Etterord

Fram til i dag har det vore tre generasjonar offentlege institusjonar som har arbeidd med språkrøkt og språkvern i Noreg. Den første var Norsk språknemnd (1952–1972). Den tjueårsperioden var prega av tilnærming mellom målformene.

Neste generasjon var Norsk språkråd (1972–2004). Den trettiårsperioden var prega av konsolidering: Bokmålsrettskrivinga vart opna att for tradisjonelle riksmålsformer, og den tvungne tilnærminga vart avblåsen og formelt stadfest av Stortinget i 2002.

Den tredje perioden tok til med omdanningsprosessen som begynte i 2004. Etter vel ti år med Språkrådet har Noreg fått ein ny språkpolitikk, og Språkrådet har teke steget frå «norsk språk» til «språka i Noreg». Språkrådet vart oppretta for å styrkje det norske språket, men med språkmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vart ansvaret utvida til å fremje også andre språk enn norsk. Språkrådet har fått ansvar for nye oppgåver og har ført vidare og utvikla ein del av oppgåvene til Norsk språkråd.

Korleis framtida blir, er det ingen som veit. Det som er sikkert midt i det andre tiåret av 2000-talet, er at vi ser ein tydeleg politisk vilje til å styrkje statusen for norsk, og ikkje berre for norsk, men for språka i Noreg i det heile. Det gjeld dei to norske målformene bokmål og nynorsk, men òg norsk teiknspråk og minoritetsspråka kvensk, romani og romanes.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021