Ordbøker – kva har vi, og kva kan vi bruke dei til?

AV ODDRUN GRØNVIK

I andre land har ein undersøkt korleis folk brukar ordbøker, og det har synt seg at bruken i ein viss mon er avhengig av språket. Er det tysk, slår folk opp for å kontrollera kasusbruk og kasusform. Engelske ordbokbrukarar er oftast ute etter definisjonar, særleg av ord med opphav i latin eller romanske språk.

Undersøkingar har også synt at dess meir røynsle brukarane har, dess meir opptekne er dei av ordhistorie (etymologi), fleirtydigheit (polysemi) og ordsamband (fraseologi). For desse er ordbøker ikkje berre kontrollreiskapar og problemløysarar, dei er også kjelder til kunnskap, med eigenverdi.

Det er ikkje gjort noka omfattande brukarundersøking som gjeld norske papirordbøker, men det er undersøkt korleis Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet blir brukte. Inntrykket var at svært mange oppslag galdt rettskriving. Derfor byrjar vi i den enden. 

Allment om ordbøker

Svært mange synest til å byrja med at ordbøker er tunge å bruka. Det er mange ulike opplysningar om kvart ord og lite plass til kvar opplysning. Ein må ofte lesa langsamt og nøyaktig for å finna nett det ein treng, og informasjonen kan vera så knapp at ein kjem i tvil om ein har forstått han rett.

Eit sams resultat frå ulike brukarundersøkingar er at brukaren gjerne vil ha mykje informasjon i ei lita og lettlesen bok. Helst skal ein finna akkurat det ein treng, ved første oppslag.

Redaktørar har på ymse vis prøvd å få dette til. Men inga ordbok har plass til alt! Det gjeld også dei store akademiske dokumentasjonsordbøkene. Redaktøren må alltid gjera eit utval, både av oppslagsord og opplysningstypar om kvart ord.

Skal ein spara på plassen, er det freistande å bruka kodar og forkortingar. Men teksten skal vera forståeleg for urøynde ordbokbrukarar også. Avveginga mellom mest mogleg stoff og open, lettlesen tekst følgjer alle ordbokprosjekt og finn si løysing etter det overordna målet for kvar ordbok – nemleg kva slags brukar ordboka er tenkt for.

Noreg er ikkje noko velutvikla ordbokland, og mange tenkjer vel at ei ordbok er ei ordbok er ei ordbok. Har ein først skaffa seg ei, bør ho halda livet ut! Men slik er det ikkje. Det finst mange slags ordbøker og ordlister, til ulike føremål, og med jamne mellomrom kjem behovet for fornying. Skal ein skaffa seg ei ordbok, løner det seg å kika på kva som finst, og tenkja gjennom eige behov.

Bruksrettleiing og anna hjelpestoff

Dei fleste ordbøker og ordlister gjer greie for ordutval og måten ordet er oppført på, i føreord og brukarrettleiingar. Dei kan vera knappe eller utførlege. Det finst ofte ei innføring i formatet på ordartikkelen, der ein får vita kva for opplysningskategoriar ordartikkelen har med, og kva rekkjefølgje dei er sette opp i. Skal ein få fullt utbytte av ei ordbok, gjer ein klokt i å lesa føreordet. Da veit ein kva det er vits i å leita etter. Det kan også vera tabellar (til dømes over mål og vekt eller kløyvd infinitiv i nynorsk), ein minigrammatikk eller nyttige artiklar om språkhistorie og rettskriving.

Ei anna sak er at svært få ordbokbrukarar les føreord eller brukarrettleiingar, om vi skal tru undersøkingane. Vi som har vore med på å skriva slikt, får trøysta oss med at forfattarane lærde mykje under prosessen!

Somme ordbøker, til dømes Nynorskordboka og Bokmålsordboka, er utstyrde med nøkkel, både til kodar og til formatet for ordartikkelen.

Kodane i Nynorskordboka og Bokmålsordboka står for regelrette bøyingsmønster i rettskrivinga. I Nynorskordboka står koden v1 for a-bøying av verb (kaste – kastar – kasta – kasta), i Bokmålsordboka for a- eller et-bøying (kaste – kaster – kasta – kasta eller kaste – kaster – kastet – kastet).

Kodane sparer mykje plass i desse ordbøkene. Men dei fortel også kva for bøyingsmønster som er regelrette, og derfor dominerande, og kva for bøyingsmønster som må lærast særskilt.

Nøkkelen til ordbokformatet (prenta på innsida av omslaget) er ei handsrekning til brukarar som ikkje orkar brukarrettleiingar. Eit utsnitt frå ordboka er utstyrt med piler som viser kva for opplysningstypar ordartiklane inneheld, kva rekkjefølgje dei kjem i, og gjev døme på korleis dei ulike opplysningane er sette opp, korleis definisjonar er uttrykte osb. Vonleg gjer lærarstanden seg nytte av dette utmerkte pedagogiske opplegget!

Generelt om norsk rettskriving

I Noreg er rettskrivinga ein del av offisiell språkpolitikk. Språkspørsmålet har vore politisk heilt sidan midten av 1800-talet. Dette har Noreg sams med svært mange andre land. For mindre språksamfunn er språket ei så viktig samfunnssak at styringa ikkje kan overlatast til private – til liks med vegstell, kommunikasjonssystem og annan infrastruktur som trengst i eit moderne samfunn.

For norsk offisiell rettskriving inneber dette at rettskrivinga

  1. blir fastsett av styresmaktene
  2. kan endrast og blir endra etter behov (1907, 1917, 1938, 1959, 1981, 2005 og innimellom)
  3. gjeld for skole og offentleg teneste
  4. fungerer rettleiande for privat sektor, særleg når det gjeld sakprosa

Dei siste femti åra har skrivemåten for både bokmål og nynorsk blitt meir stabil. Det er mykje mindre skilnad mellom tekstar frå 1956 og tekstar frå 2006 enn det er mellom tekstar frå 1906 og 1956. Samstundes har tekstmengda auka kraftig. Det gjer at mange no ønskjer seg ei stabil rettskriving. Dei vil helst sleppa hyppige omveltingar. Det var motivasjonen bak dei endringane i bokmålet som tok til å gjelda frå juli 2005.

I norsk rettskrivingsnormering har det lenge vore eit poeng å fremja det regelrette. Offentleg rettskriving skal, så langt det er fornuftig og i samsvar med allmenn språkkjensle, vera regelstyrt og føreseieleg, slik at den som kan reglane for rettskriving og bøying, kan gissa intelligent om ord ein ikkje har sett før. Men dette målet føreset at det ikkje kjem mange eller store endringar, for da fell poenget med å læra seg rettskrivingsreglane bort.

Enda om norsk har ei offisiell rettskriving for både bokmål og nynorsk, er det framleis stor valfridom – for stor for mange. Båe målformene har i praksis trongare normer innanfor den offisielle rettskrivinga. For nynorsk er det slik at mange vel å bruka hovudformene og ser bort frå dei såkalla klammeformene. På bokmålssida er skiljet mellom hovudformer og klammeformer oppheva, men det finst ei trongare, privat norm som er kjend som riksmål. Nemnet «riksmål» ser no ut til å høyra fortida til – i staden finst det eigne ordbøker og ordlister for moderat bokmål, altså det utvalet av bokmålsformer som ligg lengst frå nynorsk. Denne private norma er blitt noko endra dei siste åra. Endringane gjeld ofte einskildord og er ikkje gjorde med same tanke på konsekvens som i den offisielle rettskrivinga. Norma for moderat bokmål er dermed mindre styrt av reglar enn den offisielle bokmålsnorma, og derfor må ein slå opp i ordboka dess meir.

Kva har dette med ordbøker å gjera? To ting. For det første må ordbøker med offisiell rettskriving koma i nye utgåver nokså ofte, for å alltid ha med dei siste rettskrivingsendringane. Det er dyrt, både for ordbokprodusentar og ordbokbrukarar. For det andre krev ei rettskriving med stor valfridom stor plass i ordbøkene til informasjon om rettskriving. Både sideformer, alternative bøyingsmønster og tilvisingar frå sideformer til hovudformer må med. Denne plassen kunne elles ha vore nytta til meir informasjon om tyding og bruk. Det er ikkje dermed sagt at det er gale å setja valfridom i rettskrivinga så høgt som det er gjort for norsk. Men det har ein kostnad, og den må ein vera klar over.

Rettskrivingsendringar

Melding om rettskrivingsendringar kjem frå styresmaktene, først og fremst Kulturdepartementet og Språkrådet, som kunngjer sjølve vedtaka.

Dessutan kunngjer forlaga vedtaka. Dei er salsargument for nye utgåver av ordbøker og ordlister. Har det vore ei større rettskrivingsendring, er ho gjerne nemnd i reklamen, på omslaget og har eigen omtale inne i boka – med det tillegget at ordboka er heilt à jour.

Dersom rettskrivingsendringa gjeld ei ordgruppe, kjem detaljert opplysning om kvart ord berre i ordartikkelen inne i sjølve ordboka. Dei ordbøkene som har som oppgåve å kunngjera den offisielle rettskrivinga på detaljnivå, er i røynda dei som set rettskrivingsendringa i verk. Frå brukarsynsstad er det vel slik at inntil ordboka med dei siste rettskrivingsvedtaka kjem, må det vera lov å gjera feil. Men når ordboka først er ute, er grunnlaget for å gjera feil på grunn av uvisse om regeltolking fjerna.

Rettskriving i ordbøker og ordlister

Dei fleste er klar over at rettskrivingsopplysningar skal dekkja både skrivemåten av oppslagsordet og eventuelle bøygde former. Det mange ikkje tenkjer på, er at eit ord ikkje er ferdig normert før det er ordbokført. Dersom ein treng eit ord som ikkje står i ordbøkene, kan ein ofte resonnera seg fram til kva skrivemåten må vera. Det gjeld til dømes den endelause straumen av nye samansetningar i norsk. Skal det til dømes vera samansetningsfuge eller ikkje fuge, og i så fall kva slag? Ein slår opp på samansetningar som alt er normerte, og overfører skrivemåten frå dei til den nye samansetninga. Dersom ordlista syner at førsteleddet kan ha fleire typar fuger, må ein bruka skjøn. Eit ord er ikkje eksplisitt normert før det har fått ein eigen ordartikkel i ei rettskrivingsordbok.

Talet på oppslagsord i ei ordbok er eit (unøyaktig) mål på mengda av informasjon om normering. Dersom språket har stor evne til å laga ord, bør brukaren ha ordbøker med mange oppslagsord. Bokmålsordboka har no om lag 65 000 oppslagsord, Nynorskordboka meir enn 90 000. Skoleordlister og mindre ordbøker har til vanleg frå 15 000 til om lag 35 000 oppslagsord, meir er det ikkje plass til i ei bok som ikkje skal vera større enn ei vanleg lærebok. For bokmål er det Tanums store rettskrivningsordbok som har det mest omfattande tilbodet, med meir enn 300 000 ord. Svært mange av orda er samansetningar, der berre etterledda står utan opplysningar om bøying, men dei utgjer likevel ein fasit for korleis desse orda skal skrivast i bokmål. Noko tilsvarande finst enno ikkje for nynorsk.

Ordidentifisering og plassnaud

Eit anna mål på normeringsinformasjon er opplysningsmengda per ord. Både bøyingsmønster, ordklasse og ordhistorie (etymologi) er med på å avgjera om ei ordform er eit sjølvstendig ord eller ei tyding under eit overordna oppslagsord. Ei ordliste kan syna skiljet mellom til dømes kolle -a og kolle -n. Men Nynorskordboka og Bokmålsordboka fører opp to substantiv kolle -a med ulikt opphav og ulik tyding (1 = hodyr utan horn, 2 = kjerald utan handtak). Dette kjem ikkje fram i ei ordliste som berre gir opplysningar om former. Eit slikt problem treng ikkje bli synleg, for dei minste ordbøkene eller ordlistene har kanskje ikkje alle orda med. Men dette er eit døme på at også knappe ordlister treng å gå utanom basiskategoriane og ta med informasjon om tyding, moglege samansetningar eller ordhistorie for å skilja likeskrivne ord (homografar). I nett dette tilfellet har fleire ordlister slik tilleggsinformasjon.

Papirordbøker treng altså å spara plass. Det er fast skikk at ordlister og ordbøker skjer ned på informasjonen om bøying av samansetningar. Somme nemner berre sjølve ordforma, og overlet til brukaren å finna ut om til dømes formpresse er eit substantiv eller eit verb, eller om klesskap har eitt eller to kjønn. Ein morsmålsbrukar er ikkje i tvil om dette i noko fall, men opplysninga står altså ikkje eksplisitt.

Det er også fast skikk at opplysningar om former blir gjevne i kode eller avstyttingar. Berre ei skoleordliste ville fullskriva til dømes pen adj, pent, pene. I Nynorskordboka og Bokmålsordboka står det pen a1, i ei anna ordbok kan det stå til dømes pen -t, -e eller pen adj. Alle dei avstytte oppføringsmåtane føreset at brukaren kjenner konvensjonane og kjenner systemet i språket.

Eitt ord – fleire oppslagsformer

Der oppslagsordet har fleire skrivemåtar, skal båe stå som eige oppslagsord. Men for å spara plass står informasjonen om til dømes skole el. skule berre etter den eine forma. Den andre forma får tilvisingsartikkel. Ein tilvisingsartikkel inneheld ein peikar frå eit oppslagsord til eit anna, og er såleis ein omveg til målet for brukaren. Slår ein opp på skule i Nynorskordboka, må ein slå opp igjen for å finna skole.

Grunnord med alternative former er ofte viktige ord som er førsteledd i mange samansetningar. Da er det òg gjerne slik at ein del av samansetningane oftast har den eine forma som førsteledd, medan den andre dominerer i andre samansetningar. Rettskrivinga godtek likevel båe førsteledda for alle samansetningar. Men det finst unntak. Eit døme er skott- el. skudd- på bokmål. Somme samansetningar skal berre skrivast med skott-, medan dei fleste kan skrivast med både skudd- og skott-. Informasjonen om dette blir handtert ulikt i til dømes Tanums store rettskrivningsordbok (same informasjon om samansetningar med valfridom står under båe førsteledd), Bokmålsordboka (alle ord med valfritt førsteledd står samla under skudd-, men har fullt tilvisingssystem til dei andre formene) og Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner (nokre ord med skott- står som eigne oppslag, men utan opplysning om samanhengen med skudd-, resten står samla under skudd-). I det siste tilfellet får ein altså ikkje vita at skott og skudd har same opphav, og at dei er sidestilte i rettskrivinga.

Idealordboka skal frå brukarsynsstad ha både ordklasse og fullskrivne bøyingsformer for alle oppslagsord – eventuelt fleire sett, om det er fleire godtekne bøyingsmønster. Dessutan skulle alt det andre ein treng å vita, til dømes om opphav, tyding og bruk, vera lett tilgjengeleg.

Alt dette er mogleg i ei elektronisk ordbok. Ordbøker er som skapte til å lagrast i databasar. Elektroniske ordbøker har ingen plassgrenser, og ein kan søkja mykje meir spesifikt enn når ein blar i ei papirordbok. Nettversjonane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka har den same informasjonen som papirutgåvene, men gir betre høve til søking, i og med at ein kan søkja etter bøygde former og gjera fritekstsøk i heile ordboka. Men ei elektronisk norsk ordbok som utnyttar databaseformatet til fulle, er enno ikkje tilgjengeleg.

Artikkelen held fram i neste nummer av Språknytt.

 

-- Oddrun Grønvik er forskar ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.02.2007 | Oppdatert:11.06.2015