Strategi for Språkrådet 2020–2024

No image
  • Dette gjeld særleg dei språka som er omfatta av lov om språk (språklova).

Kvifor

  • Tilgang til eige språk (det å få møte og bruke eige språk) gjev folk språkleg tryggleik, sjølvtillit og identitet. Det er ein grunnleggjande rett for den einskilde, og ein føresetnad for rettstryggleik og inkludering i samfunnet og demokratiske prosessar.
  • Noreg er eit fleirspråkleg samfunn, med både ny og gamal fleirspråklegheit.
  • Norsk språk er vårt viktigaste felles kulturobjekt.

Korleis

  • Det skal vere god opplæring i og på bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk og samisk og i dei nasjonale minoritetsspråka gjennom heile utdanningsløpet.
  • Alle skal ha tilgang til eit språkmiljø der dei kan bruke og utvikle språket sitt.
  • Innbyggjarane i Noreg skal ha god kunnskap om språkleg mangfald og om dei språka som er omfatta av språklova.
  • Fagspråk og terminologi skal gjerast tilgjengleg for alle språkbrukarar.
  • Offentlege organ skal kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa.
  • Språkbrukarane skal ha tilgang til språkverktøy, språkleg rettleiing og relevant språkdokumentasjon.
  • Det skal liggje føre gode språkteknologiske produkt og tenester for alle dei språka som er omfatta av språklova.
  • Norsk språk omfattar både norske talemål og skriftspråka bokmål og nynorsk.
  • Norsk skal ha eit spesialisert ordforråd for alle bruksområde og brukssituasjonar.

Kvifor

  • Norsk er fellesspråket og forvaltningsspråket i heile Noreg. Norsk språk er vårt viktigaste felles kulturobjekt.
  • Norsk språk er del av den immaterielle verdskulturarven, og Noreg har særskilt ansvar for å forvalte det.
  • Norsk språk er ein grunnleggjande infrastruktur i det norske samfunnet.
  • Norsk er under press frå engelsk, og det trengst tiltak for å hindre statusfall og domenetap.
  • Gode dugleikar i norsk er ein føresetnad for å delta i samfunns- og arbeidslivet.

Korleis

  • Norsk skal ha ei god og funksjonell norm.
  • Det skal finnast lett tilgjengelege nettløysingar for sentrale reglar og råd om god norsk.
  • Det skal liggje føre gode ordbøker og grammatikkar over norsk språk.
  • Alle fagfelt skal ha godt norsk fagspråk og norsk fagterminologi som er gjort tilgjengeleg for brukarane.
  • Nynorsk er det minst brukte skriftspråket og skal difor styrkjast på alle område i samfunnet.
  • Norskfaget i skulen skal styrkjast, både som reiskapsfag og som danningsfag.
  • Dei språklege grunnleggjande ferdigheitene – lesing, skriving og munnlege ferdigheiter – må styrkjast systematisk i alle fag i heile opplæringsløpet.
  • Nynorsk skal styrkjast når plan- og regelverk i skulen blir endra.
  • Språket i viktige norske lover skal vere klart, presist og korrekt, og begge dei norske skriftspråka skal brukast i regelverk.
  • Språkrådet skal vere til nytte for ålmenta og ha høg tillit og legitimitet.
  • Språkrådet skal gje faglig solide, tydelege og relevante råd.
  • Språkrådet skal syte for ei effektiv og tydeleg normering av dei to norske skriftspråka og av norske og kvenske stadnamn.

Kvifor

  • Språkrådet er statens fagorgan for språk og har ansvar for at den vedtekne språkpolitikken blir gjennomført på alle samfunnsområde.
  • Språkrådet treng ekspertstatus for å ha tillit både hos folk flest og i relevante fagmiljø.
  • Språkbrukarane treng eit språk som er godt røkta, gode språkverktøy og tydelege, forståelege og konsekvente reglar og råd for god språkbruk.

Korleis

  • Språkrådet skal ha spisskompetente medarbeidarar på alle arbeidsområda sine.
  • Språkrådet skal kommunisere breidda i oppdraget sitt på ein tydeleg måte.
  • Språkrådet skal gje råd og rettleiing på ein tydeleg og effektiv måte.
  • Språkrådet skal setje dagsorden i strategisk viktige språkspørsmål.
  • Språkpolitikken skal vere kjent i alle delar av offentleg sektor.
  • Språkpolitikken skal verke gjennom alle offentlege institusjonar.

Kvifor

  • Alle delar av offentleg sektor har ansvar for å gjennomføre språkpolitikken på sitt felt. Offentleg sektor treng rettleiing om korleis dei skal handtere eventuelle konfliktar mellom språkpolitiske og sektorspesifikke omsyn (t.d. internasjonalisering, krav til effektivisering).

Korleis

  • Språkrådet skal syte for at alle sektorar i det offentlege får kjennskap til sitt spesifikke ansvar for å gjennomføre den gjeldande språkpolitikken.
  • Språkrådet skal samordne på tvers av sektorane for å sikre god og effektiv gjennomføring av språkpolitikken. Språkrådet skal særleg sjå til at alle delar av det offentlege følgjer opp det ansvaret dei har for å bruke og synleggjere nynorsk.
  • Språkrådet skal sjå til at universitets- og høgskulesektoren tek ansvar for å utvikle og halde ved like norsk fagspråk.
  • Språkrådet skal gjere det enkelt for det offentlege å bruke eit klart, korrekt og brukartilpassa språk ved å arbeide for samordning og tilgjengeleggjering av ressursar, tenester og verktøy innanfor språkteknologi, terminologi, klarspråk, rettskriving osb.
  • Språkrådet skal delta i strategisk språksamarbeid med relevante statlege aktørar på norsk, nordisk, europeisk og internasjonalt nivå.

Kvifor

  • Skal statlege og private aktørar i Noreg kunne bidra til at den norske språkpolitikken blir gjennomført, må Språkrådet delta i strategisk viktig samarbeid på tvers av sektorar og vere pådrivar og koordinator i slikt samarbeid.
  • Det skandinaviske språkfellesskapet treng styrking. Eit sterkt skandinavisk språkfellesskap vil i sin tur styrkje både dei språka Noreg har eit særleg ansvar for, og dei andre nordiske språka som inngår i fellesskapet.
  • Det internasjonale arbeidet for språkleg mangfald, nasjonalspråk og minoritetsspråk treng styrking. Eit sterkt internasjonalt språksamarbeid vil i sin tur også styrkje dei norske språka og effekten av arbeidet til Språkrådet.

Korleis

  • Språkrådet skal sikre at dei som utviklar språkteknologi på norsk, får tilgang til naudsynte grunnlagsressursar.
  • Språkrådet skal bidra til at alle fagområde og alle delar av offentleg sektor utarbeider terminologi på bokmål og nynorsk.
  • Språkrådet skal vere pådrivar for eit samordna sentralt arbeid med klarspråk i det offentlege.
  • Språkrådet skal vere pådrivar for samarbeid med aktørar som er viktige for språk- og digitaliseringsfeltet (standardiseringsorgan, forvaltningsorgan, næringsliv osb.)
  • Språkrådet skal delta i nettverket av nordiske språknemnder, i den europeiske organisasjonen for språknemnder (EFNIL) og i andre internasjonale organ som fremjar språkleg mangfald og klart språk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter