjort i uminnelege tider. Dei har sauene nede på slettelandet om vinteren og gjeter dei i store flokkar oppe i fjella om sommaren. Skilnaden frå norsk seterdrift er likevel lett å få auga på: Gjetarar med hundar passar på saueflokkane ute på høgsletta og overnattar i svært enkle krypinn, medan landsbyen har eit villvestpreg, med ein plass omkransa av kneiper og enkle overnattingsstader for gjetarane når dei har fri. Her oppe i fjella finn vi kanskje forklaringa på at arumenarane har greidd å ta vare på språket sitt gjennom så mange hundre år. Dei har i alle år vore halvnomadar og hatt tilhald i ville og særs lite tilgjengelege fjellområde. Kvifor dei fleste er å finna i slike ville fjell, kan kanskje forklarast ut frå det som skjedde i år 602 etter Kristus, då den romerske grensa ved Donau brast og Balkan vart invadert av slaviske folkestammer som tvinga andre folk til område der dei kunne finna livd.

Det er elles ikkje så mykje vi veit om soga til arumenarane opp gjennom hundreåra. Eldste teksta deira skriv seg frå 1700-talet. Dei hadde elles ei stortid på 1000- og 1100-talet, då dei greidde å skipa statar i Thessalia og sørdelen av Makedonia. Dei var òg med på å skipa eit bulgarsk rike, som var sjølvstendig til ut på 1300-talet. Så blir det stilt om arumenarane til dei dukkar opp att under den greske fridomskrigen mot tyrkarane (1821–1829), då til og med mange av leiarane var arumenarar. Elles gav det ottomanske styret relativt gode vilkår for arumenarane. Dei vart etter kvart rekna som ein eigen millet (nasjonalitet) med rett til eigne skular og eiga kyrkje.

Under andre verdskrigen, då aksemaktene okkuperte Hellas, vart det gjort ein freistnad på å skipa ein sjølvstendig arumensk stat i Pindosfjella og Tessalia – med italiensk hjelp. Det fekk arumenarane svi kraftig for etter krigen, for det fekk Hellas til å ottast at arumenarane hyste alvorlege separatistiske tankar. Resultatet er at arumenarane i dag freistar å stå fram som dei mest greske av alle grekarar.

Og det er i grunnen situasjonen i dag. Dei arumenarane som kanskje kunne ynskja seg ein meir tydeleg arumensk identitet, ligg svært lågt i terrenget. Grekarane, som i eit svært så nasjonalistisk Europa må seiast å lig-gja i teten, har sidan 1951 ikkje registrert etniske minoritetar. Dei går i beste fall med på at landet har innbyggjarar som dei kallar framandspråklege grekarar, men reknar vel eigenleg berre med religiøse minoritetar, i praksis muslimar.

***

Så langt min ven Arne. Eg hadde vona at eg på turen sørover att (då vi mellom anna gjorde ein stogg i Draculas heimby, Sighisoara), skulle få ei tilsvarande utgreiing om meglenorumenarane og dei istrorumensktalande kroatane, men det vart det dessverre ikkje noko av. Men kven veit, kanskje byd det seg eit høve til det alt neste år.

 

-- Ola Breivega er cand.philol. og har dei siste 17 åra arbeidd som språkkonsulent (frilans). Frå desember 2005 er han tilsett som seniorrådgivar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter