Atlas over språk i fare

AV STEPHEN WALTON

Det er blitt vanleg å rekne med at det finst om lag 6000 språk i verda. Av dei står om lag 3000 no i større eller mindre fare for å forsvinne. I dag døyr i snitt femti språk ut i året, eller eitt språk i veka. Det skal lite til for å sjå at vi lever midt oppi ein språkøkologisk katastrofe. Underleg nok har både språkvitarar og kulturvitarar vore merkverdig seint ute med å registrere dette fenomenet og enda seinare ute med å prøve å gjere noko med det. Dei seinaste åra, det vil seie sidan 1970- talet, har ein derimot sett ein eksplosiv vekst i interessa for fenomenet språkdød. Det kjem stadig nye vitskaplege oversikter over det. Etter mitt syn er Suzanne Romaine og Daniel Nettle si bok frå 2000 Vanishing Voices: The Extinction of the World’s Languages (Oxford) éi av dei beste av dei nyaste. Det var også i 1970-åra at språkpolitikken i ein del land snudde, t.d. i Canada, slik at offentlege styresmakter som tidlegare hadde drive med ein politikk som var meir eller mindre bevisst lagd opp til å utrydje minoritets- og tradisjonsspråk, gjekk over til å stø dei.

Samtidig vart det danna internasjonale organisasjonar for å kartleggje og motarbeide språkdøden. Desse hadde ofte utspring i det lingvistiske fagmiljøet. Språkdødsstudiar vart etter kvart organiserte som ei eiga vitskapsgrein med eit eige fagtidsskrift, Journal of Language Endangerment, frå 2001. Med den første utgåva av atlaset over dei utrydjingstruga språka i verda kom UNESCO for alvor med i arbeidet for språkvern. No har det kome ut ei mykje auka andreutgåve med hjelp av UNESCO/Japan Trust Fund for the Preservation of the Intangible Cultural Heritage, med andre ord med pengestøtte frå det japanske utanriksdepartementet: Atlas of the World’s Languages in Danger of Disappearing, red. Stephen A. Wurm, UNESCO 2001 (2. utg.) Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda fekk æra av å presentere denne svært nyttige boka i Noreg no i vår.

Kart over språk i fare

Boka består av to delar. Atlaset inneheld fjorten kart over ulike utvalde delar av verda der prosessen i retning av språkdød er lett synleg. Dette vil seie at ein t.d. ikkje finn noko kart over USA, heilt enkelt fordi det er så lite igjen av indianarspråka der. Redaktøren reknar med at det vart brukt meir enn 200 språk i USA før europearane kom. Av dei eksisterer det så vidt 150, men alle er meir eller mindre truga. Jamvel eit så stort språk som navajo, med mange tusentals brukarar, vert no knapt lært bort til barn. USA merkjer seg elles ut som eit samfunn der ein i svært liten grad har gått systematisk til verks for å stimulere bruken av tradisjonsspråk. Andre område som manglar, er t.d. India og Filippinane, der utgivarane meiner at språkdød enno ikkje i same grad pressar på som andre stader i verda.

Utgivarane bruker eit oversiktleg teiknsystem i karta for å vise ulik grad av fare for dei ulike språka. Ein opererer med ei femdeling. Det lysaste scenarioet her er det ein kallar for eit «potensielt utsett språk», altså eit språk som i stadig mindre grad vert brukt av barn. I Europa gjeld dette katalansk, tatarsk og kviterussisk. Eit «utsett språk» er eit språk der dei yngste brukarane er unge vaksne. Her er lista lang, og her finn vi (for å halde oss til vårt nærområde) nordsamisk, walisisk, vestfrisisk (i Nederland) og romansch (i Sveits). I den neste kategorien, «svært utsette språk», er dei yngste brukarane i beste fall middelaldrande, og her finn vi både bretonsk og baskisk (i Frankrike), fransk på Kanaløyane, nordfrisisk, sørsamisk, det tyrkiske språket karaittisk i Litauen og ei forstemmande lang liste med andre. Til kategorien «utdøyande» høyrer fire variantar av samisk i Finland og Russland, saman med karaittisk i Ukraina. Dette er språk med svært få og berre gamle brukarar att. Til slutt finn vi dei døde språka, manx, norn og kornisk på Dei britiske øyane, gotisk og karaittisk på Krim og mosarabisk i Sør- Spania.

Karta og teiknsystemet i boka er greie og oversiktlege. Saman gjer dei det mogeleg for lesaren å danne seg eit inntrykk av omfanget av språkdøden, og status i dag. For å få fullt pedagogisk utbytte av karta må ein likevel ha redaktørens åtvaring i tankane. Karta er ikkje fullstendige, særleg når dei gjeld dei utdøydde språka, men også på den måten at store delar av verda ikkje er med.

Sterkt krisemedvit

Atlaset er motivert av eit sterkt krisemedvit, noko som kjem klart fram i den lange og gode innleiinga av redaktøren, professor Stephen A. Wurm, ved forskingsinstituttet for asiatiske og stillehavsstudium ved Australian National University i Canberra. Wurm er ein kjend og stor kapasitet på fagfeltet språkdød, og har redigert oversiktsverk frå fleire verdsdelar. Det kan hende at han her og der har overdimensjonert faren for einskilde språk. Katalansk har styrkt seg både institusjonelt og talmessig dei seinaste tretti åra, og jamvel walisisk viser etter den nyaste britiske folketeljinga frå 2001 ein auke både i talet på brukarar og særleg i talet på unge brukarar. Men det er også eit poeng for Wurm at det aldri går nokon automatikk i språkdødsprosessar. Dei kan reverserast før det er for seint – elles hadde det politiske engasjementet som ligg bak boka, vore til fånyttes. Dersom ein skal kome med ei innvending mot det kartografiske oppsettet, måtte det vere at dei fem kriteria som det byggjer på, er for einsidig kvantifiserande. Som Wurm også er innom i innleiinga, er ikkje talet på brukarar i seg sjølv noko uttømande indisium på stoda for eit språk. Jamvel ein auke i talet på brukarar kan tilsløre demografiske prosessar som set språket i fare, t.d. dersom barna som bruker det, i neste omgang må reise ut for å finne arbeid. Institusjonar har elles alt å seie. Katalansk har fleire brukarar enn norsk, som ikkje høyrer til kategorien truga språk, og mange fleire enn islandsk og færøysk, som heller ikkje gjer det. Katalansk vert brukt i eit mindre spekter med institusjonar enn desse andre, mindre, språka. Eit språk med nokre få tusen brukarar kan leve i stabil likevekt dersom dei språkøkologiske tilhøva tillèt det.

Superspråk og hyperspråk

Innleiinga gir eit ymt om korleis ein kan få til ei språkøkologisk berekraftig utvikling. Til liks med Romaine og Nettle observerer Wurm at språkdød alltid har vore ein del av det språklege økosystemet, slik døden elles høyrer til livet. Det som særmerkjer den moderne og postmoderne tida, er omfanget av språkdøden, og spreiinga av verdsomfattande superspråk som fransk, spansk, russisk, kinesisk og portugisisk, med hyperspråket engelsk i seinmoderne tid. Før moderniteten sakna dei ulike språkgruppene midla til å utrydje språket til andre grupper dei kom i kontakt med, heilt. I tillegg var det vanleg med kontaktspråk og framfor alt med to- og fleirspråklegheit.

Wurm ser nettopp to- og fleirspråklegheita som redninga for grupper med språk som no er utsette. Alle forsøk på å verne om uskulda til brukarar av utsette språk ved å gjerde dei inne i eit språk- og kulturreservat er dømde til å mislykkast, noko dei også på etisk grunnlag fortener å vere. Alle har like stor rett til å delta i det moderne samfunnet, og truleg har dei ikkje noko val. Men ein treng ikkje bli eittspråkleg i eitt av superspråka for det. Tradisjonsspråket er på den eine sida ein markør av kulturell tilhøyrsle. Dette er eit viktig moment for Wurm, som polemiserer mot førestillinga om eit universalspråk som like godt kan realiserast gjennom ulike innbyrdes likeverdige språksystem. Det er språket som held oppe meiningsinnhaldet i ein kultur, og konstituerer den, ifølgje Wurm. Språket er ikkje noko utvendig i høve til kulturen, og det er derfor ein del av vår fellesmenneskelege kulturarv døyr kvar gong eit språk vert borte.

Wurms forsvar for to- og fleirspråklegheit bør ikkje misforståast som nostalgi. Han ser klare kognitive fordelar for fleirspråklege i høve til eittspråklege menneske. Dei har «eit meir fleksibelt og vake sinn, og større og raskare tankeevne på grunnlag av ei evne til å lagre eit mykje større minne» (s. 15). Dette er eit slagkraftig argument for å få eittspråklege i monokulturelle samfunn til å bli fleirspråklege. Korfor skal dei la eit mindretal stikke av med denne fordelen? Wurm er også klar på at ein ikkje skal sjå på argumentasjonen hans som rasialiserande. Både språk og kultur kan lærast, dei er korkje arveleg eller genetisk bestemte. Det er ei vinning for kva menneske som helst å leve seg inn i meir enn eitt språk og meir enn éin kultur. Såleis kan Atlas of the World’s Languages in Danger of Disappearing bidra til å nyansere den norske diskusjonen om framtida for språka her.

Dei fleste lesarane av Språknytt lever høgst nokre få timars køyretur frå eit utsett språk. Det kan vere anten sør- eller nordsamisk. Språkdød er såleis ein nærliggjande del av den sosiale røynda.

Er det norske språket i fare?

Etter Wurms definisjonar er ikkje norsk truga. Rykta om norskens død er altså overdrivne. Grunnen til dét er m.a. at norsk framleis har ei fullgod institusjonell ramme å utfalde seg innanfor, eit styringsapparat som bruker språket, og eit utdanningsvesen som bruker norsk frå barnehage til doktorgrad. Dersom ein legg Wurms synsmåtar til grunn, vert det likevel raskt tydeleg at det verste som har skjedd i norsk språkpolitikk dei seinaste åra, er endringa i språkparagrafen i universitetslova. Dersom det blir normalt og akseptert at det skal undervisast på engelsk på norske universitet, kan utviklinga mot kognitiv nedbygging av norsk gå raskare enn vi trur. Etter Wurms modell er den relativt sterke norske kompetansen i engelsk eit gode, men berre under den føresetnaden at ein tenkjer grundig gjennom dei institusjonelle rammene for språkbruken i Noreg ut frå eit språkvernsperspektiv

Og nynorsken? Den er heller ikkje truga etter Wurms modell. Tvert imot er den norske praksisen med at fleirtalet lærer skriftmålet til mindretalet mønstergyldig, den einaste mogelege sikringa for ei reell toskriftspråklegheit og den beste garantien for at nynorsken skal leve vidare.

Alle kan kjøpe atlaset frå Ivar Aaseninstituttet: www.hivolda.no/iaai). Dei som likevel vil ha aller størst utbytte av boka, er slike som vil byggje ned ordninga med skriftleg sidemål. Dei treng hjelp til å forstå verdien av at fleirtalet gjer seg kjent med mindretalet si språkform. Slik hjelp gir Wurm dei med glans.

 

-- Stephen Walton har vært professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aaseninstituttet, Høgskulen i Volda siden år 2000.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015