Ein språkleg fugl føniks?

AV JAN OLAV FRETLAND

Gjennom behandlinga av statsbudsjettet hausten 2002 har Stortinget gitt klarsignal til at departementet i 2003 kan begynna arbeidet med å omdanna Norsk språkråd til eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk. Det skal tilsetjast ein direktør, som frå tidleg på hausten skal leia arbeidet med å få fram ein «språkleg fugl føniks» av Norsk språkråd, som ein rådsmedlem uttrykte det på årsmøtet.

Rådet og styret i Språkrådet har drøft og teke initiativ til omorganisering sidan sist i 90-åra. Årsmøtet i 2002 vedtok å be departementet oppretta ein språkkommisjon som burde ha ei ramme på tre år for arbeidet sitt. Svenskane har gjort eit liknande arbeid, gjennom innstillinga Mål i mun frå ein svensk parlamentarikarkommisjon. Kommisjonen kjem mellom anna med framlegg om å gjera språk til eit eige politikkområde. (Frå 2001 er den statlege verksemda i Sverige inndelt i 47 politikkområde.) No har regjeringa her til lands bestemt at arbeidet med omdanninga skal gjerast annleis og ein god del fortare. Eit noko optimistisk signal er at det nye organet kan vera på plass alt i februar i neste år, når det noverande rådet skal gå av.

I statsbudsjettet er det streka under at det er tale om å skipa ein ny institusjon i staden for Norsk språkråd. Den nye institusjonen skal ha ein direktør som dagleg leiar, og det er lagt inn midlar på budsjettet for 2003 til å oppretta denne direktørstillinga. Samstundes seier departementet at dei tilsette i sekretariatet kjem til å få tilbod om arbeid i det nye organet. Departementet har ved fleire høve uttrykt klare mål for språkpolitikken framover: Særleg er det understreka at dei fremste språkpolitiske utfordringane ikkje lenger dreier seg om dei tradisjonelle rettskrivings- og normeringsspørsmåla, men meir om nødvendige tiltak for å verna og styrkja norsk språk.

Andre viktige mål:

  • Norsk rettskriving skal stabiliserast, dvs. at ein, så langt råd er, skal unngå nye og hyppige endringar i gjeldande rettskriving, både meir omfattande reformer og årvisse justeringar i enkeltspørsmål.
  • Stortinget har oppheva alt som minner om tilnærming mellom målformene, i lova om Norsk språkråd. Det er eit mål at både bokmål og nynorsk kan bestå på varig basis som sjølvstendige og markante variantar av norsk skriftspråk.
  • Det formelle likeverdet og den formelle likestillinga mellom målformene i offentleg bruk må følgjast opp, i samsvar med veletablerte prinsipp og fastsette regelverk. I tillegg vil staten på ulike måtar stimulera bruken av nynorsk. Eit døme på det er framlegget i mållovsmeldinga frå 2001 om å tilsetja eigne språkkonsulentar i statstenesta. Dette tiltaket er det likevel ikkje funne plass til i statsbudsjettet for 2003.

Kva meiner Norsk språkråd?

Styret i Norsk språkråd skreiv eit eige notat om omorganiseringa til rådsmøtet i februar. Rådet drøfte notatet og innspela frå departementet i ein grundig debatt. Dei fleste er einige om at det trengst ei endring, i samsvar med at språksituasjonen er endra. Men eit par åtvaringar går att, både i notatet frå styret og i debatten på møtet. For det første peikar mange på fordelane med den demokratiske modellen me har i dag i Språkrådet. 38 representantar, oppnemnde frå ei rad organisasjonar og etatar, sikrar brei representasjon for dei fleste språkinteresser. (Rådet har likevel peikt på at ein del grupper fell utanfor, som språklege minoritetar, næringslivet, store offentlege etatar mfl.) For det andre er me redde for at det blir oppretta eit byråkratisk, fargelaust forvaltningsorgan utan mynde til å utøva ein statleg språkpolitikk.

Notatet frå styret peikar ut nokre hovudmål for norsk språkpolitikk:

  • Det må vera eit politisk mål å halda på norsk, bokmål og nynorsk, som det fullverdige, samfunnsberande språket i Noreg.
  • Prinsippet om full jamstelling mellom bokmål og nynorsk må gjelda framleis.
  • Formålsparagrafen til Norsk språkråd bør gjelda framleis: «fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i dets forskjellige varianter, og verne om den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket». I vår tid bør prinsippet utvidast til å gjelda alle språkbrukarar i Noreg og slik også femna om respekten for brukarar av andre språk i eit fleirkulturelt Noreg.

Språkrådet peikar òg på kva arbeidsområde me kan tenkja oss for det nye organet:

  • Allmennspråket, normering og utvikling – nynorsk og bokmål
  • Fagspråk/Terminologi – nynorsk og bokmål
  • Styrking og vern av norsk språk
  • Norsk språk og ikt
  • Namnesaker
  • Oppfølging og rapportering knytt til regelverk om språk (nynorsk/ bokmål, minoritetsspråk osv.)
  • Språkgrupper i Noreg som treng særleg støtte
  • Nordisk og anna internasjonalt samarbeid
  • FoU-arbeid knytt til oppgåvene i rådet
  • Informasjon og rådgjeving knytt til dei samla oppgåvene våre
  • Administrasjon og leiing
  • Støttetenester

Styrenotatet legg òg fram to alternative modellar for eit framtidig språkorgan. I begge modellane styrer eit offentleg oppnemnt styre organet. I tillegg er det tenkt å oppretta fagråd for ulike delar av verksemda. I den eine modellen har me i tillegg gjort framlegg om eit eige rådgjevande organ med liknande oppnemning som rådet i dag. Denne modellen, som me har skissert nedanfor, fekk klart størst tilslutning.

Årsmøtet gav ros til styret for arbeidet, sjølv om det var mange kommentarar og endringsframlegg. Fleire skulefolk peikte på at arbeidet i skulen må bli tydelegare og meir målretta i det nye organet, til dømes gjennom eit eige fagråd. Somme, særleg på riksmålssida, ønskte å tona ned språkpolitikken. Vidare vart det mellom anna peikt på at det munnlege språket, dialektar og normert tale, såg ut til å ha liten plass.

Styrenotatet saman med referatet frå rådsmøtet er sendt til departementet. Styret ønskjer at prosessen frametter blir mest mogleg open. Vidare organisering av den statlege språkpolitikken her i landet må ikkje bli ei intern departementssak. Me oppmodar alle til å følgja med på og gje innspel i diskusjonen frametter. Fugl føniks levde i 500 år, brann opp, og stod opp att friskare enn før. Slik bør det gå med Språkrådet òg!

 

 Figur

 

-- Jan Olav Fretland er nestleder i Norsk språkråd og arbeider som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015