Skjema, § 8
Du har rett til å få skjema frå staten på di eiga målform.
I mållova § 8 fjerde ledd er det fastsett: «Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.»
At skjema skal vere like tilgjengeleg på begge målformer, vil seie at det skal vere like lett å få tak i nynorsk- og bokmålsskjema. Ligg eit skjema framme på bokmål, skal det også liggje framme på nynorsk.
Dersom eit statsorgan legg eit skjema ut på nettsidene, skal skjemaet leggjast ut både på nynorsk og på bokmål.
Dersom du ikkje får skjema på di eiga målform, kan du klage til Språkrådet.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.