Møte

Årsmøte og andre møte i nemnda

På denne lista står datoane for årsmøta i Norsk språknemnd og andre plenumsmøte i nemnda. Faste postar på årsmøta var årsmelding, rekneskap og val av medlemmer til arbeidsutvalet. For somme av møta ligg det føre opplysningar om andre emne som var oppe, og kvar møtet var. Kjelde: årsmeldingane til Norsk språknemnd. I fleire tilfelle er foredrag på årsmøtet prenta i årsmeldinga.

04.04.1952 Konstituerande møte på Universitetsbiblioteket i Oslo.
06.–07.06.1952 Emne: spørsmålet om parallellutgåver av lærebøker med moderate og radikale former.
20.–21.03.1953 Emne: læreboknormalen.
28.–29.08.1953 Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
27.–28.08.1954 Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
14.–15.11.1955 Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
16.–17.11.1956 Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
15.11.1957 Årsmøte. Emne: mønsterordbøker eller -ordlister for begge mål; terminologi i lærebøker.
26.09.1958 Årsmøte. Emne: reglar for normering av litterære tekster i lesebøker og songbøker.
01.–02.12.1958 Omframmøte. Emne: revisjonen av framlegget til retningslinjer for språkleg normering av litterære tekster i lesebøker og songbøker og revisjonen av «Framlegg til læreboknormal 1957».
25.–26.09.1959 Årsmøte. Foredrag om prinsipielle synspunkt på ordtilfang og ordval i undervisning og orientering om arbeidet med geografiske namn.
14.–15.10.1960 Årsmøte i Lektorenes hus, Oslo. Emne: Engelsk-amerikansk påverknad på norsk; skrivemåten av geografiske namn.
27.01.1961 Årsmøte i Lektorenes hus, Oslo. Emne: interne saker.
02.–03.1962 Årsmøte. Emne: Foredrag om Norsk språknemnd i ti år; skrivemåten av historiske namn i lærebøker.
11.02.1963 Årsmøte. Foredrag om røynsler etter fire års norskopplæring med ny læreboknormal.
27.01.1964 Årsmøte. Foredrag av statsråd Helge Sivertsen med orientering om den nye komiteen som skal vurdere heile språksituasjonen.
08.02.1965 Årsmøte, Oslo. Emne: anglisismar i sals- og reklamespråk.
21.–22.02.1966 Årsmøte. Emne: registrering og databehandling av norsk ordtilfang.
08.09.1966 Omframt nemndmøte. Emne: «Innstilling om språksaken» frå Vogtkomiteen.
23.01.1967 Årsmøte, Oslo. Emne: dansk språkreinsing etter 1750; «Går det tilbake med ungdommens evne til å bruke sitt morsmål?».
29.01.1968 Årsmøte, Oslo. Emne: normering av litterære tekster i lesebøker for ungdomsskulen.
27.01.1969 Årsmøte, Oslo. Emne: tendensar i moderne avisspråk.
26.01.1970 Årsmøte, Oslo. Emne: terminologiarbeid.
01.–02.02.1971 Årsmøte, Gol. Attersyn og framsyn på fleire arbeidsfelt.
31.01.1972 Årsmøte, Skinnsentret, Oslo. Medlemmene i Norsk språkråd var inviterte til møtet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter