Framtiden i våre hender

AV SYLFEST LOMHEIM

Framtiden i våre hender har ein leiar som er oppteken av meir enn økologisk framtid. I Dagbladet den 17. februar i år hadde Steinar Lem ein kronikk der hovudpoenget ikkje var naturen, men språket. Steinar Lem melde seg rett og slett på i kampen for å verna det norske språket mot vestaver og austaver. ’Det er gode grunner til å kjempe mot amerikansk og svensk språkimperialisme, særlig når årsaken ligger i egen, kanskje selvforsterkende, underdanighet.’ Språkfolka våre treng altså ikkje kjenna seg åleine, verken i debatten eller i kampen.

Og den faglege debatten om tilhøvet mellom engelsk og norsk har me naturlegvis hatt lenge, og han går sin gang. I det følgjande skal eg omtala den siste boka om emnet, som kom på slutten av 2002. Ho heiter Rocka, hipt og snacksy. Om engelsk i norsk språk og samfunn. Forfattarane er Stig Johansson og Anne-Line Graedler, begge tilsette ved Universitetet i Oslo, og boka har kome ut på Høyskoleforlaget i Kristiansand. Omfanget, 318 sider, fortel straks at dette ikkje er noka lettvinn trykksak. Boka leier lesaren gjennom fortid og samtid, ho er veldokumentert og velskriven fram gjennom alle ti kapitla, har ei fyldig litteraturliste og eit intelligent stikkordregister. Etter kvart kapittel er det ført opp ’Forslag til videre lesning’, noko som berre strekar under at her er det tenkt på bruk og nytte. Den moderne klassikaren om lånord i norsk er naturlegvis nemnt fleire gonger – Lånte fjører eller bunad. Om importord i norsk (Cappelen, 2000) av Helge Sandøy. Derimot stussar eg over å ikkje finna nokon referanse til den ferskaste debattboka, Kampen for språket, som Samlaget gav ut i 2001. (Etter føreordet å døma avslutta Johansson og Graedler redaksjonen først i februar 2002.)

Kor som er; dette er ei bok som det er ein hugnad å lesa, sjølv om temaet ikkje berre er lysteleg, sett med norske språkauge. Johansson og Graedler tek til med forhistoria – dei gir eit omriss av den utrulege utviklinga til engelsk som språk. Frå å vera eit lite og perifert europeisk språk for tusen år sidan (mindre viktig enn norrønt!) utvikla det seg til å bli eit middels stort europeisk språk rundt 1800 før det endeleg rundt 2000 står som det suverent leiande språket globalt – i praksis utan konkurranse. Eit eventyr av ei språkhistorie! Langt ut på 1800-talet var både tysk og fransk større og viktigare språk. På 1500-talet var fransk eit tre gonger så stort språk som engelsk. Me moderne menneske har lett for å vera historisk nærsynte; me gløymer at det ikkje var før om lag 1900, altså berre hundre år sidan, at engelsk definitivt passerte dei andre indoeuropeiske språka.

Særleg interessant for ein norsk lesar er gjennomgangen av lånord ’fra vikingtid til nåtid’. Med døme og opprekningar viser dei kor sterkt norrønt ein gong stod i høve til engelsk. Det gjeld ikkje berre at norrønt har gitt engelsk ord som arm, hand, house, summer, thing, knife, sister, sin, sky – men også gospel (’god spell’ = god nyheit) og heathen (heidning; person frå heia). Kor mange veit i dag at vikingar frå Noreg på 1000-talet kunne snakka med folk ved hoffet i England utan å nytta tolk! Interessant er det òg, oversynet over lån frå engelsk til norsk på 1800-talet, då me fekk ord som kloss (’close’, på kloss hold), tørn (’turn’, ta en tørn), dønn (partisippforma ’done’, dønn gåen), kingsa (frå ’change’), klin (’clean’, klin galen), tjommi (av ’chummy’ – kamerat). Materialet er ein god pedagogisk illustrasjon på at det meste er relativt, også lån av ord. Vanens makt er stor, og minnet er kort. Kven hugsar til dømes no at ’fjes’ og ’kjeks’ kjem frå ’face’ og ’cakes’?

I bolken med lån frå andre språk til engelsk gjer forfattarane mønstergyldig merksam på at det ’ikke er uproblematisk å foreta en slik oppdeling, fordi mange ord har vandret fra det ene språket til det andre’. Forfattarane må i det heile få ros for ei nyansert og ryddig framstilling. Dei handterer ei mengd døme og detaljar, samstundes som hovudlinjene ligg tydelege frå første til siste side. Me får eit innblikk i kven det er i det norske samfunnet som er storforbrukarane av engelsk. Det er fjernsynet, som tilbyr ’Farmen’, ’Big Brother’ og ’reality-tv’. Det er filmdistributørane, som berre ender og då omset titlane til norsk. I 2001 skjedde faktisk dét at ein film med engelsk tittel fekk ny tittel – på engelsk! (’Miss Congeniality’ vart omsett til ’Miss Undercover’.) Og norskproduserte filmar får engelske titlar, til dømes ’Rebels with a Cause’. Det er næringslivet, som snakkar om ’cash- flow’ og ’trainee’ og ’break even’. Me får vita at store norske konsern rapporterer at 80 % av dei tilsette les engelsk dagleg i samband med jobben. Det er sporten, med ’halfpipe’, ’playmaker’, ’hanggliding’ og ’sudden death’, og det er reklamen, der statistikken fortel at volumet av engelsk språkbruk er dobla berre på tjue år. Reklamen går så langt at ein der tek inn heile setningar. Ei såpe har ’a difference you can feel’, og ein nettbokhandel spreidde denne bodskapen: ’A gladmessage to all you readhorses’. Oppfinnsamt ordleikande uengelsk – men altså engelsk likevel.

Me får oversyn over kva som skjer med lånorda – korleis me uttaler og skriv dei, og korleis stundom etablerte ord får ny tyding etter påverknad frå engelsk, jamfør korleis mange bruker ’komfortabel’ og ’kreditt’ og ’konsept’ i dag. Ferskt forskingsmateriale viser korleis mange yngre flettar inn heile uttrykk eller setningar frå engelsk når dei snakkar: ’Just in case’, ’Ha det! I’ll be back!’, ’Du veit, it’s a small world!’ Og boka legg fram statistikk over haldningane våre. Nordmenn sør i landet godtek lettare engelske ord i talen enn nordmenn nord i landet, rekruttar godtek det lettare enn lærarstudentar, menn godtek det lettare enn kvinner. Resultata overraskar knapt, men her får me i alle fall dokumentasjonen.

Eit sentralt punkt i boka er presentasjonen av engelskens noverande status og omtalen av dei ’tre brukskrinsane’. Den indre krinsen består av dei landa som har engelsk som morsmål. Den ytre krinsen er dei land og område der engelsk har ein formell status ved sida av eit lokalt språk og dermed ei sterk stilling i undervisning, forvaltning og media. India og eit femtital andre land er med i denne kategorien. Den tredje krinsen kallast den ekspanderande krinsen. Denne er i sterk vekst og femner stort sett om resten av verda. I den krinsen har ikkje engelsk nokon formell status, men er det dominerande framandspråket og blir brukt som kontaktspråk når menneske ikkje forstår kvarandres morsmål. Noreg har vore i denne krinsen sidan byrjinga av 1900-talet. Land som Spania og Italia, til dømes, har ikkje vore med i denne krinsen tidlegare, av di fransk var det førande framandspråket, men i det siste har engelsk vorte det første framandspråket også i desse landa.

Når store grupper på denne måten blir meir eller mindre tospråklege, kan me (som til dømes i Noreg) høyra om ’fancy klede’, fjernsynsprogram som er ’eye-opener’ og jenteblad som er ’glossy’. Den kalde statistikken fortel at 90 % av alle innlånte ord i norsk etter 1950 kjem frå engelsk. Fransk, som like til langt ut på 1900-talet var eit av verdas fremste språk (i status og bruk), er no på 2000-talet trengt attende. Franskmennene bur seg difor på ein kamp for å overleva – ein rein forsvarskamp – og søkjer alliansar med andre truga språk.

Johansson og Graedler bruker mykje plass på å visa at engelsk er eit blandingsspråk som har lånt ord og konstruksjonar i aust og vest, og som derigjennom truleg har fått sin styrke. Bastardar blir gjerne robuste og tilpassingsdyktige. Dessutan er det i dag ingen som ’eig’ engelsk, det byggjer bruer mellom regionar og verdsdelar, det er ’ the language on which the sun never sets, whose users never sleep’. Av den grunn finst det tendensar til oppsplitting, men samstundes blir desse tendensane motverka av aukande kontakt og globalisering. Verken oppsplitting eller harmonisering ser ut til å vinna, dei synest halda kvarandre i ein slags balanse, alt medan språket ekspanderer og ekspanderer.

Har så denne meldaren ikkje noka innvending? Eigentleg ikkje – snarare eit sakn. Sidan forfattarane først stiller så store og alvorlege spørsmål som dei gjer, kunne eg ha ønskt at dei nærma seg dei vanskelege svara. For dei dokumenterer og argumenterer seg fram til problemstillingar som skrik etter svar. På side 81 kjem det uunngåelege spørsmålet: ’Er det en fare for at norsk i Norge skal bli utslettet?’ Dei lovar å koma tilbake til det, men den einaste drøftinga av spørsmålet kjem på side 275, og då ikkje i form av eigne meiningar, men i form av eit sju linjers sitat frå eit innlegg i Aftenposten. Det lengste forfattarane går i dramatikk når det gjeld posisjonen til engelsk i norsk næringsliv, er følgjande, på side 274: ’På sikt kan en slik utvikling føre til en funksjonsoppdeling mellom norsk og engelsk’. Eg ville faktisk ha sagt; det er dér me er i dag!

Drøftingar av mogelege utviklingar dei neste femti eller hundre år leitar altså lesaren fåfengt etter. Slikt skal visst fagfolk halda seg for gode til å skriva noko om. Den velskrivne boka til Johanssson og Graedler er framifrå som grunnbok i emnet engelsk språk i det norske samfunnet, men ho held seg unna tankar omkring det å styrkja norskens nære framtid. Boka held seg i fagleg ånd til det deskriptive (’kva skjer?’). Ho vik unna både det preskriptive (’kva bør skje?’) og det politiske (’kva slags tiltak kan fungera’?). Steinar Lem får med andre ord lite å bita i.

For fakta er berre halve debatten. Essensen er og blir denne: Framtida er i våre hender – når me skriv. Og framtida er i våre munnar – når me snakkar. Det kollektive ansvaret og det kollektive medvitet avgjer om det norske skriftspråket er oppegåande om hundre år – det er ingen ting anna som avgjer norskens lagnad. Dersom etterkomarane våre blir flinke til å bruka og dyrka språket, vil norsk skriftspråk framleis ha eit godt liv om hundre år. Dersom dei blir like likeglade som mange synest vera i dag, drattar det fort nedover. Svært fort. Då er hundre år lang tid.

Mot ein slik bakgrunn kan me seia at Johansson og Graedler gjer boka si ei bjørneteneste ved å unnlata å gå inn i framtidsutsiktene. Endå me straks må leggja til at slike haldningar er utbreidde blant språkfolk. Overraskande mange morsmålsprofilar her i landet synest ikkje ta inn over seg at det blæs opp til storm i det globale språktreet. Gjennomgangstonen hos dei er: ’norsk er eit stort språk; det er ingen fare’. Dei er å likna med Chamberlain som utbasunerte: ’Peace in our time.

’ Me veit no at Chamberlain hadde rett – på kort sikt.

 

-- Sylfest Lomheim er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Agder.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter