Attersyn på arbeidet til Norsk språknemnd

Foredrag på sammøtet mellom Norsk språknemnd og det nyskipa Norsk språkråd 1. februar 1972. Prenta i Norsk språknemnds årsmelding for 1971.

På dette sammøtet mellom den avgåande språknemnda og det kommande språkrådet kan det vere nyttig å gi eit stutt oversyn over arbeidet til Norsk språknemnd. Dei oppgåvene og pliktene som etter vedtektene har vore pålagde språknemnda, blir i det vesentlege overførte til språkrådet, og det arbeidet som er i gang, må rådet ta stilling til, og avgjere om og korleis det skal førast vidare.

Dette må bli eit kort attersyn. Og særskilt gjeld det den første tiårsbolken. Den er det da også gjort utførleg greie for i det tiårsskriftet til nemnda som vi gav tittelen "Skriftspråk i utvikling", og der nemnda som Einar Haugen skriv i si bok "Riksspråk og folkemål" (s. 226), "så sitt virke i et videre perspektiv og søkte å vurdere sitt eget arbeid mot en internasjonal målestokk". Såleis er der ein utførleg omtale av det nordiske samarbeidet og av tilsvarande språknemnder i dei andre nordiske landa, og der er utgreiingar – skrivne av spesialistar – om språkproblem i nokre andre land og språksamfunn, Færøyane, Jugoslavia, Belgia og Frisland. Sameleis finst det ei utgreiing om freistnadene på å revidere engelsk rettskriving, og drøftingar av eit par meir prinsipielle og stadig aktuelle spørsmål: samspelet mellom dialekt og riksspråk, og tilhøvet mellom rein språkvitskap og språkleg bruksforsking og normering. Eg får kanskje òg lov til å vise til det foredraget som eg heldt på 10-årsmøtet i nemnda i 1962 og som er trykt i Syn og Segn 1962 (s. 190 ff.).

Dei første 6–7 åra tok arbeidet med læreboknormalen mest all tid og interesse. Eg kan her berre ta opp att det eg har både sagt og skrive før:

"For nemnda som skulle komme i gang med eit vanskeleg samarbeid, var det uheldig at ho som ei av sine første oppgåver måtte gi seg i kast med vanskelege rettskrivingsspørsmål. All røynsle viser at slike spørsmål meir enn andre skaper strid og utrivnad – også vår røynsle går avgjort i den lei. Langt betre ville det ha vori å ha fått ta opp arbeidet med andre sider av målet som har kommi i skuggen for striden om bokstavar og former. Eg siktar da til ordtilfanget, nemningsbruken, og til sjølve målføringa.

Men dette var tilhøve vi ikkje var herre over. Vi arva eit uløyst problem, og må nok dessverre tilstå at vi sjølve i stor mon har skuva det over på framtida." (Syn og Segn 1962, s. 192.)

Det problemet vi stod overfor, var det same som alt normeringsarbeid har mått ta stilling til i dette hundreåret. Korleis skal ein vege dei føremonene og ulempene som det er med språkleg valfridom i vår særlege språksituasjon mot føremonene med ein fastare normal, når ein samstundes skal oppnå mest mogleg samsvar mellom dei to måla, og ikkje bryte med verdifull tradisjon. Eg skal ikkje her utdjupe emnet. Nemnda kan no overlate det til språkrådet og ynskje lykke til. Språkrådet står her i ein situasjon som dessverre er nokså lik den språknemnda stod i da den tok opp arbeidet.

Når vårt arbeid med læreboknormalen tok såpass lang tid som 6–7 år, så heng det saman med eit sterkt og riktig ynske om at førearbeidet, grunnlaget for vurdering og avgjerder, skulle gjerast betre og fullstendigare enn tidlegare nemnder hadde hatt høve til. Det trur eg også ein må ha lov å seie vart oppnådd, trass i den kritikk vi har fått for ufullstendig tilfang. Og tilfanget og utgreiingane vil ha verdi også for dei som seinare skal ta stilling til dei same problema, enda om dei på grunnlag av dei same data skulle vurdere – og normere – annleis enn vi.

Vår primære oppgåve var å lage ein ny læreboknormal innanfor gjeldande rettskriving. Det førte med seg ei uheldig avgrensing i sjølve opplegget, i og med at vi i det store og heile heldt oss til dei oppstillingar og lister som rettskrivingsnemnda i 1938 og seinare skuleboknemnder hadde arbeidd med, og vi forsømde å supplere tilfanget med ei systematisk og jamførande gjennomgåing av gjeldande rettskrivingsordlister for dei to måla. Dette førte til at vi seinare har fått ein nokså stor etterrakster, fordi det bl.a. under gjennomgåing og kontroll av ordlister og andre lærebøker har dukka opp ei mengd ordformer som burde ha vore med i sin systematiske samanheng, og dertil ei mengd enkelttilfelle der ordlistene eller dei to måla skilde seg. Mykje av dette var mindre ting som ein kunne rette på under kontrollen av ordlistene, slikt som neppe kunne skape strid, men som nok kunne skape uturvande vanskar i undervisning og praktisk målbruk. Det var t.d. ingen vettug grunn til at ordlistene for nynorsk skulle ha raggsokk, men listene for bokmål raggesokk, eller at somme ordlister hadde lutfisk og andre lutefisk. Her kunne i regelen valfridom løyse problemet, og i alle fall måtte begge mål ha same skrivemåte. Det same galdt dei mange unødvendige skilnadene i genus som kom for dagen i dette arbeidet med ordlistene.

Meir kontroversielle spørsmål som har komme opp, og ordformer som ikkje bør vurderast isolerte, men i samanheng med ei større gruppe, har vi lagt til side til det blir aktuelt med ein større revisjon. I det heile har vi etter at Vogt-komiteen vart nedsett og kom med framlegg om eit språkråd som også skulle overta funksjonen til språknemnda, funne det rettast å vente med alle viktigare normative avgjerder til språkrådet kan ta stilling til dei. Derimot har vi utnytta ventetida til å førebu eit best mogleg grunnlag for framtidig normering.

Her legg eg særleg vekt på det samarbeid som vi har hatt sidan midt i seksti-åra med Prosjekt for datamaskinell språkbehandling ved Universitetet i Bergen. Vi har samarbeidd om å få laga ei slags offisiell ordliste, ein ordregistrant, som er overført til datamaskin. Utskrifter av ein første versjon av denne ordregistranten på om lag 40 000 oppslagsord har språknemnda fått til gjennomgåing og kontroll. Når dette er gjort, kan ordregistranten byggjast opp med nytt ordtilfang, og bli eit viktig hjelpemiddel for framtidig normering både når det gjeld innsamling av språklege data frå aviser og litteratur og når det gjeld sortering og analysering av slike data. Ordregistranten kan også gjevast ut med visse mellomrom – 5 år, 10 år – og vere ein offisiell registrant for gjeldande rettskriving.

I samband med den nyords-undersøkinga som eg straks skal komme tilbake til, har vi også merkt av skrift- og bøyingsformer i eit representativt utval av norske aviser og blad i etterkrigstida. Dette store materialet har vi enno ikkje hatt midlar og folk til å få utskrive. Til vurdering av eit slikt avismateriale trengst det også opplysningar om dei retningsliner og den praksis som avisene og blada følgjer når det gjeld formbruken i ulike kategoriar av stoff, t.d. i stoff av avisas eigne medarbeidarar, i innsende artiklar og innlegg, i annonsar. Vi har sendt eit detaljert spørjeskjema til aviser og blad i heile landet, og dei har stort sett vore flinke til å svare på skjemaet. Materialet vil gi eit bra grunnlag for vurdering av språklege data frå avisene.

Det er gjort utkast til eit tilsvarande spørjeskjema til forlaga, men det bør ein drøfte nærmare med representantar for forlaga før det blir utsendt.

Etter at språknemnda fekk læreboknormalen frå handa, er det ofra mykje arbeid på ordtilfanget, og spørsmålet om ordval og ordbruk har vore drøfta på fleire møte i nemnda, såleis spørsmålet om kva stilling ein skal ta i norskopplæringa til eldre lånord, det gjeld i første rekkje problem i nynorskundervisninga. Og vi har drøfta den sterke innverknaden frå engelsk-amerikansk, som er eit problem i begge mål, om enn innfallsporten framom alt er i bokmålet, naturleg nok. To innleiingsforedrag av meg er utgitt som skrift nr. 2 i skriftserien til nemnda under fellestittelen "Lånordproblemet". Særleg når det gjeld flaumen av lån frå engelsk-amerikansk, er det tydeleg at ei nøktern og avbalansert språkrøkt vil bli møtt med positiv reaksjon frå eit fleirtal av språkbrukarane uavhengig av kva syn dei har på andre målspørsmål.

Også innanfor fagterminologien er det eit kjenneleg behov for organisert språkrøkt som bl.a. kan bremse på ei altfor ukritisk og unødvendig innlåning av fremmendt språkstoff, og det er også eit klart syn for den verdien einsarta og veldefinerte termini har for sjølve faget. Noko av det gledelegaste og mest lovande som har hendt i Norsk språknemnd dei siste åra, er det nære samarbeidet som er innleidd mellom språknemnda og Rådet for teknisk terminologi og Norges Standardiseringsforbund og andre instansar som arbeider med terminologiske spørsmål. Resultatet av dette samarbeidet og dei drøftingane som har vore førte det siste året, er ein omfattande plan for eit framtidig samarbeid om fagterminologien som det er gjort greie for i årsmeldinga. Språkrådet er der tiltenkt oppgåva som den sentrale koordinerande instansen. Dette vil krevje større personale og eit særbudsjett som heilt sprengjer den budsjettramma vi no opererer med. Arbeidet med fagterminologien er det elles gjort så utførleg greie for i årsmeldinga (s. 17 og s. 21–27) at eg skal ikkje seie meir om det no. Eg vil vone at løyvingsmaktene vil forstå kor viktig dette arbeidet er, og at det også vil lykkast å finne fram til tenlege samarbeidsformer mellom språkleg og fagleg sakkunnskap.

Frå nynorsk side har det gjennom mange år vore eit organisert samarbeid om ei teknisk ordbok og ei landbruksordbok, og begge desse tiltaka er lagde slik opp at dei kan bli til nytte for fagfolk innanfor begge mål. Særskilt når det gjeld landbruksordboka har det vore eit føredømleg samarbeid mellom redaktøren, cand.philol. Magne Rommetveit, og fagfolk ved dei ulike institutta på landbrukshøgskolen.

Mykje av vårt arbeid med ordforrådet har vore ledd i eit nordisk samarbeid. Alt på det første kontaktmøtet mellom dei nordiske språknemndene i Oslo i 1954 vart det lagt opp til eit systematisk samarbeid på dette området. Dette var utfrå den allmenne røynsle at ordforrådet er lettast påverkeleg, og at derfor påverknad mellom språka i første rekkje skjer innanfor ordforrådet. I dette nordiske samarbeidet – som i anna samarbeid om ordforrådet – er det naturleg å skilje mellom samarbeid om eldre innarbeidd terminologi og samarbeid om nye ord og nemningar.

Når det gjeld den første kategorien – altså terminologi som er i innarbeidd bruk – har vi i første rekkje konsentrert samarbeidet om område som er viktige i internordisk samkvem. Vi har teke for oss terminologien i postverket og i flytrafikken, det vil da seie slike ord og uttrykk som det reisande publikum kan komme i kontakt med. Vi har drøfta fjernsynsterminologien og terminologien i telekommunikasjonane, vidare meteorologiske ord og uttrykk, og sist tok vi for oss såkalla turistord.

Vårt arbeid har da først vore å registrere den terminologien som er i bruk på området i dei enkelte språka, slik at vi får eit oversyn over kva som er felles og kva som er særspråkleg. Dette materialet har så danna grunnlaget for drøftingar om kva som kan gjerast for å oppnå større samsvar i språkbruken. På alle desse områda har vi samarbeidd med dei faglege instansane, som har hjelpt til med registreringa og til slutt og rest har fått resultatet av arbeidet til velvillig vurdering, om det kan få innverknad på framtidig målbruk.

Ser ein på dei konkrete resultata av dette arbeidet, er ikkje dei så store at dei set særleg merke på språka. Det er også mitt inntrykk at vi i den første samarbeidsfasen la større energi og omtanke i å finne fram til forslag om sams nemningar, og at vi etter kvart har slappa av slik at vi meir og meir har nøgd oss med registreringa, som såleis har vorte eit mål i seg sjølv. Det er bl.a. tilfelle med det store arbeidet som er lagt ned på turisttermar, og som resulterte i ei heil lita bok, "Turistord i Norden".

Men her vil eg straks leggje til at registreringa av slik terminologi har sin eigen verdi i det nordiske språksamarbeidet og fremjar i seg sjølv den språklege forståinga. Men det største verdet er kanskje den kontakten som er etablert, og som så småningom vil føre til ei endra holdning til ordlån frå grannespråka. Oppstår det terminologiske problem, må det vere naturleg å undersøkje kva ord og uttrykk som er i bruk i dei andre nordiske måla.

Parallelt med dette terminologiarbeidet har vi hatt gåande ei sams nordisk registrering og vurdering av tilveksten i ordforrådet, dei såkalla nyorda. Dei viktigaste resultata av denne registreringa har blitt publiserte i fellespublikasjonen "Nordiske språkspørsmål". Vi har no slutta å gi ut slike årlege felleslister over nye ord, det er overlate til dei einskilde nasjonale nemndene. I staden har vi lagt arbeidet på ei større samla oversikt over tilveksten i ordforrådet i etterkrigstida. Tanken er å gi ut tre særskilde ordbøker, som vil bli utarbeidde parallelt for dansk, svensk og norsk, men der det i kvar av dei nasjonale ordbøkene vil bli opplyst om ordet er felles, og dersom det er særspråkleg, vil det bli gitt synonym i dei andre språka.

Også denne nyordsundersøkinga har frå første stund hatt eit nordisk språkrøkt-sikte. Tanken var at registreringa skulle følgjast opp med vurdering og rådgiving der språknemndene skulle stå i nær kontakt. Men her som i det andre terminologiarbeidet må ein nok seie at det altfor mykje har blitt med sjølve registreringa. Både nasjonalt og felles-nordisk har vi fått gjort mindre av eigenleg språkrøkt enn vi frå først av tenkte og planla. Og det er litt synd, for nettopp på dette området, med flaumen av engelsk-amerikansk inn over alle dei nordiske måla, skulle det vere størst behov for felles språkrøkt, og størst von om å sjå resultat av arbeidet.

Det er mange grunnar til at vi har fått gjort mindre med denne sida av nyordsundersøkinga, bl.a. den som også har hindra andre tiltak, nemleg at det er for lite arbeidshjelp i sekretariata. Det er også mogleg at vi – delvis av same grunn – har forsømt verdifull kontakt med moderne massemedia som presse og kringkasting. Ved nyorda støyter vi ikkje på den hindring som språktradisjon og språkvanar er for endringar i det innarbeidde ordforrådet. For så vidt ligg tilhøva her særleg godt til rette for både nasjonal og nordisk språkrøkt. Men på den andre sida er dei praktiske vanskane store. Vi er oftast i tidsnød. Presse og kringkasting må med kort frist finne fram til eit heimleg ord eller så må dei bruke fremmendordet. Det er ikkje alltid dei har tid til å rådspørje språknemndene, og dei har slett ikkje tid til å vente på langdryge konsultasjonar mellom nemndene og eventuelt andre sakkunnige instansar.

I arbeidet med nyorda har språknemnda samarbeidd med dei store ordboksverka som no skal samlast i Norsk leksikografisk institutt, og det er som nemnt nært samarbeid med Prosjekt for datamaskinell språkbehandling ved Universitetet i Bergen. Ein stor del av materialet er utskrive på skrivemaskin med holbandpunch slik at det kan gå inn på datamaskin. Grunnstomnen i tilfanget er ei systematisk gjennomgåing av eit utval enkeltnummer av 12 dagsaviser, jamt fordelt over heile tidsrommet 1945–1970. Avisene er utvalde slik at ein skulle sikre seg både politisk og geografisk og næringsøkonomisk spreiing.

Det same utvalet kan òg som før nemnt gi eit innblikk i bruken av varierande skrift- og bøyingsformer. Men det som må ha prioritet p.g.a. det nordiske samarbeidet er utarbeidinga av den planlagde ordboka over nyord i etterkrigstida. Men til det trengst det både meir arbeidshjelp og større løyvingar. Det er problem vi har felles med både den danske og den svenske nemnda, men hos oss er vel problemet størst, for di vi er pålagde arbeidskrevjande oppgåver som den danske og den svenske nemnda ikkje har. Eg tenkjer da i første rekkje på det språklege tilsynet med lærebøker.

Tilsynet med lærebøkene har vore ei viktig oppgåve for Norsk språknemnd, og vil venteleg bli det for språkrådet òg. Før språknemnda vart skipa, vart dette arbeidet gjort av faste konsulentar, såkalla rettskrivingssakkunnige. Med Norsk språknemnd fekk vi som eg har peika på i tidlegare attersyn, den føremonen at arbeidet kan samordnast i sekretariatet, slik at ikkje ulike konsulentar følgjer ulike normer eller rir ulike kjepphestar. Tvilstilfelle eller meir prinsipielle spørsmål har kunna takast opp til drøfting med formann og varaformann eller i arbeidsutval eller samla nemnd.

I dei åra språknemnda har vore i arbeid, har talet på lærebøker auka mykje. I den første 10-årsperioden hadde nemnda 1161 bøker til språkleg gransking. I den siste 10-årsperioden er talet 1837, dvs. ein auke på nærmare 60 prosent. Til saman har altså nemnda granska 3000 bøker. Enda om ikkje alle desse bøkene har kravd så mykje arbeid – mange av dei har vore inne i nye og nesten uendra utgåver – , så har til vederlag somme bøker kravd så mykje tid og arbeid at vi iblant har spøkt med at nemnda like gjerne kunne ha stått som medforfattar. Og alt i alt representerer lærebokgranskinga ei så stor arbeidsbør at vi har vore sterkt opptekne av spørsmålet om den kan forenklast. Blant anna har vi det problemet at dess meir nøyaktig arbeid konsulentar og sekretærar gjer, dess meir kan forlaga bli freista til å slappe av i sin kontroll av bøkene. Her er det stor skilnad på forlaga, og vi har gong på gong mått presisere overfor forlaga at språknemndas konsulentar ikkje er korrekturlesarar. Noko liknande gjeld for kontrollen med at litterære tekstar blir korrekt attgjevne – eg tenkjer da ikkje berre på problemet normering eller ikkje normering, men også på utelatingar, omskrivingar og andre endringar i teksten av pedagogiske, moralske eller andre grunnar.

Med språknemnda har denne kontrollen blitt mykje strengare enn før, men det har også her vore nødvendig å innskjerpe at hovudansvaret for at ein tekst ikkje i utrengsmål vik av frå originalen, må kvile på utgivar og forlag. Nemnda kan berre ta stikkprøver og gi retningsliner.

Når det gjeld retningslinene, så var det først etter grundig førebuing og langvarige drøftingar i arbeidsutval og nemnd at vi kom fram til dei retningsliner som no gjeld ("Målform og normering i lese- og sangbøker").

Også dei har vore drøfta seinare med tanke på om dei bør reviderast eller modifiserast. Såleis var dei hovudemne på årsmøtet i 1968. Synsmåtar som kom fram på årsmøtet har vore vidare drøfta i arbeidsutvalet og har nok innverka på seinare kontroll av lesebøkene. Ein medlem har nyleg i avisinnlegg sett fram den etterpåtanken at vi etter møtet i 1968 burde ha sett ned eit utval til å drøfte og eventuelt revidere reglane for normering. Om ein slik tanke hadde komme fram i nemnd eller arbeidsutval, ville han truleg ha blitt avvist på dette tidspunktet like før nemnda skulle avløysast av språkrådet. Rådet bør sjølv få ta stilling til revisjon av reglane og eventuelt setje ned eit utval til å førebu saka.

Når det gjeld godkjenningsordninga for lærebøker, er språknemnda – og språkrådet – eit rådgivande organ for departementet ved sida av grunnskolerådet og gymnasrådet. Vi har her teke det standpunkt at for lærebøker utanom norskbøker vil ikkje vi ha ansvar for anna enn det reint språklege. Den fagleg-pedagogiske granskinga må dei andre råda ta seg av. Det hindrar sjølvsagt ikkje at våre konsulentar og sekretærar kan ha gjort merksam på feil også i det reint saklege og faglege. Men vi kan ikkje ha plikt til å svare for denne sida av kontrollen.

Annleis stiller det seg med norskbøkene, der det reint språklege tilsynet ikkje så lett let seg skilje frå det saklege, faglege eller pedagogiske. Her har da språknemnda og våre konsulentar derfor også uttalt seg om det faglege og pedagogiske på line med dei andre råda og deira konsulentar, og her erkjenner vi også vårt ansvar for å gjere vårt til at skolen får så tenlege lærebøker som råd er. Denne ordninga har aldri vore omdiskutert verken av dei andre råda eller forlaga eller departementet eller av våre eigne medlemmer før ein medlem tok det opp på årsmøtet i fjor og reiste tvil om det var lovheimel for nemnda til å ta denne stilling til norskbøkene. No er det inga lov for Norsk språknemnd, men vedtekter, men det er no meir ein formell ting. Viktigare er det at ein bruker vettet også når ein tolkar vedtektene – det vil også språkrådet måtte gjere. Og så lenge vi har ei slik kontrollordning, går eg ut frå at også språkrådet vil bli nøydd å følgje den same praksis som språknemnda. Ein må ikkje komme dit at om det i ei lærebok i norsk står opplyst at alle norske dialektar har tre kjønn i substantiv, så skulle våre konsulentar nøye seg med å kontrollere om kjønn er skrive rett med to n’ar, eventuelt føreslå å bruke termen genus istf. kjønn, men overlate til dei faglege konsulentane til dei andre råda å korrigere det sakleg unøyaktige i påstanden! Eg skal ikkje gå meir inn på dette som i realiteten neppe vil skape særlege problem verken for språkrådet eller dei andre råda eller departementet. Med forlaga har det alltid vore eit godt samarbeid om lærebøkene. For nokre år sidan var representantar for forlaga, språknemnda og dei andre fagråda med på drøftingar i departementet om ei eventuell omlegging av godkjenningsordninga. Det kom ikkje så mykje ut av møta i første omgang, men saka kan jo takast opp att. Professor Trygve Knudsen såg i si formannstid på arbeidet med lærebøkene og særleg norskbøkene som noko av det viktigaste språknemnda gjorde. Sjølv tok han oppgåva så alvorleg at han ofte tok bøkene og konsulentfråsegnene med seg heim og saumfór dei. Eg ser òg på lærebokkontrollen som ei viktig oppgåve, men det er sjølvsagt mogleg at ein kan finne fram til andre former for tilsynet.

Også det andre rådgivingsarbeidet til nemnda – svar på spørsmål frå offentlege institusjonar og frå private – er viktig og krev til dels mykje tid. Det er det døme på også i den siste årsmeldinga. I den samanhengen nemner eg at vi har vorte kritiserte – også av dei som har verdsett arbeidet til nemnda – for at vi har gjort for lite til å opplyse folk om det vi har stelt med. Dette er det noko sant i. Noko særleg PR-arbeid har vi ikkje hatt tid og krefter til å ta oss av, og berre sjeldan har vi svara på avisinnlegg – somme av dei har elles hatt ei slik form at ein har kvitt seg for å svare på dei. Det er kanskje på grunnlag av røynslene med språknemnda at det i lov om Norsk språkråd er komme inn ein passus om at rådet skal "sørge for at resultatene av rådets arbeid blir gjort kjent". Nå må det jo for å yte rettferd mot språknemnda leggjast til at vi trass alt ikkje har gjort så reint lite for å gjere resultata av arbeidet vårt kjende; det viser årsmeldingane, som er prenta i "Norsk skole" og gjevne ut i særprent, og dei andre skriftene som nemnda har gitt ut. Siste skriftet i skriftserien til språknemnda er Finn-Erik Vinjes "Svecismer i moderne norsk". Andre skrifter er i arbeid og representerer ein bra startkapital for det nye rådet. Det gjeld bl.a. resultatet av arbeidet til den såkalla grammatikknemnda. Også denne grundige utgreiinga viser klart at ord og sak ikkje så lett kan skiljast åt. Av andre skrifter som er i emning, nemner eg eit om skrivemåte og uttale av utanlandske geografiske namn. Vi har dei siste åra hatt ei særskild skriftnemnd, det er professorane Reidar Djupedal og Alfred Jakobsen, båe ved Universitetet i Trondheim.

Når ein ser tilbake på det som nemnda har fått gjort i desse åra, og ser på alt det som ventar på å bli gjort, så bør ein hugse på at eit vilkår for at språknemnda – og språkrådet – skal løyse sine oppgåver, er at sekretariatet er skikkeleg utbygd med dei kvalifiserte medarbeidarar og den kontorhjelp som trengst.

Språknemnda har hatt vanskeleg for å vinne gehør for sine krav om meir arbeidshjelp. Den einaste større reelle budsjettauken før inneverande budsjett fekk vi i 1966, da vi oppnådde å få 50 000 kroner ekstra til nyordsundersøkinga, men det fekk vi først etter at vi hadde mobilisert Kyrkje- og undervisningsnemnda. Denne summen har seinare gått inn på det ordinære budsjettet og har vorte nytta til å engasjere ein filolog i nokre år til nyordsinnsamlinga. I år er det endeleg gitt løyving til ein ny sekretær, men det trengst fleire.

Når det trass alt har gått såpass bra, kjem det av at språknemnda har vore heldig og har hatt dugande sekretærar som har halde ut trass i ei stor arbeidsbør og ei utsett stilling. Og var det ikkje for ublygt, kunne eg vere freista å leggje til at nemnda har vore heldig også på den måten at valde tillitsmenn har brukt så uforholdsmessig stor del av si arbeidskraft og arbeidstid på nemndarbeidet. I dei første åra under arbeidet med læreboknormalen var det periodevis nærmast fulltidsjobbar for formann og varaformann.

Eg trur språkrådet og styremaktene i framtida realistisk bør basere seg på det faktum at dei tillitsmenn som kan komme på tale i fagnemnd og styre, sit i stillingar der arbeidspresset frå før er stort.

I våre fråsegner til Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Stortinget om Norsk språkråd har vi gong på gong understreka at sekretariatet må byggjast meir ut, bl.a. for di rådet får eit vidare arbeidsområde og ein meir komplisert administrasjon. Eg skal ikkje gå nærmare inn på dette problemet som rådet og det nyvalde styret straks må ta stilling til.

Som eg før har vore inne på, har arbeidet i språknemnda i denne siste 10-årsperioden i nokon mon vore merkt av den situasjonen som oppstod i og med Vogt-komiteen og drøftingane om eit nytt organ til avløysing av språknemnda. Det har som nemnt ført til at vi har utsett ein del kontroversielle spørsmål – det vil i regelen seie normeringsspørsmål – for at det nye språkrådet kunne få ta stilling til dei. At denne mellomperioden har blitt såpass lang, har ikkje vore nokon ynskjesituasjon, men det har ikkje nemnda skulda for – enda somme synest å tru det.

Nokre av kritikarane til nemnda har teke vår avgang på forskott, og late sin irritasjon over utdryinga gå ut over nemnda. Dei har vore irriterte over at nemnda ikkje har halde seg i ro og vore "død". Situasjonen har iblant mint meg om Martin Ljungs Fingal Olson: Är de’ inte Fingal Olson som sitter der borta – Men Fingal Olson er ju död – Men han rör på sig. Språknemnda er jo "død" – Men ho rører på seg. Andre av kritikarane har skulda nemnda for å røre for lite på seg, og atter andre har på tvers av all logikk både harselert over at nemnda ikkje ville innsjå at ho var "död" og burde halde seg i ro, og samtidig kritisert henne for å vere for lite aktiv.

Men no er vi da endeleg komne dit at språknemnda kan avløysast av språkrådet. Skiftet blir vel ikkje så stort som nokre vonar og andre ottast. Den omstridde formålsparagrafen til nemnda, der tilnærming på norsk folkemåls grunn var sett som eit mål for arbeidet, er avløyst av ein ny formålsparagraf som i si endelege utforming ligg nær opp til den som språknemnda føreslo i si fråsegn om framlegget frå Vogt-komiteen. Den dekkjer no det hovudsynspunktet som nemnda heldt fram i si fråsegn, og som eg vil få lov å sitere:

"Problemstillinga er såleis ikkje om vi skal byggje vår framtidige språkutvikling og språknormering eine og aleine på folkemålet og sjå heilt bort frå skrifttradisjonen og skriftspråknormert talemål. Spørsmålet er heller om alle partar kan akseptere også folkemålet, dialektane, som ein del av det grunnlaget vi skal byggje norsk skriftmål på. Eit vilkår for eit realistisk språkfredsframlegg må vere at alle variantar av norsk talemål og skriftmål blir aksepterte som eit felles grunnlag for samarbeidet i språknemnd eller råd. – – –

Uttrykket på fritt grunnlag, som berre kan forståast i relasjon til debatten om den noverande formålsparagrafen, er i vårt framlegg til formålsparagraf bytt ut med på dette grunnlag. Med ei slik formulering blir det samanheng mellom dei oppgåvene som er nemnde i punkt 2. Samarbeidet i måldyrking og språknormering bør skje på grunnlag av alt norsk mål, som det derfor blir pålagt nemnda (rådet) å auke kunnskapen om, i fortid og notid." (Norsk språknemnd. Årsmelding 1966, s. 9.)

Som eg har gitt ord for i ein annan samanheng, er det "vel rett å sjå den nye formuleringa som eit avbalansert uttrykk for summen av divergerande synsmåtar og interesser i norsk språkplanlegging i dag. Og det er ei vinning at alle parti dermed har akseptert at det felles grunnlaget for norsk måldyrking og normering skal vere norsk talemål i bygd og by og norsk skriftmål i alle sine skiftingar" ("Mål og namn", Heidersskrift til Olav T. Beito, 1971, s. 104).

Også tilnærming mellom måla er no komme med som siktemål for arbeidet i rådet – rett nok som eit langsiktig mål. Men dette er ingen stor skilnad frå språknemnda. For når sant skal seiast ber også arbeidet i språknemnda preg av at tilnærminga har vore eit nokså langsiktig mål.

Også når det gjeld forholdet mellom fagnemnd og råd, er det teke omsyn til merknader frå språknemnda. Sameleis vart til slutt representasjonen frå universiteta auka slik språknemnda gjorde framlegg om. Og spørsmålet om medlemmer utan røysterett er utsett til språkrådet kan ta stilling til det, også det i samsvar med framlegg frå språknemnda.

Når eg har peikt på våre fråsegner om språkrådet, er det ikkje utfrå noko slags retthaveri eller kva-sa-vi-innstilling, men for å understreke at språknemnda – når det først var avgjort at nemnda skulle få avløysing, har kjent det som si plikt ut frå sine røynsler å gjere sitt til at retningslinene og organisasjonsforma til det nye organet vart så bra som mogleg og dermed arbeidsvilkåra så gode som mogleg.

Til slutt vil eg gjerne – no som i det attersynet eg gav ved 10-årsjubileet – få understreke at trass i dei meiningsbrytingar som det må vere i ei nemnd med representantar for vidt ulike målsyn, så har samarbeidet i nemnd og arbeidsutval i det store og heile vore godt. Og spesielt gjeld dette den siste 10-årsperioden. Enkeltståande episodar bør ikkje villeie nokon til å tru noko anna. Dei er atypiske tilfelle som er vanskelege å unngå i ei såpass stor nemnd som arbeider med såpass kontroversielle spørsmål.

Eg kan ikkje nekte for at eg stundom har tenkt på professor Ernst W. Selmers litt illevarslande framtidsvyar i 1949: "Mange stiller store forhåpninger til et norsk språkakademi som etter sigende skal opprettes. Jeg misunner ikke de stakkars språkmenn fra forskjellige leire som i embets medfør blir tvunget inn i det, og som i en årrekke fremover kommer til å bli fredløst pressevilt." (Aftenposten, kronikk 12.3.1949, s. 2.) Men når vi no ser tilbake på desse 20 åra, må vi vel seie at det helst har gått bra. Eg vonar Norsk språkråd etter 20 år kan sjå tilbake på eit like godt samarbeid. La dette vere ei takk til medlemmer av språknemnda – og ei påminning til medlemmer av språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.11.2004 | Oppdatert:15.01.2021