Helseføretaka og mållova – praktiske konsekvensar

1 Helseføretaka som regionale statsorgan etter mållova

I utgangspunktet er både dei regionale helseføretaka (RHF) og dei utøvande helseføretaka (HF) å sjå på som regionale statsorgan etter forskrifta til mållova, jf. forskrift om målbruk i offentleg teneste av 5. desember 1980. [1] Eit regionalt statsorgan er definert som statsorgan som femner om meir enn ein kommune, men likevel ikkje heile landet, jf. forskrifta § 3. Forskrifta § 5 andre ledd har reglar om tenestemål for regionale statsorgan. Det heiter at dette skal samsvara med fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen. 

Etter § 7 andre ledd i lov om målbruk i offentleg teneste er fleirtalsmålforma den målforma som flest kommunar har kravt, jf. oversynet over målvedtak i kommunar og fylkeskommunar under sentrale forskrifter i Lovdata – http://www.lovdata.no/for/sf/kk/kk-20020402-0340.html. Dersom meir enn halvparten av kommunane er språkleg nøytrale, er det inga fleirtalsmålform, og vedkomande statsorgan har da ikkje noko bestemt tenestemål. Det same er tilfelle dersom det er like mange bokmåls- som nynorskkommunar. 

2 Døme på helseføretak med og utan tenestemål 

Dersom vi tek Helse Nordmøre og Romsdal (HF) som døme og legg til grunn at dette er eit regionalt statsorgan som omfattar alle kommunane på Nordmøre og i Romsdal, blir utfallet som følgjer: Av i alt 21 kommunar er 12 nøytrale, 7 har vedteke nynorsk og 2 bokmål. Det inneber at meir enn halvparten av kommunane er språklege nøytrale, og dermed skal ikkje dette helseføretaket ha noko tenestemål, verken bokmål eller nynorsk. 

Annleis blir det med Helse Sunnmøre (HF). Dette føretaket får nynorsk som tenestemål. Vi legg da til grunn at dette femner om alle kommunane på Sunnmøre, i alt 17. Av desse har 16 kravt nynorsk, mens ein er nøytral (Ålesund). 

Kva inneber så dette i praksis?

I § 5 i forskrifta til mållova heiter det at eit regionalt statsorgan i skriv til lokale statsorgan skal nytta tenestemålet til det lokale statsorganet. [2] I skriv til alle andre statsorgan skal det regionale statsorganet nytta sitt eige tenestemål. 

Av dette følgjer at Helseføretak Sunnmøre (HF) alltid skal nytta nynorsk i skriv til andre statlege organ, bortsett frå når dei eventuelt vender seg til eit lokalt statsorgan i ein bokmålskommune. 

Helseføretak Nordmøre og Romsdal (HF) har ikkje eige tenestemål og kan i skriv til andre statlege organ bruka den målforma dei sjølv ønskjer, bortsett frå når dei vender seg til eit lokalt statsorgan med tenestemål.  

Dette gjeld altså skriving av brev og annan skriftleg kommunikasjon med eit anna statsorgan som adressat. For utoverretta skriftleg materiale utan nokon bestemt enkeltadressat, slikt som rundskriv, kunngjeringar, brosjyrar, anna informasjonstilfang m.v., gjeld liknande reglar. Også her skal helseføretaket retta seg etter fleirtalsmålforma i det området føretaket omfattar (i mållova kalla tenestekrinsen). 

Det betyr at Helse Sunnmøre alltid skal nytta nynorsk også i slikt tilfang. For Helse Nordmøre og Romsdal, som altså dekkjer eit område utan fleirtalsmålform, gjeld derimot regelen om at det skal vekslast mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei, jf. mållova § 8 andre ledd. Til dømes skal stillingsutlysingar o.l. kunngjeringar frå Helse Nordmøre og Romsdal nokon gonger vera på nynorsk, andre gonger på bokmål. 

Mellom det skriftlege tilfanget som kjem inn under desse reglane, må ein òg rekna slikt som sakspapir, referat o.l. frå styremøte, føretaksmøte o.l. Reint intern språkbruk i helseføretaka vil derimot ikkje vera regulert i mållova. I interne notat o.l. vil såleis den enkelte tilsette i utgangspunktet stå fritt til å bruka den målforma vedkomande sjølv måtte ønskja. 

3 Omgrepet administrasjonsmål

I ordskiftet etter iverksetjinga av sjukehusreforma framgår det at styret i enkelte helseføretak har gjort vedtak om det som er kalla administrasjonsmål for helseføretaket. Kva for språkbrukssituasjonar dette er meint å regulera, er uklart. Som det framgår ovanfor, går det klare grenser for i kva grad eit helseføretak som regionalt statsorgan sjølv kan avgjera kva for målform som skal nyttast i den utoverretta administrasjonen av føretaket og verksemda. Det bør no klargjerast kva følgjer mållova har for språkbruken i dei enkelte helseføretaka. Innanfor dei rammene mållova set, er det knapt behov for individuelle vedtak om målbruk. 

4 Prinsippet bak reglane om målbruk i brevskifte mellom statsorgan

Prinsippet som reglane i mållova byggjer på, er enkelt: 

Det er tenestemålet til det lokale statsorganet som avgjer kva målform eit regionalt og eit sentralt statsorgan skal nytta i korrespondanse med vedkomande lokale statsorgan. Tilsvarande er det tenestemålet til det regionale statsorganet som avgjer kva målform eit sentralt statsorgan skal nytta i høve til vedkomande regionale organ. Dersom det lokale statsorganet ikkje har tenestemål, skal det regionale organet nytta sitt eige tenestemål. Har ikkje det regionale organet eige tenestemål, står det fritt. Sentrale statsorgan har aldri eige tenestemål. 

For helseføretaka bør ein elles merka seg følgjande: Eit overordna regionalt statsorgan skal bruka sitt eige tenestemål i korrespondanse med eit underordna regionalt statsorgan jamvel om det underordna organet skulle ha anna tenestemål. Har ikkje det overordna regionale organet eige tenestemål, står det fritt. 

5 Målform i korrespondanse helseføretaka imellom og med Helsedepartementet

a) Reglane som det er gjort greie for ovanfor, inneber følgjande for dei fem regionale helseføretaka med omsyn til tenestemål:

Helse Nord – bokmål
Helse Sør – bokmål
Helse Aust – bokmål
Helse Vest – nynorsk
Helse Midt-Noreg – nøytralt (har ikkje tenestemål) 

Dette betyr mellom anna: I alle korrespondanse mellom Helsedepartementet og Helse Midt-Noreg står begge partar fritt til å bruka den målforma dei ønskjer. 

All korrespondanse mellom Helsedepartementet og Helse Nord, Sør og Aust skal derimot gå føre seg på bokmål. 

Tilsvarande skal all korrespondanse mellom Helsedepartementet og Helse Vest gå føre seg på nynorsk. Helsedepartementet skal òg bruka nynorsk i svar på brev frå Helse Vest, jamvel om Helse Vest ved ein feil skulle ha kome i skade for å nytta bokmål. 

b) Med utgangspunkt i dei utøvande helseføretaka (HF) inneber reglane om tenestemål følgjande:

Under Helse Aust (RHF) vil etter det vi kan sjå alle dei utøvande helseføretaka (HF) ha bokmål som tenestemål. Det betyr at all korresponadanse mellom Helse Aust (RHF) og dei enkelte HF-helseføretaka i regionen skal skje på bokmål.

Under Helse Nord (RHF) vil til dømes Helse Nord-Troms (HF) vera nøytralt (fire av sju kommunar i Nord-Troms er nøytrale) og begge partar vil stå fritt til å bruka den målforma dei ønskjer i korrespondanse seg imellom. 

Under Helse Sør (RHF) vil Aust-Agder sjukehus (HF) og Sjukehuset Telemark (HF) vera nøytrale, og når Helse Sør korresponderer med desse, vil altså partane stå fritt. Vest-Agder sjukehus (HF), Sjukehuset Buskerud (HF) og Sjukehuset i Vestfold (HF)  har alle bokmål som tenestemål. 

Under Helse Midt-Noreg (RHF) synest alle dei utøvande helseføretaka unnateke Helse Sunnmøre (HF) å vera nøytrale, og etter reglane er det da berre Helse Sunnmøre som er bunde til å bruka ei bestemt målform i eigen korrespondanse med Helse Midt-Noreg (RHF). Alle dei andre står fritt i korrespondanse seg imellom og med Helse Sunnmøre. 

Under Helse Vest (RHF) er Helse Stavanger (HF) nøytralt. Elles vil nynorsk vera tenestemålet for dei andre utøvande helseføretaka i denne regionen. 

6 Namn på helseføretaka

Etter §§ 10 og 11 i helseføretakslova skal vedtektene for regionale helseføretak (RHF) respektive helseføretak (HF) mellom anna opplyse om namnet på føretaket. Etter firmalova § 2-2 skal firma for regionalt helseforetak innehalda orda regionalt helseføretak eller forkortinga RHF, og firma for helseføretak skal innehalda ordet helseføretak eller HF. Begge føretaka er registreringspliktige etter lov om registrering av føretak § 2-1 nr. 10. 

For føretak m.v. som kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste, må ein ved namnesetjinga også ta omsyn til føresegna i § 4 i forskrifta til lova om at namnet på eit statsorgan skal ha både ei bokmåls- og ei nynorskform dersom det ikkje høver med den same namneforma i begge målformer. Kultur- og kyrkjedepartementet har i samråd med Norsk språkråd ansvar for å sjå til at namneformene følgjer gjeldande rettskriving (læreboknormalen). Dette inneber følgjande: 

Dersom ein ønskjer å bruka forma ”sykehus” som del av namnet, må helseføretaket, likeins eit bestemt sjukehus som ikkje er eige helseføretak, i tillegg ha eit nynorsknamn med forma sjukehus. Dette gjeld alle statlege organ og føretak som kjem inn under mållova, uavhengig av om dei er regionale eller sentrale statsorgan, og uavhengig av om vedkomande regionale organ har tenestemål eller ikkje. Vi gjer merksam på at forma sjukehus kan brukast både på bokmål og nynorsk, og ved eventuelt å nytta denne forma også som bokmålsform kan ein unngå dobbeltnamn, om det er det ein ønskjer. 

Korleis dei alternative namneformene skal brukast er eit litt anna spørsmål. Her er det sjølvsagt slik at nynorsknamnet alltid skal brukast når den tekstsamanhengen det inngår i, er på nynorsk. Tilsvarande skal bokmålsforma nyttast når konteksten er bokmål. Når namnet opptrer utanom ein slik kontekst, står ein friare. Dette vil til dømes gjelda namneskilt på bygningar o.l. Det er ikkje slik at ein her må bruka dobbeltnamn. For føretak og sjukehus med tenestemål er det dette som skal brukast også på namneskilt o.l. 

Av dei fem regionale helseføretaka er det eitt som har Noreg som del av namnet, og dette må difor ha alternative namneformer på bokmål og nynorsk, dvs. Helse Midt-Norge RHF på bokmål og Helse Midt-Noreg RHF på nynorsk. Dessutan vil Helse Øst (RHF) ha namneforma Helse Aust (RHF) på nynorsk. 

7 Andre språkbrukssituasjonar

Alle helseføretak og statlege sjukehus etter mållova § 6 første ledd skal svara på brev og førespurnader frå enkeltpersonar og andre private rettssubjekt i den målforma vedkomande sjølv nyttar. Likeins skal dei i korrespondanse med kommunar og fylkeskommunar følgja dei kommunale og fylkeskommunale målvedtaka som det er vist til ovanfor, jf. mållova § 6 andre ledd, jf. http://www.lovdata.no/for/sf/kk/kk-20020402-0340.html. Elles må helseføretak utan eige tenestemål hugsa på at dei over tid må veksla noko mellom målformene i samband med kunngjeringar av ulike slag og i anna utoverretta informasjonstilfang.

Notar

[1] Det kan tenkjast unntak, til dømes for Rikshospitalet HF og Det norske Radiumhospital (HF). Det kan henda at desse bør sjåast på som sentrale statsorgan, men det vil i så fall ha lite å seia i praksis og blir ikkje vidare problematisert her.

[2] Eit lokalt statsorgan er statsorgan som femner om ein og berre éin kommune. Tenestemålet for statsorganet er nynorsk dersom kommunestyret i vedkomande kommune har gjort vedtak om nynorsk etter mållova § 5, og bokmål dersom kommunestyret har vedteke bokmål.  Dersom kommune ikkje har gjort noko vedtak, eller har vedteke å vera språkleg nøytral, da har heller ikkje det statsorganet som femner om vedkomande kommune noko tenestemål.

 

Oppdatert 03.01.06

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter