Høyring om reviderte retningslinjer for normering av bokmål og nynorsk

3. juni 2021 sende Språkrådet dokumentet Retningslinjer for normering av bokmål og nynorsk ut på allmenn høyring. Dokumentet var resultat av ein gjennomgang og revisjon av dei retningslinjene som vart vedtekne i 2015.

Framlegget til retningslinjer vart justert på nokre punkt som følgje av innspel vi fekk inn i høyringa. Den endelege versjonen av retningslinjene vart vedteken av styret i Språkrådet 9. desember 2021. På denne sida finn du retningslinjene slik dei er i dag. I feltet til høgre ligg det lenkjer til dokument som har med høyringa å gjere, og til retningslinjene slik dei var frå 2015 til 2021.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.05.2021 | Oppdatert:10.12.2021