Filleonkel og filletante

AV LARS S. VIKØR

Dette emnet har vore behandla i Språknytt før. I nr. 3 1974 spurde Språkrådet lesarane om opplysningar om desse orda, tyding og opphav. Tydelegvis kjende ingen seg kalla, for det kom ikkje meir i bladet før det var gått ti år. Nøyaktig ti år: I nr. 3 1984 står det ei lita samanfatting av den informasjonen som fanst. Men orda er framleis vage, og det kan vere grunn til å sjå nøyare på dei.

Kva seier ordbøkene?

I dei einspråklege norske standardordbøkene er orda definerte på ulike måtar. I den eldste, Norsk Riksmålsordbok (1937), står det: «fars eller mors fetter» resp. «kusine». Same definisjonen har ordbøkene til Tor Guttu på Kunnskapsforlaget (i ulike utgåver under ulike namn, m.a. Norsk illustrert ordbok frå 1993). Bokmålsordboka, derimot, har fire tydingar på filleonkel, med tilvising dit frå filletante:

«1 mann til tante 2   særl i bymål: fars el. mors fetter 3 onkel til far el. mor 4 nær mannlig venn av familien, i forhold til barna».

Denne struktureringa er overteken frå Norsk Ordbok, der det under filleonkel (også her berre med ei tilvising under filletante) står slik:

«1) ektemann til far- el morsyster (heller vanl). 2) (serl i bym.) fetter til far el mor (NRO). 3) onkel til mor el far (RisørM,GrimstadM); (òg) annan fjern mannleg slektning (RisørM). 4) (i vidare bruk) nær mannleg ven av ein familie i høve til borna i denne familien.»

Nynorskordboka har derimot rasjonalisert:

«slektning el omgangsven som blir kalla onkel utan å vere det; særl: mann til tante».

Endeleg kan vi nemne at supplementet til Norsk Riksmålsordbok i tillegg har ført inn orda fillenevø og -niese: «nevø, niese som er barn av ens fetter ell. kusine».

Mønsteret ser altså ut til å vere at tydinga «inngifta onkel eller tante» står sterkast i det nynorske (og dialektale, noko som også artikkelen i Språknytt nr. 3–1984 tyder på, for der er det opplyst at heimelsfolk frå ulike landsdelar hevdar dette), mens tydinga «syskenbarn til far eller mor» dominerer i bymål og bokmål (riksmål). I tillegg har vi tydinga «gammalonkel, gammaltante» (eller «grandtante») frå Risør og Grimstad (kanskje noko tilfeldig registrert, men i alle fall verkar ikkje denne tydinga særleg utbreidd). Og endeleg har vi ei ganske vag tyding som Nynorskordboka formulerer som hovudtyding, og som Norsk Ordbok gir opp som siste tyding utan kjeldefesting.

Berre i norsk

I nærskylde språk – eller andre språk, for den del – finst ikkje desse orda, ifølgje dei største og viktigaste ordbøkene. Dei finst heller ikkje i dei eldste norske ordbøkene til Aasen, Ross og Schjøtt. Dei tidlegaste belegga på denne bruken av fille- som eg har funne, skriv seg frå John Brynildsen: Norsk-Engelsk Ordbog (1917) og Norsk-Tysk ordbog (1926) (om Brynildsen, sjå Tor Guttus artikkel i Språknytt nr. 1–2 2005 s. 24–25). Og da ikkje filleonkel eller filletante, for ingen av dei orda står, men derimot fillefætter ’distant (or fiftieth) c-n [= cousin] / entfernter (…weitläuf(t)iger) Vetter’, og i den norsk-tyske også fillekusine ’Tochter eines Cousins, einer Cousine’ og fillenevø ’weitläuf(t)iger Neffe’. Desse orda har eg aldri hørt og finn eg heller ingen annan stad, anna enn fillenevø (og filleniese), som i tillegg til i NRO-supplementet (sjå ovanfor) også finst i Hallfrid Christiansen og Niels Åge Nielsen: Norsk-dansk ordbog (1971) med tydinga ’søskendebarns søn / datter’ (der står filleonkel og  filletante òg med NROs tyding). 

Det verkar som desse orda har oppstått i norsk. Det kan vere eit argument for at grunnordet fille er særnorsk; i dansk (Ordbog over det danske Sprog) er det berre nemnt som sjeldsynt lån frå norsk. Det verkar mest truleg at desse slektskapsorda har opphavet sitt i urbane og borgarlege krinsar, kanskje rundt førre hundreårsskiftet, og derfrå har spreidd seg utover landet. Orda onkel og tante (og nevø, niese, fetter og kusine) er i seg sjølve utslag av ein slik urban slektskapsterminologi som har spreidd seg og trengt bort meir spesifikke tradisjonelle termar som farbror, faster, morbror og moster m.m. – men dei er rett nok lånte frå fransk (fetter frå tysk) i utgangspunktet.

Opphavet til fille-prefikset ligg heilt i skodda; det næraste å gjette på er at det kan vere det vanlege nedsetjande forleddet fille- som på ein eller annan måte har fått ein nøytral stilverdi i nettopp desse termane. Det kan ha hatt eit element av «uektheit»: at det ikkje er «ekte» onklar og tanter – eit element vi kan finne attspegla i somme av definisjonane vi har sitert frå ordbøkene. Menfille- i tydinga ’falsk’ finn vi rett nok ikkje i andre ord, med eitt mogleg unntak: fillerose, som er definert i Norsk Riksmålsordbok som ’peon; (også:) valmue’ og kalla «fam[iliært]», og i Norsk Ordbok som ’valmue’ med heimfesting til Andebu (Vestfold). Spørsmålet – som ordbøkene ikkje gir svar på – er om dette kunne brukast som eit nøytralt namn på desse blomane, eller om det var reint nedsetjande. Den normale og svært utbreidde tydinga av fille- er i alle fall ’noko dårleg eller elendig’, og derfor liker vel heller ikkje alle å bli omtala som filleonkel eller -tante. Likevel ligg ikkje desse tydingane lenger frå kvarandre enn at ein overgang mellom dei kanskje er plausibel.

Ein terminologisk synsvinkel

Ser vi på orda frå ein terminologisk synsvinkel, veit vi at utviklinga går mot eit stadig meir vagt og upresist system av slektskapstermar – samtidig som nye familieforhold krev nye spesifikke termar for nye relasjonar. Orda på fille- har to hovudtydingar som er rimeleg presise, nemleg 1) ’inngifta eldre slektning’, og 2) ’søskenbarn til ein av foreldra’. Men i tyding 1 er det meir presist å bruke adjektivet «inngifta», altså å seie inngifta onkel heller enn filleonkel. Oftast kallar ein slike personar rett og slett berre onkel og tante utan noko tillegg, fordi mange opplever desse personane som om lag like nærståande som dei kjøtlege onklane og tantene. Tyding 2, derimot, har vi ikkje noko anna ord eller uttrykk for, anna enn «fetteren til far» osv., og det kan opplevast som ein mangel i språket, eit semantisk tomrom som vi har bruk for eit ord til å fylle. Det er i denne tydinga orda på fille- (både filleonkel, filletante, fillenevø og filleniese) kunne gjere best teneste i språket. Det er også denne tydinga eg sjølv i alle år har forbunde med dei.

Denne artikkelen kan ikkje avsluttast utan eit nytt forsøk på det Språknytt alt tidlegare har prøvd: å be om reaksjonar og supplerande informasjon frå lesarane – både om kva dei meiner orda faktisk tyder (og da vil vi gjerne vite litt om miljø- og dialektbakgrunn og alder), og kva dei eventuelt tykkjer orda burde tyde (eller om dei bør brukast i det heile – somme vil kanskje oppfatte dei nedsetjande). Om nokon har kunnskapar som kan kaste lys over opphavet til orda, vil det vere spesielt interessant å få høre om det.

 

-- Lars S. Vikør er professor ved Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter