Nordiske språkhaldningar i 2002 – ei meiningsmåling

AV LARS S. VIKØR

Den meiningsmålinga som skal omtalast her, er ein del av det store nordiske prosjektet «Moderne importord i språka i Norden», som har pågått sidan 1999 og er venta avslutta i 2005 (omtala i ein utførleg artikkel i Språk i Norden 2002 av prosjektleiaren, Helge Sandøy). Målinga vart gjennomført våren 2002 i alle landa som deltek i prosjektet, dvs. Noreg, Sverige, Danmark, Finland (separat blant finsktalande og svensktalande), Island og Færøyane. Firmaet Opinion i Noreg har stått for samordninga og gjennomføringa i samarbeid med Hermelin Research i Danmark, Sverige og Finland, Gallup Institute på Island, og Fynd i samarbeid med Fródskaparsetur Føroya på Færøyane. Målingane er gjennomførte som telefonintervju i alle landa.

Spørsmåla

Vi stilte desse spørsmåla (det første sjølvsagt berre i Noreg):

  • Når du skal skrive i private sammenhenger, benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/ riksmål eller begge omtrent like mye?
  • Hvor mange ganger tror du at du har snakket, lest eller skrevet engelsk i løpet av den siste uken? I hvilke sammenhenger har du lest, skrevet eller snakket engelsk i løpet av den siste uken? Svaralternativ:

– Skrevet engelsk på arbeid/skole eller i studier, 
– Snakket engelsk på arbeid/skole eller i studier, 
– Lest bøker eller artikler på engelsk, 
– Skrevet engelsk på fritiden, 
– Snakket med engelsktalende på fritiden

a) Påstand: Det brukes altfor mange engelske ord i norsk i dag. Er du: helt enig (osv.)
b) Påstand: Det bør lages nye norske ord som erstatter de engelske ordene vi får inn i språket. Er du: helt enig (osv.)

a) Hvilket ord foretrekker du å bruke av ’mail’ og ’e-post’?
b) Hvilket ord foretrekker du å bruke av ’bodyguard’ og ’livvakt’?
c) Hvilket ord foretrekker du å bruke av ’design’ og ’formgiving’?

Hvor enig eller uenig er du i følgende påstand: 
– Det hadde vært best om alle i verden hadde engelsk som morsmål? 
– Tilsatte i radio og fjernsyn følger ikke alltid de samme normene for språkbruk. Hva synes du om at de bruker sitt vanlige dagligspråk i stedet for standardspråk (dvs. bokmål eller nynorsk) i sendingene?

  • I en del norske bedrifter er engelsk blitt arbeidsspråket. Hva er din holdning til dette, er du positiv eller negativ?

Svara

Vi fekk eit omfattande svarmateriale. Her er det berre plass til eit stutt oversyn over hovudresultata, spørsmål for spørsmål.

Når det gjeld forholdet bokmål – nynorsk, viser den norske målinga at 14,2 % skriv nynorsk eller begge målformene privat – eit tal som samsvarer godt med tidlegare målingar. Faktisk kan det sjå ut som at nynorsken styrkjer seg, men auken er ikkje stor nok til å bli rekna som statistisk sikker. I alle fall tyder ikkje tala på nokon tilbakegang for nynorsk som bruksspråk dei siste åra.

Så gjeld det folks forhold til engelsk i dagleglivet. På spørsmål 2 viser det seg at islendingane er det folket som utan samanlikning er mest eksponert for engelsk, færøyingane og finlandssvenskane minst, mens dei andre ligg imellom. Når det gjeld dei ulike måtane å bruke engelsk på (spørsmål 3), er fordelinga jamnare; her er det jo berre dei som har brukt engelsk, som har svart.

Kjernen i undersøkinga

Så til haldningsspørsmåla, kjernen i undersøkinga.

4a: «Det brukes altfor mange engelske ord i norsk i dag.» Dette meiner 62 % av nordmennene; 23 % er ueinige. Men når vi så spør om det bør lagast nye norske ord som erstattar dei engelske orda vi får inn i språket (4b), er færre villige til det: 53 %, mens 35 % er usamde.

Her kunne ein vente store skilnader mellom landa, og visse skilnader finn vi òg. Om vi held oss til spørsmål 4a, så er Noreg mest puristisk. Island følgjer hakk i hæl med 61 % samde og heile 32 % usamde. Deretter følgjer Sverige og Finsk-Finland (54 % samde), så Svensk-Finland og Færøyane (45 % samde) og sist Danmark (41 % samde, 44 % usamde – det einaste landet med fleirtal mot påstanden). Det stadfestar delvis aningane våre, men Færøyane får ei uventa liberal plassering.

Vel så interessant er spørsmål 4b om å lage nye ord, for her har Island og Færøyane ein konkret politikk som folk kjenner i praksis, dei andre i langt mindre grad. Her finn vi Færøyane på topp (67 % for, 18 % mot) og Island på andreplass (63 % for, og 23 % mot). Det er interessant når vi tenkjer på at spenningane kring slike spørsmål er større på Færøyane enn på Island. Så kjem Norge, Svensk-Finland (52 % for), Finsk-Finland (47 % for), Sverige (43 % for) og til sist Danmark (33 % for, 57 % mot – også her det einaste folket med fleirtal mot, attpåtil eit kraftig fleirtal). Dette gir vel eit bilete som ligg nær det ein kunne vente på førehand.

E-post eller e-mail

Så har vi dei tre ordpara – dei norske ordformene får her representere ulike ord(former) i dei ulike språka. Sprika mellom landa er ganske store, og det er ikkje så underleg, for språka er forskjellige. E-post dominerer i dei fleste landa, men e-mail er det allment aksepterte i dansk, og mest brukt også i Sverige. Her er Island påfallande: Í-meil er her faktisk nesten like vanleg som tölvupóstur. Når det gjeld bodyguard og livvakt, er det klart at livvakt er det vanlege ordet i alle språka. Det er ikkje noko avløysarord, men eit etablert ord, og bodyguard har ikkje komme inn – bortsett frå i dansk. Med design og formgiving er forholdet annleis: design dominerer over formgiving i dei fleste landa. Når det gjeld finsk og islandsk, er dei innanlandske avløysarorda heilt andre (muotoilu og hönnun), og tydelegvis fullt ut etablerte i språka (slik at «design» ikke har fått den «nøytrale» statusen det har i dei skandinaviske språka). Resultata er altså ikkje direkte jamførbare landa imellom.

Engelsk som morsmål for alle?

Kva om alle i verda hadde engelsk som morsmål? Dette er eit stort fleirtal i alle landa heilt imot tanken på. Men også her finn vi interessante mønster, som ikkje heilt ut stadfestar det vi ventar. Det viser seg at finnane er mest imot dette – 84 %. Det er interessant når ein tenkjer på tendensen i Finland til å orientere seg meir mot Europa og engelsk og dermed bort frå Norden og svensk. Nr. 2 er Færøyane, språkmedvetne som dei er: 80 % imot. Deretter følgjer fleirtalet av land nokså tett innpå kvarandre: Svensk-Finland, Island, Noreg og Danmark har alle mellom 70 og 75 % motstandarar av denne tanken. Sverige skil seg derimot ut med 62 % motstandarar og 29 % tilhengarar av denne draumen – kvar tredje svenske meiner altså at engelsk som einaste morsmål er ein god idé, ifølgje denne målinga.

Engelsk som arbeidsspråk i nordiske bedrifter?

Spørsmål 8, om engelsk som arbeidsspråk i nordiske bedrifter, fører denne problemstillinga ned på jorda, kan vi seie. Her er mønsteret kanskje ganske typisk: Danskane er mest positive (51 % for), og så kjem Noreg på andreplass med eit ørlite fleirtal for på 39 mot 38 %. Resten er ikkje overraskande: Alle dei andre landa har fleirtal mot dette, knappast i Finsk-Finland (41 % mot, 35 for), og så aukande avstand: Sverige har 48 % mot og 21 for, Svensk- Finland 56 % mot og 25 for, Færøyane 60 % mot og 25 for, og Island markerer seg med 77 % mot og 11 % for.

Språkbruk i etermedia?

Heilt til slutt refererer eg spørsmål 7, om språkbruk i etermedia. Her ville ein helst vente at Noreg skilde seg ut med «ja» til dialektar. I dei andre landa ventar vi helst å møte eit kompakt fleirtal for standardspråket. Det første slår til: I Noreg er 81 % positive til dialektbruk, berre 10 % negative – eit viktig korrektiv i den norske debatten der omsynet til lyttarane ofte blir drege fram til fordel for normalisering. Men så viser det seg at dei positive er i fleirtal også i dei andre landa – alle unnateke Island, der 40 % er imot daglegspråk i etermedia, 39 % er for. Rekkjefølgja elles er at Finsk-Finland kjem nest etter Noreg i toleranse: Der er 70 % positive og 17 % negative. På tredjeplass kjem Sverige – også ei stor overrasking, sidan talemålsstandardisering etter konvensjonell kunnskap er driven særleg langt der. Men 60 % er positive til daglegspråk, 16 % negative. På Færøyane er også 60 % positive, men 26 % er negative. I Danmark er tala 56 % for og 26 % mot – også der eit langt meir positivt resultat enn venta. Dei mest normative etter islendingane er faktisk svenskfinnane, blant dei er berre 45 % positive til uformelt talemål, mens 31 % er negative. Vi må likevel merke oss at dette spørsmålet var det vanskelegaste å formulere slik at det vart jamførbart mellom dei ulike landa – det gjaldt ulike oppfatningar av omgrep som «dialekt», «uformelt talemål», «vanleg daglegspråk» o. l. (sjå Sandøy i Språk i Norden 2002 om dette). Vi er opne for at vi kan ha mislykkast på dette punktet – slik at respondentane i dei ulike landa kanskje eigentleg (meinte dei) svarte på ulike spørsmål, trass i intensjonane våre.

For alle spørsmåla gjeld det at ein kan finne nye interessante mønster når ein går inn i bakgrunnsmaterialet og studerer dei ulike koplingane mellom svar på spørsmåla og ymse faste variablar (kjønn, alder, utdanning, inntektsnivå, region, tilhøvet til datamaskiner og internett). Det kjem vi tilbake til i prosjektrapporten, som vi håpar å få publisert i siste del av 2004.

 

-- Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo og hovedredaktør i Norsk ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015