Leiar: Quo vadis, Språkrådet?

Ein av våre språkprofessorar skreiv nyleg at ’ingen vet noe om språkrøktens framtidige organisering i Norge’. Påstanden er vel ei lita overdriving, viss det då ikkje er slik at vedkomande følgjer dårleg med. Dei som har følgt med, veit at noko har vore klart ei stund. Og no i november 2005 er alt det viktige avklara, slik at frå og med januar 2006 står statens språkorgan fram i ny skapnad. Alt går etter den planen som Stortinget og departementet har skissert.

Det nye organet blir tredje generasjon språkråd. Norsk språknemnd verka frå 1952 til 1972. Tilnærming mellom bokmål og nynorsk var gjeldande språkpolitikk den gongen. Frå 1972 og fram til 2004 hadde me Norsk språkråd. Linja med tilnærming mellom bokmål og nynorsk vart etter kvart oppgjeven. Den store reforma kom til å bli bokmålsrettskrivinga av 1980 og 2005. Tradisjonelle og moderne former vart likestilte, slik at Aftenposten i dag praktisk talt er på line med bokmålsrettskrivinga; slik var det som kjent ikkje før.

På totusentalet har det vorte berrsynt at språkpolitikken burde få eit nytt innhald og ei anna organisering, tilpassa dei ny utfordringane som språket vårt står overfor. Åra 2004 og 2005 har vore nytta til å arbeida med dette, og no står reisverket ferdig.

Det nye namnet er Språkrådet. Kort – og me meiner – godt.

I den nye organiseringa blir styret oppnemnt av kulturministeren. Ein direktør har erstatta dei to tidlegare kontorsjefane (ein for bokmål, ein for nynorsk). Det gamle rådet med 38 representantar blir erstatta av fire mindre fagråd (maksimum ni medlemmer i kvart) – eit for rettskriving, eit for statsspråk, eit for fagspråk, eit for styrking av norskens stilling i samfunnet (undervisning, media, næringsliv, språkteknologi).

Den nye språkpolitikken har eit utval sete med i over eit år. Gruppa la fram innstillinga si 27. oktober på ein større konferanse i Bærum kulturhus.

Organisering og språkpolitikk – dette har vore hovudsakene siste året. Utkastet til ny språkpolitikk blir presentert av professor Gjert Kristoffersen i dette nummeret.

Det tredje rådet er i gang.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter