Eksamensoppgåver, forskriftene § 7

Eksamenskandidatar kan få oppgåvene på bokmål eller nynorsk etter ønske.

I forskriftene om målform i eksamensoppgåver § 2 er det fastsett:

«Som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggje føre i begge målformer.

Lærestadene kan skaffe seg oversikt over målønska til kandidatane, t.d. ved bindande val av målform ved oppmelding til eksamen.»

Når særlege grunnar talar for det, kan lærestaden gjere heilt eller delvis unntak frå denne regelen. Studentar som dette vedkjem, kan klage på slikt vedtak til departementet.

Dersom lærestaden gjer unntak frå hovudregelen, skal det vedtakast seinast tre månader før eksamen. Eksamenskandidatane kan klage på vedtaket om unntak frå forkriftene.

Dersom lærestaden ikkje held seg til føresegnene i forskrifta, kan du klage til Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter