Slik kan du klage – nynorsk

Døme på klagebrev når du har fått eksamensoppgåva på feil målform.

Du kan klage når du ikkje får eksamensoppgåva di på ønskt målform på statlege høgskular og universitet. Her finn du døme på ein ferdig formulert klage. Du kan kopiere teksten inn i ein e-post og sende klagen til lærestaden med kopi til Språkrådet (post@sprakradet.no).


Eg, [namn], klagar med dette på at eg ikkje fekk eksamensoppgåva mi på nynorsk trass i at eg har meldt meg opp til eksamen med nynorsk som ønskt målform.

Eksamensdato: [skriv inn]
Eksamenskode: [skriv inn]
Institutt/avdeling: [skriv inn]

I eksamensforskriftene til mållova står det i § 2:

«Som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggje føre i begge målformer. Eksamenskandidatar kan få oppgåvene på bokmål eller nynorsk etter ønske. Lærestadene kan skaffe seg oversikt over målønska til kandidatane, t.d. ved bindande val av målform ved oppmelding til eksamen.»

Eg vil ha ei grunngjeving for kvifor eg ikkje fekk oppgåva på den målforma eg har ønskt.  

Språkrådet har tilsyn med mållova og får kopi av e-posten min.

Eg ber om at Språkrådet får kopi av svaret dykkar.

Vennleg helsing
[NN]

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter