Språknytt 3/2012

Språknytt er Språkrådets blad for alle språkinteresserte. God lesing!

Språknytt 3/2012I Språknytt nr. 3/2012 kan du blant anna lese desse sakene:

  • Stadig færre nordmenn studerer tysk, men interessa for språket veks blant studentane og i samfunnet elles.
  • Les om ei ny nordisk nettordbok for barn og ungdom som er ein nettressurs i grannespråksundervisninga i dei skandinaviske skolane.
  • Er norsk pensumlitteratur på veg ut av undervisninga ved norske lærestader?

Vidare kan du lese om bruken av smilefjes, terminologiarbeidet i privat sektor og korleis metaforar pregar fagspråk.

Smakebitar
Norsk pensumlitteratur på veg ut?
Norsk språk er under press frå engelsk. Det ser vi når utdanningsinstitusjonar i Noreg vel pensumlitteratur. Korleis er det med fordelinga av språk i pensum? Tel det positivt at utdanningsinstitusjonar har ein språkpolitikk?
Kvifor ikkje berre bruke engelsk?
Studentar i Noreg lyt tilpassa seg internasjonaliseringa av høgare utdanning. Engelsk vert brukt som lingua franca, og pensum og faguttrykk er ofte på engelsk. Men kvifor ikkje velja kredittskvis framfor credit crunch og hedgefond i staden for hedge fund når ein skriv om finanskrisa?
Verdas første vinnar av Nysgjerrigpers språkpris
I år har fleire enn 100 skuleklassar konkurrert om kven som har forska best i Årets Nysgjerrigper, som er ein årleg konkurranse Noregs forskingsråd utlyser for elevar i barneskulen. I konkurransen blir barna kjende med bruk av vitskapelege metodar når dei arbeider som forskarar.
Kolofon

Ansvarleg redaktør: Arnfinn Muruvik Vonen
Informasjonssjef: Svein Arne Orvik
Redaktørar: Erlend Lønnum og Åsta Norheim
Signerte artiklar frå eksterne skribentar står for forfattaren sitt syn.
Ettertrykk tillate når kjelda er oppgitt.
ISSN 0333-3825 (prenta utgåve)
Omslagsbilete: Ilja Hendel / Scanpix

Redaksjonen avslutta 24.8.2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2012 | Oppdatert:08.06.2015