Småstoff


Nordmenn forstår mest

Nordmenn er best i Skandinavia når det gjeld forståing av grannespråk, viser førebels resultat frå ei undersøking frå Nordisk språkråd. Undersøkinga har kartlagt kor flinke nordmenn, danskar, svenskar og svensktalande i Finland er til å forstå språka til kvarandre. I kvart av landa vart deltakarane testa i forståing av dei to andre språka. Det var mogleg å få 60 poeng i testen, 30 poeng for kvart språk. Noreg fekk 37 poeng, Sverige 26 og svensktalande i Finland 25. Danmark kom på siste plass med 23 poeng. Nynorsk blir forstått litt betre enn bokmål i Sverige, men dårlegare enn bokmål i Danmark og litt dårlegare enn bokmål blant svensktalande i Finland. Minoritetsspråklege skårar dårlegare i grannespråkforståing enn majoritetsspråklege i alle landa, men skilnaden er størst i Noreg. Førebels resultat frå Oslo tyder på at engelsk blir forstått om lag like godt som grannespråka, og at foreldregenerasjonen forstår omtrent like mykje som dei unge. Elles viser undersøkinga at elevane trur dei er betre i engelsk enn dei faktisk er. Også i førre undersøkinga av grannespråkforståing, i 1976, var Noreg best.

Kontorstøtteprogram på nynorsk

Eit hovudmål i handlingsplanen for norsk språk og IKT, som Norsk språkråd utarbeidde på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet i 2001, er å auke mengda av norskspråkleg programvare, særleg programvare på nynorsk. Ved inngangen til 2004 finst det fire tekstbehandlingsprogram på nynorsk.

Tre av dei er del av programpakkar: OpenOffice (gratis), Skulelinux (testversjon, gratis) og Ms Office 2003 (kommersiell). I tillegg finst tekstbehandlaren AbiWord (gratis), som kom i nynorskversjonen alt i 2000. Programma kan lastast ned her:

Ms Office 2003: www.microsoft.com/norge/
OpenOffice: www.openofficeorg.no/
AbiWord: www.abisource.com/download/
Skulelinux, testversjon: www.skulelinux.no/

Oversyn over nynorsk programvare: www.sprakradet.no

På godt norsk

art director (AD) – kunstnarleg leiar / kunstnerisk leder (teater o.a.); grafisk formgjevar / formgiver (reklame); reklamesjef (arb.liv)
att: (i adresser) – ved, v/ (eller ein kan skrive namnet på ny linje)
audition – prøvespel/prøvespill, rolleprøve, opptaksprøve,
audisjon backup – reservekopi, tryggingskopi/ sikkerhetskopi (IKT)
blackout – jarnteppe/jernteppe; mellombels medvitstap / midlertidig besvissthetstap (med.)
campus – universitetsområde, høgskoleområde
case study – kasusstudie, eksempelstudie
catering – matlevering; selskapsmat; keitering
cookie – informasjonskapsel, kjeks (IT)
cover charge – inngangspengar/ inngangspenger, kuvertavgift, entré
direct mail – direktereklame
disc jockey – plateryttar/platerytter dispenser – behaldar/beholder
display – skjerm, teiknrute/tegnrute

Fleire ord: www.sprakradet.no/paanorsk.htm

Norsk Ordsamling kjem ut på nytt

Laurents Hallagers Norsk Ordsamling vart første gongen prenta i 1802 og var den største norske ordboka før Ivar Aasens tid. Boka førte vidare ein tradisjon med norske bygdemålsordbøker som hadde røter attende til 1600-talet. Ho spela ei viktig rolle i norsk språkleg bevisstgjering og nasjonsbygging i første helvta av 1800-talet. No er boka komen ut på nytt, på forlaget Vigmostad Bjørke og med ei innleiing av Lars S. Vikør. Laurents Hallager (1777–1825) var fødd i Bergen og døydde same staden. Han tok medisinsk utdanning og doktorgrad, og arbeidde som lege i Bergen. Ved sida av medisinen interesserte han seg særleg for språk. Han var berre 23 år gammal då han laga Norsk Ordsamling.

Nynorsk i opplæringa

Nynorsk kultursentrum har nyleg gjeve ut eit 40-siders skrift om nynorsk i opplæringa. Skriftet spring ut av samtalar med den politiske leiinga i UFD. Det kan hentast frå nettstaden til Ivar Aasen-tunet: www.aasentunet.no

Bacalao eller bakalao? – Språkrådet diskuterer lånord

Bacalao eller bakalao? Snacks eller snaks? – Ja takk, begge deler, sier Norsk språkråd, som på årsmøtet i februar vedtok norsk skrivemåte for ca. 25 lånord. Det skal være valgfritt å bruke den norske eller utenlandske formen. Andre ord der en skal kunne velge mellom gammel og ny skrivemåte, er accessoirer eller aksessoarer, coil eller koil, corny eller korny og dachs eller dachs. En skal også kunne skrive hickory eller hikkori, nonchalant eller nonsjalant, racket eller rekkert og server eller sørver. Før vedtakene er gyldige, må de godkjennes av Kultur- og kirkedepartementet.

At lånord blir tilpasset norsk skrivemåte når de er blitt vanlige i språket, er ikke nytt. Formene ansjos, buljong og føljetong ble for eksempel fastsatt i 1907. I 1917 vedtok en basseng, brosjyre og butikk, og i 1938 aksje, eksos og flørt. Teip kom i 1966, skuter i 1976 og ålreit i 1979. Og seinere har vi fått blant annet finisj, kløtsj, sjanger og sørvis. Norsk språk ville ha sett svært annerledes ut hvis vi ikke hadde gitt de fremmede ordene norsk form. Da ville vi fremdeles ha skrevet bureau, chocolade, jaloux og neutral. Og vi ville hatt milieu i stedet for miljø, plateau i stedet for platå og sergeant i stedet for sersjant. Sesong ville ha hett saison, og terreng ville ha vært terrain.

Mer informasjon: www.sprakradet.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter