Grøde frå språkteigen

AV TROND TROSTERUD

Sylfest Lomheim har skrive boka Språkteigen, ei samling av bortimot 120 små skriftstykke om ulike sider ved språk, mykje av det samla frå radioprogrammet Språkteigen. Boka ber preg av den forteljargleda Lomheim tydelegvis er fylt av. I forordet gjer han merksam på at dette er skrive ikkje for fagfolk, men for lekfolk. Denne meldaren tilhøyrer dermed ikkje den primære målgruppa, men vi får la det stå til.

Mesteparten av boka handlar om etymologi, ordhistorie. Dette er eit fagfelt som får lite merksemd blant språkfolk i Noreg, men som folk flest er opptekne av. Eit godt døme på dette mishøvet er at då vi etter ca. 90 års venting fekk ei etymologisk ordbok på norsk, Våre arveord, av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindemann (ei glimrande bok, forresten), verka den populærvitskaplege sjangeren så sterkt at forfattarane skreiv ei av verdas mest avanserte framstillingar av indoeuropeisk etymologi med lekfolk som målgruppe. Sylfest Lomheim er dermed i godt selskap når han legg så stor vekt på etymologi, og når han skriv om det for lekfolk heller enn for kollegaer.

No og då blir det likevel litt mykje av det gode. Streiftog i ei fransk etymologisk ordbok kan resultere i eit par underhaldande radiominutt, men som tekst i ei bok blir det vel stereotypt å lese alle streiftoga på ein gong, slik denne meldaren gjorde. Med pause i mellom kvart stykke går det nok betre.

Lomheim er skeptisk til datamaskiner, ei innstilling som for så vidt er betre enn naiv optimisme. Men fleire stader går det rett og slett for langt, og det er synd, for det norske språket ville ha godt av at nettopp lesarane av denne boka hadde sett med litt meir interesserte augo på den nye språkteknologien. Det er t.d. ikkje hald i påstanden om at dei norske bokstavane æ, ø, å «står for fall» i dataalderen. Dei norske bokstavane er tvert i mot med i teiknsettstandarden for vesteuropeisk, noko som inneber at dei lever eit trygt og godt liv i den digitale verda. Takk vere kinesisk og japansk er det faktisk tvert i mot: Alle kan no lese bokstavane i alle språk her på jorda, og snart får vi med egyptiske hieroglyfar, rongo-rongo, runealfabetet og det finskugriske fonetiske alfabetet. Lomheim spår ei trist framtid for æøå, men det er mogleg å sende e-post på skoltesamisk mellom dei store operativsystema (Windows, Mac og Linux). Språket har berre eit par hundre talarar i ryggen, men har fått eit par bokstavar som finst berre i dette språket, inn i det internasjonale standardteiknsettet. Så æøå står trygt, og vil halde fram med det.

Retteprogrammet kan ikkje slåst mot ‘slost’, seier Lomheim på s. 159, «fordi ordforma finst i programmet». Og det er sant, viss vi held oss til ordretteprogram, men viss vi ser på grammatikkretteprogram, er det ikkje slik. I ei setning som Vi kan sloss gjev grammatikkretteprogrammet for bokmål for MS Office XP følgjande feilmelding: «Kontroller verbformen sloss. Dersom et verb styres av et modalt hjelpeverb kan, bør verbet stå i infinitiv.» Til Lomheim sitt forsvar kan ein seie at det er mogleg at akkurat denne artikkelen er gammal, og at han dermed ikkje har fått med seg denne nyvinninga (grammatikkretteprogrammet er presentert i Språknytt 3/2001, tilsvarande program for svensk er fleire år eldre). I ei bok gjeve ut i 2002 er Lomheim dermed med på å gje eit misvisande inntrykk av kva potensiale som ligg i språkteknologien. Oppsummeringa til Lomheim er sjølvsagt rett: At retteprogramma rettar berre ein liten del av feila våre, at datamaskinene ikkje forstår norsk, og at det største problemet er at folk stoler meir på dei raude strekane enn på seg sjølv.

Maskinomsetjing er nærare innpå Lomheims eige fagområde, og her ser han at maskinene er godt eigna til å omsetje visse teksttypar, som tekniske dokument med standardiserte fraser. Men også her er han for pessimistisk. Maskiner kan meir enn å reprodusere det som er lagt inn (s. 100), dei kan også kombinere det, på uendeleg mange måtar. På nettstader som http://decentius.hit.uib.no:8005/cl/ cgp/test.html er det mogleg å analysere den grammatiske strukturen til norske setningar, og neste steg framover i dette arbeidet er å utstyre spesielt verba med semantisk informasjon, og dermed velje grammatisk sett usannsynlege analyser på grunn av slik semantisk informasjon som vi som menneske sjølvsagt har når vi les.

Finst det grenser for omsetjing, spør Lomheim, og dreg fram ordet union (s. 94 ff). Han fortel at då Utanriksdepartementet «på ein fullkomen sakleg og fagleg forsvarleg» måte ville bruke namnet sammenslutning var det umogleg i den «usaklege og innsiktslause (…) oppheta norske debatten». Her er meldaren part i saka. Den debatten Lomheim refererer til, er ein kronikk han skreiv i Dag og Tid 11. november 1992. Eg skreiv eit svar i Dag og Tid, svaret er tilgjengeleg på http://www. hum.uit.no/a/trond/lomheim.html. Poenget i tilsvaret er det same som det Lomheim sjølv slår fast på s. 212 i boka si: «Det er få ting i språkbruken som er så prosaiske som at ulike personar legg ulike valørar i ordbruken.» Heller enn å dra same diskusjonen ein gong til viser eg til artikkelen min frå 1992, men her misbrukar Lomheim den faglege autoriteten sin til politisk propaganda, i dag som i 1992.

Lomheim deler kåserisamlinga si opp i bolkar. Etter å ha gått gjennom nokre av dei vanlegaste spørsmåla han får frå folk, delar han inn i små, store, avklarande, aktuelle og uaktuelle spørsmål. Her, som så ofte når det gjeld forsking, gjeld det å sjå det store i det små og det aktuelle i det uaktuelle. Det klarar Lomheim på ein god måte, og nokre av perlene i boka finn eg nett blant dei små og uaktuelle spørsmåla. Alt i alt har Lomheim skrive ei bok som held det ho lovar: Ho formidlar forfattaren sin fascinasjon over språk og grammatikk på ein måte som dreg lesaren med. Av og til er i alle fall denne meldaren svært usamd, av og til blir det litt mykje oppattaking, men botemidlet til det siste er å lese boka i passelege dosar om gongen.

 

-- Trond Trosterud er cand.philol. med lingvistikk hovedfag og arbeider ved Universitetet i Tromsø med samisk Språkteknologi.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter