Ny og enklare målbruksrapportering for 2020

Kvart år skal sentrale statsorgan og departement rapportere til Språkrådet om bruken av og fordelinga mellom bokmål og nynorsk i organet.

Saman med Nasjonalbiblioteket har Språkrådet no laga eit nytt verktøy som skal gjere det enklare for statsorgana å rapportere om målbruken sin. Det digitale verktøyet har fått namnet Målfrid.

Frå årsskiftet er det Målfrid som sjekkar målvekslinga på nettsidene til dei sentrale statsorgana og i stortingsdokumenta til departementa. Før jul fekk alle departementa og dei sentrale statsorgana eit informasjonsskriv om dei nye rutinane.

For dei kategoriane som Målfrid ikkje haustar inn automatisk, bed vi framleis om eigenrapportering. Alle har fått eit Questback-skjema som Språkrådet bed om svar på innan 31. januar 2021.

Excel-skjemaet frå tidlegare år skal ikkje brukast meir.

Språkrådet set saman tala frå Målfrid med resultata frå eigenrapporteringa i Questback. I løpet av våren 2021 får både departement og sentrale statsorgan ei tilbakemelding om målbruken for 2020.

 

Sist oppdatert 13. januar 2021

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter