Årsmelding Språkrådet 2010

Forord

2010 er eit merkeår i Språkrådet: Det året kom den første Språkstatus-rapporten, der Språkrådet gjorde greie for tilstanden på ulike språkpolitiske område. Arbeidet med rapporten, som skal kome i ny utgåve kvart år, inneber at Språkrådet legg verksemda mot meir kunnskapsinnhenting og kartleggingsarbeid. Dette er ein del av det nye systemet for oppfølging av språkpolitikken som vart etablert med stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. På grunnlag av den årlege rapporten frå Språkrådet skal Kulturdepartementet kvart fjerde år leggje fram ei melding om språksituasjonen i Noreg.

Den største enkeltløyvinga i budsjettet til Språkrådet i 2010 gjekk til arbeidet med revisjonen av nynorskrettskrivinga. Dei sju medlemmene i nemnda som styret peika ut, tok fatt på arbeidet med å lage framlegg til ei ny rettskriving i januar. Fagfolk og språkbrukarar i vide sirklar vart gjennom året involverte i arbeidet til nemnda gjennom talrike møte, offentleggjering av førebelse vedtak og diskusjonar på Internett.

Arbeidsområdet terminologi og fagspråk sette særleg preg på Språkrådet i 2010. Dette var det første året med ei fulltalig terminologiteneste i Språkrådet. Konferansen Språkdagen, den årlege breie markeringa av aktuelle språkspørsmål, handla òg om terminologi og fagspråk.

Den første direktøren i Språkrådet, Sylfest Lomheim, gjekk av i august, etter at Kulturdepartementet hadde forlengt åremålet frå årsskiftet 2009/2010. Styret fekk òg forlengt perioden sin frå det same tidspunktet for å vere med på å rekruttere ein ny direktør. Stillinga vart lyst ut i mars.  I oktober tilrådde styret ein kandidat, men Kulturdepartementet konkluderte med at stillinga måtte lysast ut på nytt. Fire medlemmer i styret trekte seg då frå verva sine, tre medlemmer vart sitjande Departementet oppnemnde eit nytt styre i november, og i samsvar med framlegg frå det nye styret lyste departementet ut direktørstillinga på nytt i desember.

Arbeidet med å få klarare språk i informasjon frå forvaltninga heldt fram i 2010 med prosjektet ”Klart språk i staten”. Blant anna skreiv og medverka språktenesta for statsorgan til to bøker som gjev statstilsette rettleiing i klarspråksarbeid.

I 2010 vart organisasjonen òg utvida med ei stilling som samfunnsrådgjevar, som skal auke kontakten mellom Språkrådet og aktørar på felt som næringsliv, høgare utdanning, medium og kultur og utvikle språkpolitiske tiltak på desse felta.

I 2010 kom ei viktig avklaring om arbeidsområdet til Språkrådet: Kulturdepartementet gav klarsignal til at Språkrådet kunne lyse ut ei stilling som rådgjevar i teiknspråk. Dette var i tråd med det som vart sagt i Mål og meining, der det heitte at Språkrådet skulle få utvida arbeidsfeltet sitt.

Også i 2010 har Språkrådet hatt brei publikumskontakt, ikkje minst gjennom dei populære svartenestene som svara på ca. 4000 e-postar og ca. 2300 telefonar med språkspørsmål, og gjennom nettsidene som vart brukte nærare ein million gonger.


Ottar Grepstad                                                       
styreleiar   

Arnfinn Muruvik Vonen
direktør        

 

Språkstatus 2010

I februar vart Språkstatus 2010. Kunnskap frå elleve språkpolitiske område, den første språkpolitiske statusrapporten frå Språkrådet, offentleggjord.

I samband med behandlinga av stortingsmeldinga Mål og meining i april 2009 vart det avgjort at Kulturdepartementet kvart fjerde år skal leggje fram for Stortinget ei melding om den norske språksituasjonen. Som grunnlag for ei slik melding har departementet bede Språkrådet om å utarbeide ein årleg rapport om språktilstanden.

Språkstatus 2010 samla kunnskap frå desse områda: språkhaldningar, rettskrivingsnormer og språkutvikling, språkbruk i staten, språkbruk i arbeids- og næringslivet, språkbruk i kultursektoren, språkopplæring, språkbruk i høgare utdanning og forsking, fagspråk og terminologi, språk og IKT, fleire språk, grannespråk.

Det oppsummerande forordet frå direktøren drøfta grunnleggjande spørsmål som forholdet mellom nynorsk og bokmål, forholdet mellom norsk og engelsk, ungdom og språk og forholdet mellom norsk og andre språk. Her vart det konkludert slik:

«Det overordna målet med denne fyrste rapporten har vore å peika på dei samfunnsområda for kunnskapsinnhenting som det er strategisk viktig å følgja i åra framover. Kunnskapen skal gjera det mogeleg å ha meir faktabaserte oppfatningar om utviklinga og effekten av politikken.

Til grunn for den nye rapporteringspraksisen ligg ei forståing av at også norsk språk er i ein pressa situasjon. I sum handlar rapporteringa om å dokumentera bruk av norsk og haldningar til norsk. Auka dokumentasjon om dette gjer det mogeleg å setja inn tiltak på område der ein vurderer at situasjonen er mest urovekkjande.»

 

Språkdagen 2010

bilder
Språkdagen 2010 vart arrangert 10. november i Oslo Konserthus og samla om lag 260 deltakarar. Tittelen for konferansen var «Språk på liv og død», og temaet var terminologi og fagspråk. Fagrådet for terminologi og fagspråk i Språkrådet hadde ansvaret for programmet. Konferansen tok mellom anna opp desse emna: Klarar vi oss utan norsk terminologi og fagspråk? Kva må til for at folk flest skal forstå ekspertar? Kva for krav blir stilte til godt fagspråk og god fagleg formidling?

Magne Nylenna, professor, lege og ordbokforfattar, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, heldt hovudinnlegget «Post eller propter: medisinsk språk i endring». Nylenna refererte ei undersøking som viser at ålmenta har heller avgrensa kjennskap til medisinsk fagspråk.

Andre punkt i programmet:

  • Knut Jonassen, prosjektleiar og medlem av Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk heldt innlegget «Terminologens arbeidsbenk: Hva er et klimaspor?».
  • «Når det brenner» var overskrifta på innlegget til brannsjef Guttorm Liebe i Kollegiet for brannfaglig terminologi.
  • Førsteamanuensis Marita Kristiansen ved Noregs handelshøgskole heldt innlegget «Kva med språket når utdanninga blir internasjonalisert?»
  • Seniorkonsulent Idar Eidset i Respons Analyse AS presenterte ei undersøking av folks forståing av utvalde klimafaglege uttrykk, basert på tre svaralternativ.
  • Under overskrifta «Forstår vi klimatrusselen?» kommenterte professor Tore Furevik ved Bjerknessenteret for klimaforsking undersøkinga frå Respons Analyse.
  • Paneldebatt om kommunikasjon, tryggleik og ein aktiv språkpolitikk. I panelet sat Einar Ellingsen (forbundssekretær i HMS-avdelinga i Industri Energi), Ingvild Eide Graff (dr.scient. og forskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking), Per Jæger (adm.dir. i Boligprodusentenes Forening) og Jens Kihl (mastergradsstudent i sosiologi og leiar i Studentmållaget i Oslo).

Konferansier og ordstyrar var forfattar og språkvitar Helene Uri. Heile arrangementet gjekk direkte på nett-tv. Pianist og komponist Wolfgang Plagge opna arrangementet. Konferansen fekk brei dekning i media.

Referat, filmopptak og anna materiale frå dagen ligg på denne nettsida.

Til slutt på Språkdagen vart Språkprisen 2010 delt ut (sjå eige kapittel i årsmeldinga om prisen).

 

Språkprisen 2010

bilder
Språkrådet deler kvart år ut prisar for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. I 2010 fekk filosof Jon Hellesnes (nynorsk) og historikar Elisabeth Aasen (bokmål) pris. Fungerande direktør i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja, delte ut prisane på konferansen Språkdagen 2010 i Oslo Konserthus. Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar.

Ove Eide (leiar), Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye sat i juryen for Språkprisen. Juryen heidra prisvinnarane for å vere framifrå formidlarar av fagleg og tverrfagleg innsikt.

Juryen skreiv dette om Elisabeth Aasen: «Vinneren av prisen for bokmål formidler et omfattende historisk stoff på forbilledlig måte. Hennes hovedtema er kvinners rolle og skjebne i europeisk historie, fra bergenske bakgater til palassene i Paris. Hun skriver et presist, og samtidig variert bokmål, der omfattende kulturhistorisk og biografisk stoff blir formidlet slik at tekstene hennes kan nå lesere med ulik bakgrunn. Slik kommer hun mange i møte, med en entusiasme og et engasjement som smitter.»

Dette skreiv juryen om Jon Hellesnes: «Vinnaren av nynorskprisen tek i bøkene sine i bruk eit breitt spekter av nynorske språkressursar: han hentar like gjerne orda og døma sine frå norske kvardagar som frå abstrakte, filosofiske tradisjonar. Skriftstykka hans er leselege både for det store publikum og for spesialiserte fagfilosofar. Han er kreativ både i sjangeren han vel for skriftstykka sine, og i ordvalet. Prisvinnaren nyttar gjerne arkaiske nynorskord, men er også mann for språklege nylagingar. I siste boka si har han t.d. laga ord som sutleprat og glyespreiar for bullshit og bullshittar.»

 

Samfunn og høgare utdanning

Sommaren 2010 engasjerte Språkrådet seg i Statoils bruk av engelsk. Medieoppslag hadde vist at Statoil ASA i eit brev bad underleverandørane sine i Noreg om å bruke engelsk i skriftleg kontakt med selskapet. Styret i Språkrådet sende brev til Olje- og energidepartementet om saka. I svaret skreiv olje- og energiminister Terje Riis-Johansen at departementet hadde teke kontakt med Statoil om dette. «Selskapet opplyser at det i Norge vil benytte norsk, og at engelsk vil benyttes der det synes nødvendig og rimelig. Statoil vil klargjøre dette i et brev til sine norske leverandører», heitte det i brevet frå ministeren.

I august uttalte Språkrådet seg om eit høyringsutkast frå Nærings- og handelsdepartementet og åtvara mot eit framlegg om at det ikkje lenger skulle vere høve til fastprissamarbeid om fagbøker og lærebøker for høgare utdanning.  Høvet til fastprissamarbeid vart seinare forlengt i to år til også for desse bøkene, men kjem til å falle bort i 2013 viss det ikkje kjem inn heilt nye moment.

Språkrådet tok på seinsommaren opp meirverdiavgift på e-bøker i eit brev til kulturministeren og gav uttrykk for at avgifta kunne verke imot dei språkpolitiske måla Mål og meining tek til orde for, ved at bokkjøparane i enda større grad kjem til å etterspørje engelskspråkleg litteratur, som er mykje billigare å laste ned eller kjøpe. Departementet går inn for å utvikle system for innkrevjing av meirverdiavgift også frå utanlandske aktørar som tilbyr digitale tenester til norske forbrukarar.

Seinhaustes 2010 sette Språkrådet i gang ei kvantitativ kartlegging av språk i pensum på grunnivået i høgare utdanning i fem fag ved  åtte lærestader. Det er NIFU, Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning, som gjennomfører kartlegginga, som skal vere eit forprosjekt til ei større undersøking i 2012. Ved årsskiftet  låg det enno ikkje føre nokon resultat frå kartlegginga.

Diplom for godt namnevett
Språkrådet heidrar kvart år dei beste døma på godt namnevett i næringslivet i eit fylke eller ein landsdel. Diplomutdelinga er eit ledd i arbeidet for å motverke unødvendig bruk av engelsk.

bilder
I 2010 fikk elleve verksemder i Troms, i Finnmark og på Svalbard diplom for å ha valt gode norske namn: Fatt Det, Kor Reine Vindu!, Kvaløysletta (vaskefirma); Gira Trafikkskole, Nordkjosbotn; Kvaløyrosa, Kvaløy (blomsterbutikk); Nordlys, Tromsø (avis); Nordvestmassasjen, Tromsø (massasje); Slett og rett, Storslett (korrektur og språkvask); Smilehullet, Harstad (fotografar); Han Steike, Alta (restaurant); Kom.inn, Alta (ungdomskafé); Ordlys, Lakselv (korrekturlesing og omsetjing); Sorrisniva, Alta (reiselivsbedrift); To typer, Vadsø (tomannsbedrift for grafiske tenester); Vilje & Ve, Hammerfest (klesbutikk); Saxifraga, Longyearbyen (frisør).

 

Skule og offentleg forvaltning

Språkrådet uttalte seg i fem høyringssaker om opplæring i 2010:

  • nye rammeplanar for lærarutdanninga, der Språkrådet særleg bad om å få dei konkrete planane for norskfaget til gjennomgang og vurdering
  • ny rammeplan for førskolelærarutdanninga
  • norsk for yrkesfag
  • NOU 2010:7 Mangfold og mestring
  • endringar i opplæringslova og privatskulelova om kompetansekrav m.m.

Fagrådet for skule og offentleg forvaltning gav innspel i dei fire første av desse høyringssakene.

Lærarar kontakta fagrådet fordi dei frykta endringar i eksamensevalueringa i norskfaget frå Utdanningsdirektoratet. Den nye evalueringa kunne føre til at minoritetsspråklege elevar ikkje ville stå til eksamen i norsk hovudmål og dermed ikkje kunne få studiekompetanse. Språkrådet tok opp dette i eit brev til Utdanningsdirektoratet.

Nabospråksundervisninga har oppteke fagrådet også i 2010, og i fråsegna om nye rammeplanar for lærarutdanninga vart det peika på at nabospråksundervisning burde inn i rammeplanen (i tillegg til ei presisering av likestillinga mellom bokmål og nynorsk).

Våren 2010 galdt framleis overgangsordninga med at elevar med kort opphald i Noreg kunne gå opp til eksamen i norsk som andrespråk. Men andre minoritetsspråklege hadde følgt ordinær læreplan og kunne ta vanleg hovudmålseksamen. I eit brev til Utdanningsdirektoratet 3. mars bad Språkrådet om evaluering både av eksamenen og eksamensresultatata frå 2009 og 2010 for dei minoritetsspråklege elevane. Sensormeldingar har nemleg vist at desse elevane har vanskeleg for å oppnå tilfredsstillande resultat og såleis går glipp av studiekompetanse.

Fagrådet gav i 2009 økonomisk støtte til trykking av to sakprosabøker, ei for lærarar som kom i 2010, og ei for elevar som kom like etter årsskiftet.

I 2010 utforma Språkrådet, ved fagrådet, ei spørjeundersøking om kva haldningar norsklærarar har til undervisninga og innhaldet i norskfaget. Selskapet Synovate Norge sende på vegner av Språkrådet ut spørjeskjema til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet hausten 2010. Resultata vart ferdig analyserte og presenterte i 2011.

Språktenesta for statsorgan
I 2010 har språktenesta utført til saman 39 oppdrag (kurs eller innlegg) for statsorgana. På våren arrangerte språktenesta ei samling for statsorgan i Bergen om nynorske hjelpemiddel og kurstilbod.

Språktenesta har delteke aktivt i prosjektet «Klart språk i staten» med mellom anna rådgjeving og kursverksemd og skriving og redigering av tekstar til nettstaden klarspråk.no (som i 2010 fekk ei eiga underside om språk i lover og andre juridiske tekstar). Klarspråksprisen vart delt ut  til Utlendingsdirektoratet i november. Språktenesta har gjort mykje sekretariatsarbeid for juryen og stått for delar av utdelingsarrangementet.

I 2010 tok språktenesta initiativ til å utvikle eit nettbasert kurs i nynorsk for statstilsette. Dessutan har språktenesta teke initiativ til eit kurshaldarkurs for språkkonsulentar, for at dei skal kunne halde nynorskkurs for statsorgan etter mønster frå kursa som språktenesta sjølv held. Språktenesta har i 2010 vidareført «adopsjonen» av utvalde statsorgan som får tilbod om grundig nynorskkurs med oppgåver og oppfølging.

bilder
Språktenesta stod bak desse publikasjonane i 2010: fire utgåver av Statsspråk – bladet for godt språk i staten og boka Klarspråk i praksis. Håndbok i godt forvaltningsspråk (utgjeven av Kunnskapsforlaget). I tillegg har språktenesta i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) laga boka Klar, men aldri ferdig. En praktisk veileder i klarspråksarbeid. Denne boka er eitt av tiltaka innanfor prosjektet  «Klart språk i staten».

Mållovstilsyn
I 2010 hadde 158 sentrale statsorgan under departementsnivå plikt til å rapportere til Språkrådet om målbruken i 2009. 125 sende rapport. 13 statsorgan har minst 25 prosent nynorsk i alt relevant papirtilfang (under og over ti sider), slik lova krev. Tala for papirtilfang har ikkje gått opp, samanlikna med dei fire føregåande åra. Men nynorskprosenten på dei statlege nettsidene held fram med å stige, frå i gjennomsnitt 4,8 prosent i 2006 til 13,1 prosent i 2009. Talet på skjema som er i bruk på begge målformer, aukar varsamt. Talet på klagesaker har auka frå rundt 20 i året for få år sidan til 141 i 2010.

Tilsynstenesta gjekk hausten 2010 ut med ei spørjegransking til nynorskkommunar og enkelte nøytrale kommunar, i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum. Føremålet var å avdekkje i kor stor grad statsorgan bryt mållova overfor kommunane og kor stort mållovs- og språkmedvit det er i kommunane. Undersøkinga vart fullført og presentert i 2011.

I samarbeid med firmaet Nynodata har Språkrådet i 2010 sett i gang eit prosjekt for å utvikle eit program som kan behandle mållovsrapportar og lage statistikk.

 

Normering og språkobservasjon

Revisjonen av nynorskrettskrivinga
I desember 2009 peika styret i Språkrådet ut ei rettskrivingsnemnd med sju medlemmer: seniorrådgjevar Grete Riise (62), Bergen, leiar; førsteamanuensis Unn Røyneland (43), Oslo, nestleiar; journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo; lærar Karin Magnetun (46), Ål; lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø ; redaktør Svend Arne Vee (42), Flora; prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo. Ordbokredaktør, omsetjar og språkrettar Aud Søyland har vore prosjektsekretær. Seniorrådgjevar Marit Hovdenak har møtt i nemnda frå sekretariatet i Språkrådet. I mandatet bad styret om framlegg til «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer», og understreka at arbeidet skulle skje gjennom ein open og inkluderande prosess.

bilder
Arbeidet i nemnda har vore omfattande i 2010. Det tok til med eit ope seminar i januar. Nemnda har hatt jamne møte med styret for å orientere om framdrifta i arbeidet. På eigne sider på nettstaden til Språkrådet la nemnda ut møtereferata sine, førebelse vedtak og innspel utanfrå. Diskusjonsforumet Nynorsk 2011 vart oppretta på våren. Nemnda har hatt møte med ulike miljø og brukargrupper for å høyre deira syn på normering og rettskriving. Ein vesentleg del av budsjettet til nemnda gjekk med til kunnskapsinnhenting om korleis norma blir handheva i t.d. aviskorpus og offentlege tekstar. Nemnda søkte Fylkesmannen i Hordaland om å bruke elevsvar  frå eksamen i vidaregåande skule våren 2010 for å sjå korleis unge språkbrukarar skriv. Fylkesmannen sende saka til Utdanningsdirektoratet, som avslo søknaden med grunngjeving i personvernet.

Fagrådet for normering og språkobservasjon har vore rådgjevarar for rettskrivingsnemnda.

Våren 2011 la nemnda fram si innstilling til ny rettskriving for nynorsk.

Andre normeringsspørsmål
Språkrådet har ikkje hatt normeringsfullmakter i 2010, men fagrådet for normering og språkobservasjon har kome med tilrådingar i ein del enkeltspørsmål. Fagrådet går inn for postdokstipendiat som offisiell tittel for ein som har fått eit stipend (postdokstipend) etter avlagd doktorgrad.  Fagrådet har gjeve høyringsfråsegn om ein ny norsk alfabetiseringsstandard og tilråding om nokre namn på petroleumsfelt på norsk sokkel.

Språkrådet har sendt eit utkast til rammeverk for transkripsjon til norsk til Kulturdepartementet. Rammeverket er allmenne reglar for transkripsjon som eit grunnlag for å gå vidare til enkeltspråk.

Stadnamntenesta
Dei regionale stadnamntenestene i Språkrådet (i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Alta) gav i 2010 tilråding om skrivemåten av om lag 4000 namn. Dette er omtrent like mange namn som i 2009. Dei fleste namnesakene var knytte til namn på naturformasjonar, gards- og bruksnamn, namn på gater og vegar (adressenamn), og namn på tunnelar og bruer. Som følgje av nye reglar om eigedomsregistrering opplever dei regionale stadnamntenestene no ein stor auke i saker som gjeld adressenamn. Etter ny forskrift om eigedomsregistrering (matrikkelforskrifta) skal alle hus, hytter og næringseigedomar i Noreg få vegadresser med husnummer. Alle nye stadnamn, også adressenamn, skal etter reglane i stadnamnlova leggjast fram for Språkrådets stadnamnteneste før vedtaksorganet fastset skrivemåten.

I tillegg til dei seks sekretærane (sjå lista over tilsette lenger ute i årsmeldinga) har stadnamntenesta åtte stadnamnkonsulentar: Eli Johanne Ellingsve, Botolv Helleland, Ole-Jørgen Johannessen, Eva Forsaa Mikkelsen, Aud-Kirsti Pedersen, Oddvar Nes, Ola Stemshaug og Boye Wangensteen.

 

Terminologi og fagspråk

Sidan hausten 2009 har det gått føre seg eit terminologiprosjekt i regi av Standard Norge. Prosjektet er finansiert av Kulturdepartementet, og hovudmålet har vore å slå saman to termdatabasar hos Standard Norge og gjere dei fritt tilgjengelege på Internett. Den nye basen vil ved lanseringa innehalde om lag 60 000 termar frå standardiseringsarbeid og frå omsetjing til norsk av europeiske og internasjonale standardar, i hovudsak frå engelsk. Alle norske termar skal liggje føre på både bokmål og nynorsk. Som del av prosjektet er det gått gjennom ei rekkje såkalla terminologistandardar, og termar frå dei er lagde inn i den nye basen. I tillegg har det vorte omsett standardar på ulike fagområde til norsk for å få fleire termar inn i basen.

 Fagrådet for terminologi og fagspråk arrangerte i november for første gong eit grunnleggjande kurs i terminologiske prinsipp og metodar. Kurset vart halde i Trondheim og gjekk over to halve dagar. Det var fullteikna med 20 deltakarar.

På vegner av styret i Språkrådet lyste fagrådet i september ut eit mastergradsstipend på 50 000 kroner innanfor terminologi og fagspråk. Målet var å auke interessa på området. Stipendet vart tildelt i desember, og masteroppgåva skal etter planen vere avslutta våren 2012.

Terminologitenesta 
Hausten 2009 oppretta Språkrådet ei terminologiteneste som skal vere eit nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Tenesta hadde lanseringsmøte i april 2010 og gjorde der greie for arbeidet sitt.

bilder
Nærmare 70 personar møtte fram. Språkrådet hadde invitert representantar for offentlege og private verksemder til møtet, m.a. forlag, universitet og høgskular, offentlege etatar, organisasjonar og omsetjarbransjen. Hovudmålet for terminologitenesta vart presentert: å medverke til at meir norsk terminologi blir gjord tilgjengeleg for flest mogleg. 

Noko av aktiviteten i terminologitenesta i 2010:

  • svarteneste – 180 e-postspørsmål og mange telefonspørsmål
  • aktiv i Nettverk for oversettere i staten, med tilhøyrande arbeidsgrupper
  • Datatermgruppa – fire diskusjonsrundar, ca. 25 nye termar fastsette
  • kontroll av artslister for Artsdatabanken
  • deltaking som observatør i prosjektgruppa for Universitets- og høgskolerådets database for administrative termar for sektoren
  • Kollegiet for brannfaglig terminologi (KBT) – medverking i arbeidsmøte knytte til termbase
  • Kystverkets terminologigruppe for akutt forurensning – medverking i arbeidsmøte knytte til nyoppretta termbase
  • Nasjonalbibliotekets prosjekt for omsetjing til norsk av den fulle, nettbaserte bibliotekklassifikasjonen Dewey – rådgjeving om språk og terminologi
  • Deltasenterets (Statens kompetansesenter for deltakelse og tilgjengelighet) arbeid med omsetjing til norsk av World Wide Web Consortiums tilråding ”WCAG 2.0” (Web Content Accessibility Guidelines / Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold) – medverking i prosjekt, særleg med terminologisk rådgjeving

I tillegg har nettsidene til terminologitenesta ei oversikt over lenkjer til termlister og termbasar som er fritt tilgjengelege på nett. På nettsidene oppdaterer terminologitenesta også ein kalender med oversikt over arrangement, konferansar, kurs o.l. innanfor terminologi og fagspråk.

 

Allmenn rådgjeving og informasjon

Svar på språkspørsmål frå publikum
Den allmenne svartenesta i Språkrådet svara på ca. 3410 e-postar i 2010. Spørsmåla gjeld alt frå grammatikk til etymologi. Utan at det enno er laga ein profil av kven det er som spør, veit vi at det er ei blanding av profesjonelle språkbrukarar (redaktørar, journalistar, lærarar) og folk med ei generell interesse for språk.

I tillegg har no terminologitenesta og språktenesta for statsorgan eigne svartenester. Språktenesta for statsorgan svara på 466 e-postar med språkspørsmål, terminologitenesta svara på 180.

Språkrådet får òg mange språkspørsmål på telefon. I 2010 fekk den allmenne svartenesta og språktenesta for statsorgan ca. 2360 telefonar med språkspørsmål. Talet har gått noko ned sidan 2007.

Synlegheit og mediedekning
I mediearkivet Atekst (Retriever) er Språkrådet nemnt i 553 artiklar frå 2010, det tilsvarande talet for 2009 er 396. Dei mest omtalte tiltaka var truleg undersøkingane som vart gjorde til Språkdagen 2010 (om kor mykje folk flest forstår av faguttrykk innanfor medisin og klima) og revisjonen av nynorskrettskrivinga.

Språkrådet stilte i 2010 for første gong til nettmøte i ei nettavis (Aftenposten): i oktober om importord i norsk (bl.a. om norvagisering), i november om kjønnsforskjellar og forståing av faguttrykk (etter Språkdagen).

Nettstaden til Språkrådet
I 2010 var det nesten 930 000 besøk på nettstaden. Det er ca. 200 000 fleire enn året før. Vi har registrert ein jamn auke gjennom fleire år. Til saman vart rundt 3 millionar sider viste i 2010. Litt over halvparten av dei besøkjande på nettstaden var nye. Dei best besøkte sidene på nettstaden var som i tidlegare år ordboksidene, nynorskkurset og sidene om grammatikkreglane. Mange kjem også til nettsidene for å søkje i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. I 2010 vart det publisert 81 aktualitetsmeldingar frå Språkrådet på nettstaden, flest i november (11) og oktober (10).  For andre året på rad vart Språkdagen overført direkte på nett-tv via Språkrådets nettsider og www.regjeringa.no.

Språkrådet har i 2010 vidareført samarbeidet med Aftenpostens nettutgåve om quiz med språklege emne. Språkrådet står for innhaldet i quizane, som har lenkjer til relevante sider på nettstaden vår.

Språkrådet publiserer filmar på ein eigen kanal på YouTube.

Nettordbøkene
Nynorskordboka og Bokmålsordboka er utarbeidde av Universitetet i Oslo ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium og Språkrådet. Nettutgåva av ordbøkene fekk nytt grensesnitt i 2010. Innhaldet er det same, men presentasjonen er ny og søkjemoglegheitene er utvida. I 2010 vart det gjort 17 234 588 søk i Bokmålsordboka og 12 554 865 søk i Nynorskordboka.

Publikasjonar

  • Språknytt, Språkrådets blad for alle språkinteresserte, kom også i 2010 ut fire gonger, opplaget gjekk opp frå 11 000 til 11 500. Språknytt blir også publisert elektronisk. Vinteren 2009–2010 vart det gjennomført ei abonnentundersøking der om lag ein tredel av alle som mottek Språknytt, svara. Undersøkinga viste m.a. at abonnentar i alle aldersgrupper er mest interesserte i å lese om rettskriving, nyheiter frå Språkrådet, etymologi og språk i media og kulturlivet. Lærarar er den største enkeltståande gruppa blant abonnentane.
  • Statsspråk, bladet for godt språk i staten (sjå kapitlet «Skule og offentleg forvaltning»)
  • Bøker: Språkrådet har i 2010 utarbeidd to bøker for tilsette i staten (sjå kapitlet «Skule og offentleg forvaltning»).
  • Skriftserie: Det første nummeret i serien «Språkrådets skrifter» vart lansert i januar 2010. Skriftet (ei artikkelsamling) presenterte resultat frå fire undersøkingar om norsk språk i skulen og hadde tittelen ”Klamme former og sær skriving? Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder”.
  • Brosjyrar: Språkrådet produserte ein ny brosjyre i 2010: presentasjon av terminologitenesta.

Spalte i Norsklæraren
Språkrådet har også i 2010 hatt ei språkspalte i bladet Norsklæraren, som blir utgjeve av Landslaget for norskundervisning.


Nordisk og europeisk samarbeid

Ekspertgruppa Nordens språkråd / Nordisk språkkoordinasjon
Ekspertgruppa Nordens språkråd vart oppretta i 2009 i samband med ny organisering av språkområdet i Nordisk ministerråd. Ein ny koordinatorfunksjon for språksamarbeidet – Nordisk språkkoordinasjon – vart òg etablert. Språkrådet har i 2010 vore representert i fleire nordiske prosjektgrupper som blir styrte av sekretariatet i Nordisk språkkoordinasjon. 

Nettverket for språknemndene i Norden
Nettverket for dei nordiske språknemndene (Språkrådet og tilsvarande institusjonar i nabolanda) har i 2010 samarbeidd med Nordisk språkkoordinasjon om det årlege nettverksmøtet og det nordiske språkmøtet. Møta vart haldne på Færøyane i august. Temaet for språkmøtet var Nabospråksundervisning og nordisk språkrøkt. På nettverksmøtet deltok tilsette frå dei nordiske nemndene.

Nettverket oppretta i 2010 fleire arbeidsgrupper som skulle samarbeide om ulike prosjekt, som bl.a. Nordisk språk og språkforståing i nye kommunikasjonskanalar. I 2010 vart det arrangert ein nordisk konferanse om temaet. Eit anna viktig samarbeidsprosjekt er om klarspråk. Den nordiske arbeidsgruppa for dette emnet har i 2010 planlagt ein nordisk klarspråkskonferanse om juridisk språk i 2011. Prosjektet Nordisk barneordbok på nett har òg gått føre seg i 2010. 

Språk i Norden
Språknemndene i Norden gir ut det felles årsskriftet Språk i Norden. I 2010-utgåva var temaet Språknormering og teiknspråk. Den årlege artikkelen Språk i fokus var i år om svensk, og skriftet hadde elles ei fyldig oversikt over ny språklitteratur i Norden. 

Nordisk foreining for leksikografi (NFL)
Språkrådet samarbeider nært med foreininga, blant anna som medarrangør av dei nordiske leksikografikonferansane annakvart år. I 2010 kom rapporten frå Den 10. nordiske konferansen om leksikografi, som vart halden i Tammerfors i Finland året før. I januar 2010 arrangerte NFL eit symposium om Leksikografi og sprogteknologi i Norden. 

Nordterm
Språkrådet er representert i styret for Nordterm, eit samarbeidsforum for nordiske organisasjonar om  terminologiarbeid, terminologiutdanning og terminologiforsking. Annakvart år blir det arrangert ein stor nordisk konferanse – Nordtermdagane. 2011-konferansen vart planlagd i 2010. 

Den europeiske terminologiforeininga EAFT
EAFT er ei ideell foreining som er basert på medlemskap. Det overordna målet til foreininga er å fremje fleirspråklegheit innanfor terminologi og å tilby eit europeisk fundament for å støtte og styrkje terminologiarbeid i arbeidsliv, samfunnsliv og undervisning, i tillegg til å skape auka medvit og merksemd om slikt arbeid. Språkrådets terminologiteneste har leiarvervet i EAFT. 

Nordisk samarbeid om språkteknologi
Språkrådet er med i ei arbeidsgruppe for språkteknologi (ASTIN), nedsett av nettverket for språknemndene i Norden. I 2010 arrangerte ASTIN eit seminar som handla om korleis språkteknologi kan vere med på å gjere styresmaktene i dei nordiske landa tilgjengelege for alle. 

EFNIL
European Federation of National Institutions for language (EFNIL) er ein kontaktorganisasjon for dei nasjonale språkinstitusjonane i EU. Noreg og Island er assosierte medlemmer. I 2010 var fagkonferansen og generalforsamlinga i EFNIL lagd til Tessaloniki. Temaet for konferansen var språk og teknologi. 

FLaReNet
FLaReNet er eit europeisk initiativ som utviklar politiske strategiar for språkteknologisk satsing i Europa. Språkrådet er medlem og nasjonalt kontaktpunkt og rapporterer om aktivitetar på språkteknologiområdet. 

CLARIN
Common Language Resources and Technology Infrastructure (Clarin) arbeider for å lage ein standard for digitale arkiv med skriftlege kjelder for forsking innanfor samfunnsfag og humaniora i Europa. Språkrådet representerer Noreg i arbeidsgruppa for opphavsrettar.


Styret

Styret for Språkrådet har medlemmer som er oppnemnde av Kulturdepartementet, og medlemmer som representerer dei tilsette.

Fleirtalet i styret trekte seg hausten 2010. Styret hadde denne samansetjinga:

Leiar: Ida Berntsen, Oslo (trekte seg 13.8.)
Nestleiar, fungerande leiar frå 13.8.: Magni Øvrebotten, Naustdal (trekte seg 15.10.)
Medlem: Jan Olav Fretland, Lærdal (trekte seg 15.10.)
Medlem: Tor Fuglevik, Oslo (trekte seg 15.10.)
Medlem: Ottar Grepstad, Volda
Medlem: Jan Hoel (representant for dei tilsette)
Medlem: Silje Solheim Karlsen, Tromsø/Alta (trekte seg 15.10.)
Varamedlem: Marit Hovdenak (representant for dei tilsette)
Varamedlem nynorsk: Lars Rottem Krangnes, Oslo
Varamedlem bokmål, ordinær styremedlem frå 13.8.: Helene Uri, Oslo

Språkrådet var utan fungerande styre 16.10.–26.11.

26. november vart eit nytt styre oppnemnt av Kulturdepartementet. Det nye styret har 9 medlemmer. Det skal sitje til 31. desember 2014 og er samansett slik:

Leiar: Ottar Grepstad, Volda (nynorsk)
Nestleiar: Åse Lill Kimestad, Mandal (bokmål)
Medlem: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (nynorsk)
Medlem: Margrethe Kvarenes (bokmål, vald av dei tilsette, styremedlem første halvdel av perioden)
Medlem: Ola T. Lånke, Rennebu (bokmål)
Medlem: Trond Trosterud, Tromsø  (nynorsk)
Medlem: Helene Uri, Oslo (bokmål)
Medlem: Åse Wetås, Oslo (nynorsk)
Medlem: Kamil Øzerk, Oslo (bokmål)
Varamedlem: Bente Christensen, Oslo (varamedlem for bokmålsrepresentantane)
Varamedlem: Daniel Ims (nynorsk, vald av dei tilsette, styremedlem andre halvdel av perioden)
Varamedlem: Lars Rottem Krangnes, Oslo (varamedlem for nynorskrepresentantane)

Styremøte i Bergen
Styret legg eit av dei årlege møta sine til ein annan stad enn Oslo for å møte miljø og aktørar som er viktige for norsk språkbruk. I juni 2010 vart styremøtet halde i Bergen, og i samband med det hadde styret og leiinga i Språkrådet to kontaktmøte: eit med fagspråk- og terminologimiljøet ved Noregs handelshøgskole og Universitetet i Bergen, og eit med offentlege institusjonar om bruken av nynorsk.


Tilsette

Oslo

Leiing
direktør Sylfest Lomheim (slutta 31.8.)
fungerande direktør Sigfrid Tvitekkja (frå 1.9.)
administrasjonssjef Karl Henrik Steinsholt
fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja
informasjonssjef Svein Arne Orvik

Rådgjevarar
rådgjevar Øystein Baardsgaard
rådgjevar Erlend Lønnum (frå 1.11.)
seniorrådgjevar Marit Hovdenak
rådgjevar Svein Nestor (slutta  31.3.)
rådgjevar Åsta Norheim
rådgjevar Eva Refsdal (engasjement)
rådgjevar Eilov Runnestø
seniorrådgjevar Dag F. Simonsen
rådgjevar Karianne Skovholt (slutta 30.6.)

rådgjevar Nina Teigland (frå 1.7.)

Språktenesta for statsorgan
koordinator, seniorrådgjevar Aud Anna Senje
rådgjevar Bård Eskeland
rådgjevar Margrethe Kvarenes
rådgjevar Torunn Reksten
rådgjevar Kjetil Aasen

Terminologitenesta
koordinator, seniorrådgjevar Jan Hoel
rådgjevar Sylvi Dysvik (slutta 21.9.)
rådgjevar Marianne Aasgaard

IKT og norsk språk
seniorrådgjevar Torbjørg Breivik

Mållovstilsyn
førstekonsulent Astrid Marie Grov (engasjement  frå 10.11.)
rådgjevar Daniel Ims

Rettskrivingsnemnda for nynorsk
leiar Grete Riise (30 %-engasjement frå 1.1. til 31.12.)
sekretær Aud Søyland (50 %-engasjement frå 1.1. til 31.12.)

Administrative støttefunksjonar
rådgjevar Rikke Elisabeth Hauge
førstekonsulent Brynjulf Henriksen (slutta 30.6.)
konsulent Lars Erik Klemsdal
førstekonsulent Pål Knutzen
arkivleiar Vigdis Nilssen
førstekonsulent Sabine Rosenhart

Ekstrahjelp
Jan R. Tislevoll

Regionalt

Stadnamntenesta
koordinator, seniorrådgjevar Terje Larsen (Austlandet og Agderfylka)
førstekonsulent Ingvil Nordland (Austlandet og Agderfylka)
rådgjevar Kjell Erik Steinbru (Vestlandet)
rådgjevar Janne Olden Skarbø (Midt-Noreg) (til 31.7.)
rådgjevar Kjersti Bruvoll (Midt-Noreg) (frå 1.8.)
rådgjevar Astrid Sann Evensen (Nord-Noreg)
seniorrådgjevar Irene Andreassen (kvensk) 


Fagråda

Fagrådet for samfunn og høgre utdanning (fagråd 1)

  • Ingebjørg Sæbu, vaktsjef i NRK Dagsrevyen, leiar
  • Trond Andreassen, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
  • Maya Twedt Berli, ordførar i Vegårshei kommune
  • Unn Røyneland, postdoktor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo og førsteamanuensis 2 ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda
  • Dag Finn Simonsen, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, fagrådssekretær
  • Sigrun Vågeng, administrerande direktør i KS – Kommunesektorens interesse- og
  • arbeidsgiverorganisasjon
  • Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Os 

Fagrådet for skule og offentleg forvaltning (fagråd 2)

  • Åse Lill Kimestad, rektor (Vågsbygd vgs., Kristiansand) og lærebokforfattar, leiar
  • Torbjørg Breivik, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, fagrådssekretær
  • Ove Eide, forfattar og leiar for utvikling og fornying ved Firda vidaregåande skule, Sandane
  • Trine Gedde-Dahl, høgskulelektor ved Høgskolen i Oslo, Avdeling for lærarutdanning og internajonale studium (LUI), Oslo
  • Atle Måseide, instituttstyrar og førsteamanuensis ved Institutt for filosofi, Universitetet i Tromsø
  • Elisabeth (Lisa) Olstad, rådgjevar, Informasjonsavdelingen, NTNU, Trondheim
  • Arvid Samland, kommunikasjonsrådgjevar/nettredaktør, Statsministerens kontor, Oslo

Fagrådet for normering og språkobservasjon (fagråd 3)

  • Helge Dyvik, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, leiar
  • Ellen Andenæs, førsteamanuensis ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium, NTNU, Trondheim 
  • Endre Brunstad, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen
  • Oddrun Grønvik, hovudredaktør for Norsk Ordbok 2014 og forskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, nestleiar
  • Marit Hovdenak, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, fagrådssekretær
  • Inge Særheim, professor ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger
  • Ingebjørg Tonne, førsteamanuensis ved norskseksjonen, Avdeling for lærarutdanning og internasjonale studium, Høgskolen i Oslo

Fagrådet for terminologi og fagspråk (fagråd 4)

  • Johan Myking, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, leiar
  • Tove Bjørneset, prosjektleiar ved Uni Digital i Uni Research, Bergen
  • Jan Hoel, seniorrådgjevar i sekretariatet i Språkrådet, fagrådssekretær
  • Håvard Hjulstad, prosjektleiar i Standard Norge
  • Knut Jonassen, prosjektleiar i Standard Norge
  • Anna Nesje, språkansvarleg og journalist i NTB
  • Raida Ødegaard, manuskriptredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening


Budsjett og rekneskap

Opphavleg løyving    

27 576 000

Overført overskot frå 2009   

199 000

Tilleggsløyving   

494 000

Sum løyving   

28 269 000

 

 

 

 

Budsjett

Rekneskap

Løn og godtgjersler

17 781 000

17 302 000

Varer og tenester

10 488 000

10 412 000

Sum

28 269 000

27 714 000




Ymse inntekter

220 000

260 000

Refusjonar

0

27 000

Sum

220 000

287 000




Faktiske inntekter

 

287 000

Inntektskrav

 

-220 000

Budsjetterte utgifter

 

28 269 000

Faktiske utgifter

 

-27 714 000

Resultat (overskot)

 

622 000

 

Dato: september 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2011 | Oppdatert:15.01.2021