Språkmannen Herbjørn Sørebø

AV ANDREAS SKARTVEIT

Herbjørn Sørebø var den fremste nynorske mediemannen i sin generasjon. Ein ting her var kvaliteten på arbeidet hans, fornyinga av den politiske journalistikken. Ein annan ting var posisjonen, sjef for vårt viktigaste nyheitsmedium, Dagsrevyen. Ein tredje ting var det trygge munnlege og skriftlege språket. Nynorsken er, og har alltid vore, under press. Nynorskens soge er ei soge om sigrar og nederlag, mange av kvart slag. Under dette presset er det viktig å ha spelarar som blir lagt merke til, og som kan gå langt opp på banen og utfordre dei beste. Herbjørn Sørebø kunne det og gjorde det. Slik kom han til å spele ei rolle som føredøme for andre spelarar, som spela nærare eige mål, og som ikkje hadde hans styrke og evner. Eit språk under press treng slike einarar, som er trygge i språket sitt, som er på fagleg toppnivå, og som har noko å fortelje.

At han skulle bli ei slik stjerne i norsk munnleg journalistikk er ikkje til å forstå. Ein kan godt kalle det naturstridig, eit under. For det byrja ille. Reaksjonane ved debuten var enorme. Det var røysta folk reagerte mot, og så fekk ein del av dei tatt språket i same farta. Så mykje motvind blant lyttarane er det få, om nokon, som har møtt. Mykje var ufint, folkeskikken har eit komplisert fordelingsmønster. Men det la seg, og ved bortgangen var lovsongen unison. Og det var mannen, den karakteristiske røysta og det makelause språket å takke. Ja, slik kan det gå her i verda, som sambygdingen Jakob Sande seier i diktet om dei som kom ut i verda.

Eg trur Herbjørn Sørebøs språklege styrke kvilte på tre grunnsteinar. Den eine var kunnskapen. Han snakka ikkje til lyttarar og sjåarar utan at han visste kva han snakka om. Alle som har arbeidd med språk, veit at når kunnskapen sviktar, då sviktar også språket. Det er det fagfolk, om det no er bønder, røyrleggarar eller professorar, opplever når det dei steller med, blir presentert i media. Språket skeiner i hytt og ver, og det som blir sagt, er ubegripeleg og meiningslaust. Om ein har prøvt å snakke og skrive om ting som ein veit lite om, vil ein oppdage at språket glid unna, dei gode bileta kjem ikkje, abstraksjonane og klisjeane spreier seg, det blir daudt. Godt språk kviler på tung kunnskap. Dette er ei av dei viktigaste lovene i journalistikken. Sørebø levde opp til dette kravet.

Den andre grunnsteinen var den trygge og nynorsknære dialekten. Det var inga spenning å høyre mellom det nynorske talemålet og den dialekten han var fødd med. Elles er dette eit problem i norsk språk, enten vi talar om nynorsk, bokmål eller riksmål. Det fins dei som meiner vi har gyldige norske talemålsnormalar. Det er ein illusjon. Og eit problem. Vi nordmenn har vant oss til situasjonen og lever med han i god tru. Utlendingar, spesielt skandinavar, høyrer det som går oss hus forbi. Nokre svenske vener, språkfolk, var med oss i Nationaltheatret, av alle stader, ein gong. Dette er eit underleg nasjonalteater, sa dei. Her var det åtte dialektar på scenen. Ja vel. Vi hadde ikkje fått det med oss. Sunnfjorddialektens nærleik til nynorsk gjorde at Sørebø var grunnleggjande trygg i sitt eige talemål. Det gjorde at han fekk med seg både normalen og det putrande livet som alle dialekter har, med puls, humor og ordskatt. Her var det inga magnetisk misvisning ute og gjekk, han kunne trygt segle etter sin barndoms magnetpiler. Det var kanskje også grunnen til at han ofte kom barndommen så nær i det han skreiv.

Den tredje grunnsteinen var lyrikken, poesien, og då tenkjer eg ikkje på hans eigne dikt, som var ujamne. For Sørebø var poesien ein rikdom i livet. Han las stendig poesi, og kunne lese utaboks store mengder klassisk nordisk poesi. Siste åra rulla han seg i nordisk poesi i fleire strålande fjernsynsprogram frå norsk og svensk 1900-tal, Nils Ferlin, Dan Anderson, Einar Skjæråsen og mange fleire. Har så dette noko med daglegspråket til ein journalist å gjere? Ja, eg trur det. Poesi er språkleg disiplin. Poesi er å slipe orda. Forfattarar veit det. Ein forfattar er ein som har tyngre for å skrive enn folk flest, er det sagt. Mi røynsle som forleggar seier at dette er sant. Dei gode slit, for dei er språket vanskeleg. For andre er det lettere. Ser vi på norsk journalistikk, vil vi finne livskraftig prosa etter Christian Krogh, Johan Borgen, Axel Kielland og andre skrivande folk. Rundt dei er det meste dødd bort. Den største reporteren i NRK gjennom tidene er etter mi meining Hartvig Kiran. Reportasjane hans frå flaumen i Nederland på 50-talet er geniale, også det som finst frå konvoiane under krigen. Dit opp når ingen. Men også han var poet, vår fremste omsetjar, som gjorde Evert Taube betre enn Evert Taube, og Shakespeare omtrent som geniet frå Stratford. Det handlar om språk, begge delar, om poesiens språksmitte mot reportasjeprosaen. Og då går vi fleire etasjar opp. Eg meiner det er her vi finn den tredje grunnsteinen for Sørebøs språkkunst og språkmakt. Poesien gav han eit kontrollerande ekkorom, kalibrering heiter det på fagspråket, der han til eikvar tid kunne kontrollere språket sitt og høyre når det klang falskt. Dei fleste av oss har ikkje noko slikt ekkorom. Det skulle vi gjerne hatt. Så er kanskje språkmannen Herbjørn Sørebø eit tilfeldig produkt av gåver, gener og geografi. Det får vere som det vil, brygget smaka godt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015