Norsk språknemnd

Norsk språknemnd vart skipa i 1952. Nemnda hadde til oppgåve på vitskapleg grunnlag å gje styresmaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn». Nemnda skulle gje rettleiing i rettskrivingsspørsmål, fremje einskap i terminologi, føre tilsyn med språket i lærebøker og syte for utgreiingar, språkkurs og anna opplysningarbeid til styresmaktene, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta. Norsk språknemnd hadde 30 medlemmer, 15 for kvar målform. Nemnda vart avløyst av Norsk språkråd i 1972.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter